Til fylkestinget 19. og 20. april stiller Sp følgende interpellasjon.
Møre og Romsdal er fylket i landet med nest lågast del statlege arbeidsplassar. Det er store skilnader i fylket. Særleg er Nordmøre og Indre/Søre Sunnmøre lite tilgodesett.
I samband med innføring av produksjonsavgift på oppdrettsfisk er det behov for noko auka ressursar til Skatteetaten og Fiskeridirektoratet, og det har også komme forslag om å opprette eit nytt kontrollorgan for å følgje opp registreringa frå selskapa og sørge for forvaltning og utdeling av pengane frå Havbruksfondet. Nettverk for fjord- og kystkommunar foreslår at eit slikt organ blir lokalisert i distriktet, helst i ein typisk kystkommune med nærleik til næringa, og gjerne til ein kommune som har mista sitt lokale skattekontor.
Smøla kommune bør vere eit særleg godt alternativ for etablering av eit slikt forvaltnings- og kontrollkontor for produksjonsavgift på fisk. Smøla er ein distriktskommune som treng nye arbeidsplassar på land for å oppretthalde busettinga, og det trengst arbeidsplassar som kan bidra til å oppretthalde eit meir likt kjønnsmønster. Smøla kommune ligg sentralt til i forhold til oppdrettsnæringa og er sjølv ein stor oppdrettskommune. Slaktefisken på Smøla har ein verdi på 4,3 mrd. Innbyggartalet i Smøla kommune er 2150, og over 300 av desse er direkte sysselsett i oppdrettsnæringa, for det meste på sjøsida. Sjølv om eit slikt kontroll- og forvaltningsorgan ikkje vil bety mange arbeidsplassar, vil det likevel vere av stor verdi i ein liten distriktskommune som Smøla. Smøla kommune kan tilby kontorplassar og arbeidsfellesskap med andre service- og forvaltningsfunksjonar.
Både Demografiutvalget og regjeringa har teke til orde for utflytting av statlege arbeidsplassar til distrikta, og distriktsminister Helleland seier i eit intervju at «koronaapandemien nå har vist hele samfunnet at mange statlige jobber kan utføres uansett hvor du bor i landet. Derfor signaliserer regjeringen nå at vi skal jobbe for at statlige arbeidstakere skal kunne både jobbe hjemmefra, og ha tilgang til arbeidsfellesskap utenfor storbyene.»
Kan fylkesordføraren ta initiativ til, i lag med Smøla kommune, å fremme Smøla kommune som lokalitet for etablering av statlege arbeidsplassar knytt til kontroll og forvaltning av produksjonsavgift på fisk?
Kristi Sørheim (Sp)