Annonse
Annonse
Kristin Sørheim
Ytring
29 mars 2020 22:41
Del på Facebook
Kristin Sørheim, gruppeleder Møre og Romsdal Senterparti. Foto: Sp
Kristin Sørheim, gruppeleder Møre og Romsdal Senterparti. Foto: Sp
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Svar fra Kristin Sørheim til Frank Sve sitt innlegg «Fylket med «omvendt» krisehåndtering» publisert 28. mars. 

Som Sve veit svært godt (dersom han mellom alle utblåsingane tek seg tid til å setje seg inn i sakene) – så er denne saka med oppbygging av Campus Kristiansund og fordeling av fylkeskommunale arbeidsplassar forankra gjennom tidlegare vedtak. Ingen tilsette skal tvangsflyttast. Det er snakk om eksisterande arbeidsplassar i Kristiansund og nokre nye. Det er berre trist at Sve henger seg på ordføraren i Molde sitt forsøk på å stoppe denne viktige satsinga.

Så går det an å slutte med å lyge om overskottet til fylkeskommunen og late som det er 313,5 millionar kroner som kan brukast til å reversere alle innsparingane som fylkestinget vedtok i desember. Når rekneskapen no vert gjort opp, er det 75,5 mill. kroner som vert sett av til disposisjonsfond. Da har verksemdene fått overført 107,5 mill. kroner frå overskottet i fjor til bruk i 2020. Av desse har vidaregåande skular fått 56 mill. kroner. Fleirtalet har sagt at vi skal sette ned takstane med minst ein sone frå 1.juli. Men som vi også har sagt, ventar vi no på handtering frå regjeringa og Stortinget av revidert statsbudsjett, ferjefinansiering og takstsystem, og vil vurdere dette når saka kjem til fylkestinget.

Eg vil minne Sve om fråsegna frå Kontrollutvalet til rekneskapen. Frp sitt medlem der har slutta seg til dette, men det heftar vel ikkje for Sve:

«Fylkeskommunen sin økonomiske situasjon er ikkje friskmeld.. Trass i eit i utgangspunktet godt resultat, er resultatet når kapitalslitet blir tatt omsyn til, er det reelle overskotet i 2019 ca 138,6 mill. kroner (mot underskot på 29,1 mill i 2018) - Dei siste 5 åra utgjer reelt netto driftsresultat 0,4 %. Dette tilfredsstiller ikkje TBU sine krav for å kunne halde i hevd fylkeskommunen sin formue (bygningsmasse, vegar, tunellar) - Kapitalutgiftene som del av driftsinntektene og dei frie inntektene er aukande, trass i lavt rentenivå Dette er ein klar indikasjon på at drifts- og investeringsnivået fortsatt er for høgt. Dette er også dokumentert gjennom kontrollutvalet sin eigen analyse «Vurdering av fylkeskommunen sin økonomiske bærekraft» i 2018. Størrelsen på disposisjonsfondet Disposisjonsfondet skal vere ein «buffer» mot finansiell og operasjonell risiko. Den reelle størrelsen på disposisjonsfondet er no 12,5 % når ein tar omsyn til årets mindreforbruk og til midlar som allereie er disponert (ikkje rekneskapsførte forpliktingar) Det er særs viktig at størrelsen er på dette nivået for å kunne vere ein tilstrekkelig «buffer» mot uønska økonomiske hendingar.»

Artikkelen fortsetter under annonsen

Vi har ikkje hatt så godt samsvar mellom tilbod og søkjartal i vidaregåande skule på mange år som no, og med den nedgangen i elevtal vi har, er det nødvendig å kutte nokre tilbod. Fleirtalet har sikra eit breitt og godt tilbod, også gjennom vedtak om å opprette ekstraklassar der søkinga er stor. Så får vi vurdere om fagtilboda skal innrettast litt annleis til hausten. Når Frank Sve viser til protestar frå ulike organisasjonar og meiner vi skal styre etter det, vil eg påpeike at det ser ut som fleire av desse har vorte forleda til å tru at det er eit gedigent overskott som berre kan brukast opp, utan å vurdere økonomi og tenestetilbod i eit lengre perspektiv. Det er sjølvsagt feil, og enda meir feil i desse krisetidene.

Som Frank Sve også veit, og som fylkesordføraren gjorde greie for, blir det jobba med konkrete krisetiltak både frå fylkeskommunen og som innspel til staten. Som nok vil vere meir målretta enn hans forslag i fylkesutvalet. Senterpartiet har for sin del kommunisert mange tiltak inn til våre stortingspolitikarar, og vi jobbar med fylkeskommunale tiltak. Mellom anna løysingar på ferjetakstar som Sve og FrP ser ut til å motarbeide med nebb og klør. FrP har i åra i regjering stått for den mest omfattande sentraliseringspolitikken vi har hatt i dette landet.

Det ser ut som det viktigaste for Frank Sve er å skjelle ut andre politikarar og framheve seg sjølv, difor er eg glad for at det ikkje er Frank Sve og FrP som leiar fylkeskommunen i ei krisetid.

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
Annonse

Hva skjer

Under finner du en oversikt over arrangement i Kristiansundsregionen.

Foreslå arrangement

Vis kalender

Innlogging

Tidligere meningsinnlegg

Siste kommentarer

Alf Helge Fevaag 30 minutter siden Fergefri E39 – er oppgaven forstått?
@Terje SundsbøFlertallet her vil vel si at det er DU som må ta deg sammen...! ;)Les tidligere kommentarer nå Sundsbø. :)
Alf Helge Fevaag 33 minutter siden Fergefri E39 – er oppgaven forstått?
@Rolf Erik PedersenMitt forslag er heller vrangforestillinger få grunn av at de lever i sin egen "alternative virkelighet"... :)
Rolf Erik Pedersen 46 minutter siden Fergefri E39 – er oppgaven forstått?
@Alf Helge FevaagDet er nok slik det ser ut.Agendaen er lett synlig, Argumentene deres holder ihvertfall ikke i det hele tatt. Triksing med tall, ...
Terje Sundsbø 47 minutter siden Fergefri E39 – er oppgaven forstått?
@Alf Helge FevaagJa, Fevaag, gjør det du.
Rolf Erik Pedersen 51 minutter siden Fergefri E39 – er oppgaven forstått?
@Terje SundsbøHar Riksantikvaren bestemme dette alene?Har en vis følelse at Stortinget står litt over Riksantikvaren?Det samme gjelder vel for Kystverket også!Tror ...
Alf Helge Fevaag 53 minutter siden Fergefri E39 – er oppgaven forstått?
@Rolf Erik PedersenDet er vel heller at han tror at alle som skal krysse Romsdalsfjorden må innom rådhusplassen på Molde først... :DD
Annonse

Hva skjer

Under finner du en oversikt over arrangement i Kristiansundsregionen.

Foreslå arrangement

Vis kalender

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse

Våre utvalgte