fbpx
Annonse
Annonse
Lars Valderhaug, Tustna
Ytring
17 september 2021 15:48
Illustrasjon: Rambøll
Illustrasjon: Rambøll
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.

Berit Frey, vi er mange som set stor pris på at du går inn for ei redeleg utgreiing av Romsdalsaksen, som mange andre i Senterpartiet på Nordmøre. Men det er trist at det delte Senterpartiet i denne saka har gått inn for Møreaksen.

Eg viser til fylgjande referat frå Tidens Krav den 15.09.21 som respons på det svært gode valresultatet for Senterpartiet i Kristiansund:

Helsepolitikken er en del av forklaringen. Ikke bare fødesaken, men også helseforetaksloven. Så har vi også striden om Møreaksen/Romsdalsaksen der vi i Kristiansund Sp har gått inn for å få utredet Romsdalsaksen, og jeg tror også det er en del av forklaringen på dette valgresultatet, sier varaordfører Berit Frey.

Spørsmålet blir no: Hadde veljarane grunn til å stole på at uttalane til Senterpartiet i Kristiansund i aksesaka var noko meir enn ynskjetenking? Har Senterpartiet i Kristiansund ei realistisk forventning om å få Senterpartiet til å gå inn for at Romsdalsaksen skal få ei redeleg utgreiing, særleg i lys av det jukset som journalist Arild Myhre i Tidens Krav har avslørt? Eller har Senterpartiet i Kristiansund lurt sine veljarar ved å framsnakke offentleg noko de visste berre var ynskjetenking?

Du må være logget inn for å kommentere.


Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.
  • Denne kommentaren er avpublisert.
    Lama Vik · 1 måneder siden
    Senterpartiet heier på distrikta. Møreaksen samlar heile 3 ferjeavløysingsprosjekt! Difor støttar sjølvsagt SP denne løysinga heilhjerta.

    Avløysingsmidlane går rett inn i finansieringa , og slik blir alle vinnarar: storsamfunnet på den eine sida og brukarane på den andre.
    • Denne kommentaren er avpublisert.
      Lars Svein Valderhaug · 1 måneder siden
      @Lama Vik Irrelevant svar. Minner om at nordmøringane i stort fleirtal går inn for Romsdalsaksen, også Sp i Kristiansund. Møreaksentilhengjarane i fylket er i klart mindretal. Med Møreaksen blir dei fleste taparar. 
    • Denne kommentaren er avpublisert.
      Lama Vik · 1 måneder siden
      @Lars Svein Valderhaug Romsdalsaksen/ Nordmørsaksen forstår ikkje prinsippet med at ferjeavløysingsmidlane skal finansiere fastsamband. Der sviktar Romsdalsaksen totalt. Både på å rekne på kost/ nytte, men også å sjå på traffikkgrunnlaget. Senterpartiet har skjønt dette. Faktisk var er ferjeavløysingsmiddelsprinnsippet unnfanga i senterpartiet.

      Lars. Om vi går litt tilbake i tid, og ser på dei fastsambanda som er etablert i fylket vårt. På Nordmøre er døma mange på nedlagte ferjesamband, erstatta av fast veg. Krifast erstatta tre ferjesamband for 30 år sidan. Nordmøre har i tillegg fleire samferdselsprosjekt gjennomført. Skilnaden er at traffikkgrunnlaget på Møreaksen er mykje større enn Krifast.

      No er det Sunnmøre og Romsdal sin tur. Det som er irrelevant, Lars, det er kva ei facebookgruppe fullt av Nordmøringar synes om eit samferdselsprosjekt mellom Sunnmøre og Romsdal. Det er vel like irrelevant om at eg skulle ha synsa meg grønn rundt linjeføringane til Krifast.
    • Denne kommentaren er avpublisert.
      Lars Svein Valderhaug · 1 måneder siden
      @Lama Vik Kva har dette med mitt innlegg å gjere? Skal du kommentere det, så hald deg til tema! Men ein ting kan eg seie deg: Dine synspunkt på  nordmøringane sin rett til å få gi si sterke støtte til Romsdalsaksen er egoistiske og smålege, men ikkje sjokkerande frå den kanten. Det høyrest ut som E39 er til berre for dykk som blir tilgodesett av Møreaksen og Kjerringsundet. De er vel trangsynte!
    • Denne kommentaren er avpublisert.
      Lama Vik · 1 måneder siden
      @Lars Svein Valderhaug Lars, eg svarer på kvifor SP ikkje arbeider for Romsdalsaksen. Rein, pur og sunn fornuft. Og nei, eg snakkar ikkje ned nordmøringane. Problemet er at vi har sentrale politikarar i fylket som har som strategi å føre folk bak lyset. Vedkommande har desverre lukkast med dette. Men fornuften vil vinne fram til slutt.
    • Denne kommentaren er avpublisert.
      Lars Svein Valderhaug · 1 måneder siden
      @Lama Vik Kven svarar du? Eg har ikkje spurt om dette. Du klarer vel å sjå kva som var mi enkle problemstilling? Men sidan du nemner det, det er mange i Sp som arbeider for Romsdalsaksen. Partiet er delt, kanskje på midten. 

  • Denne kommentaren er avpublisert.
    jon ingar eik · 1 måneder siden
    Dette spørsmålet burde bli stilt til samtlige SP partiene i Fylket, som styres av ett fåtall som truer fram Møreaksen, fylkespartiet nektet vel også tidligere i år , angående motstanden i mot Møreaksen.   Godt jobba av Lars Valderhaug.
Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
Årbok - Nordmøre Historielag
Annonse
Årbok - Nordmøre Historielag

Tidligere meningsinnlegg

Siste kommentarer

Marius Ibs Øien-Hansen 5 timer siden «Gisle» ved Kvalvåg våren 1949
Otto Øien var kaptein på Gisle.
Hydrogen er enormt energikrevende å produsere så det er stort sett for å forsvare mer vindkraftutbygging det ivres for Hydrogenproduksjon.
Terje Sundsbø 1 dager siden Møreaksen er sjanselaus!
Hvilke partier er det som støtter Møreaksen, har Sve glemt det? Dagens regjering Ap og Sp, samt Krf, V og ...
Terje Sundsbø 2 dager siden Møreaksen er sjanselaus!
Hvilke partier er det som støtter Møreaksen, har du glemt det? Les https://ksu.no/artikler/leserinnlegg/110408-paradokset-romsdalsaksen-20211021
Svært uventa kraftpris
Den nye Regjeringa sviktar fundamentalt med uforsvarleg og uventa  HØGE kraftprisar! Vanskeleg for oss vanlege veljarar å forstå  og godta ...
Annonse

Hva skjer

Under finner du en oversikt over arrangement i Kristiansund og omegn. Det er gratis å legge til oppføring i kalenderen.

Trykk her for å legge til arrangement

Trykk her for kalender i litt større format og tilknyttede artikler og annonserte arrangementer.

Annonse

Våre utvalgte