Møreaksen er sjanselaus til å kunne få ei kr til realisering dei neste fire åra.
Det er verken i Transportkomiteen, eller andre komitear på Stortinget som styrer om Møreaksen er liv laga framover.
Møreaksen ligger inne i vegvesenet sine planar, men dette hjelper fint lite om ikkje prosjektet kjem med i eit av statsbudsjetta dei neste fire åra.
Sp, Ap, SV, MDG og kommunistane i Rødt gjorde alt dei kunne for å hive dei borgarlege partia ut av regjeringskontora og ut av styringa av landet.
No er det Sp/Ap regjeringa sitt lodd å gjere opp statsbudsjett i åra som kjem, på den raud/grøne sida, og med SV.
Alle veit at dermed vil ikkje Møreaksen kunne få ei einaste kr til oppstart dei neste fire åra,
Møreaksen som prosjekt vil begå ei sakte forvitring og smuldre opp og bli køyrt gjennom makuleringsmaskina.
Ellers kjem sjølvsagt Stortingsgruppa til FrP til å stå fjellstøtt i vår kamp imot dette greinalause Møreaksenprosjektet, og arbeide aktivt for fortsatt ferjer eller Romsdalsaksen.
Dersom nokon trur at eg ikkje fortsetter min og FrP sin kamp mot Møreaksen sjølv om eg no er fraksjonsleiar i olje og energi, så kan ein berre tru om igjen.
Les også
Sve skal lede FrP sin Energi og miljø-fraksjon på Stortinget