Annonse
Arbeiderpartiet, Maria Aasen-Svensrud, Odd Harald Hovland og Kamzy Gunaratnam
Ytring
Arbeiderpartiet, Maria Aasen-Svensrud, Odd Harald Hovland og Kamzy Gunaratnam
09 desember 2021 10:36
Del på Facebook
Foto: Steinar Melby / KSU.NO
Foto: Steinar Melby / KSU.NO
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

2. desember vedtok Stortinget eit budsjett som tek Noreg i ei ny og meir rettferdig retning, ei retning med mindre ulikskap, meir velferd, meir tryggleik og betre beredskap. Det er eit historisk grønt og rettferdig budsjett som varslar ein kamp mot Forskjells-Noreg, og det er ein kamp for å bevare samfunnsmodellen vår. Vanlege folk skal jobbe i eit trygt arbeidsliv og betale mindre skatt på eiga inntekt. Velferdstenester som barnehage og SFO vert billigare for alle. Dei med store formuar og inntekter skal bidra meir til fellesskapet.

Uansett kvar ein bur i Noreg, skal fellesskapet stille opp når det verkeleg trengst. Dei siste åra har folk i delar av landet opplevd meir utryggleik. For å få tryggleiken tilbake er det avgjerande at politi, ambulanse og brann- og redningsteneste er meir til stades og kjem raskare, spesielt i distrikta.

Den kraftige styrkinga av kommuneøkonomien kjem heile landet til gode. Kommunar og fylke får ein realvekst på 4,5 milliarder i frie inntekter – pengar som gjer meir velferd, ein tryggare eldreomsorg, ein skule der elevar lærar og trivst og fleire kvalifiserte tilsette i barnehagane. Men det inneber også meir og betre beredskap i kommunal sektor. God beredskap krev lokal forankring. Ressursane som skal handtere krisene, må vere tilgjengelege over heile landet. Den viktigaste beredskapsressursen er det lokale politiet i samarbeid med kommunane, helsetenesta og brann- og redningstenesta.

Dette budsjettet vil styrkje tryggleik og tenester for innbyggjarar i heile landet. Det norske samfunnet med høg tillit, levande lokalsamfunn og ein sterk offentleg sektor dannar eit solid utgangspunkt for ein god beredskap. Då er styrkinga av kommuneøkonomien eit vesentleg bidrag. Det er ved å byggje på det beste ved landet vårt at me får folk med på store samfunnsløft. Sterke fellesskap, høg tillit og små forskjellar er avgjerande for at folk trygt kan vere med på å utvikle Noreg. Når regjeringa i budsjettforslaget prioriterer tiltak som svarar på utfordringar folk opplever i kvardagen, og som byggjer opp tilliten og fellesskapet og ned forskjellane mellom folk, rustar det også Noreg for å løyse dei store utfordringane som ligg framfor oss, som klimakrise, digitalisering og å løyse dei store oppgåvene til velferdsstaten.

Målet for regjeringa er ein justissektor som gjev rettstryggleik, førebyggjer betre, der ressursane er tilgjengelege og finn kvarandre, og der politiet og nødetatane er til stades i heile Noreg. I dette budsjettet møter regjeringa desse utfordringane med å leggje inn 200 mill. kr meir til politiet og 30 mill. kr meir til auka kapasitet i påtalemyndigheita. Folk skal oppleve at deira liv, interesser og utfordringar, står øvst på dagsorden.

Av:

Maria Aasen-Svensrud (Ap)

Odd Harald Hovland (Ap)

Kamzy Gunaratnam (Ap)

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Ketil Strand Andersen 1 dager siden Skremmende fremtidsscenario
Bra innlegg. Valg til neste år, da gjelder det.
Terje Sundsbø 2 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
Hvor lenge kan motstanderne av Møreaksen skjule kostnadene med fortsatt ferge? "Når fergene avløses av Møreaksen frigis enorme mengder strøm, ...
Terje Sundsbø 2 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
@Arne AlmaasFakta er bedre enn fabler, spesielt i diskusjoner om samferdsel. Dine metaforer om elefanter kommer vi ingen vei med. Spesielt ...
Arne Almaas 2 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
@Terje SundsbøDet eneste jeg ønsker å kommentere er at det ikke er vits i å kommentere dialogene du og RR har ...
Terje Sundsbø 3 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
@Arne AlmaasKommentarfeltet benyttes til å diskutere momenter til artikkelen, ikke til å presentere nyheter. Hva er det i artikkelen du ønsker å ...
Terje Sundsbø 3 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
Høyre prioriterer Fergefri E39 Møreaksen: https://www.smp.no/meninger/leserinnlegg/i/8qxqed/hoeyres-prioriteringer-i-nasjonal-transportplanEr det noen privatpraktiserende fogderipolitikere i Høyre Møre og Romsdal som våger å tale Erna ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse