Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Besøk vår personvernside for mer detaljer.
Annonse
Annonse
Helge Orten og Anders Riise
Ytring
23 september 2022 12:45
Del på Facebook
Illustrasjon: Rambøll
Illustrasjon: Rambøll
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Arne Almås burde vere glad for at eit stort fleirtal i Stortinget har gitt klarsignal for at heile E136 frå Dombås til Ålesund skal byggast ut og at strekninga er prioritert i Nasjonal transportplan.

I staden brukar han spalteplass på å vere kritisk til underteikna og andre som forsøker å bidra til framdrift i prosjektet. No er det på tide å samle seg om dei prioriteringane vi har fått gjennomslag for i Nasjonal transportplan og jobbe målretta for å få på plass midlar til oppstart av prosjekta, ikkje å skape meir splid.

Annonse
Annonse

Tresfjordbrua og Vågstrandtunnelen ble igangsett av Stoltenberg-regjeringa og fullført under Solberg-regjeringa. Det har lagt til rette for ein sikrare veg og vesentleg innkorta reisetid på E136. I NTP 2018-2029 var prosjekta E136 Brustuglia (krabbefeltet) og E136 Flatmark-Monge-Marstein prioritert, i tillegg til E136 Breivika-Lerstad. Sistnemnte fekk klarsignal til oppstart frå Solberg-regjeringa og skal gjennomførast som ein del av bypakke Ålesund. I tillegg har bompengane på E136 Tresfjordbrua/Vågstrandtunnelen vorte nedbetalt.

I arbeidet med NTP 2022-2033 var det eit klart ønske om ein meir strekningsvis tilnærming til denne type utbyggingsprosjekt. Derfor vart strekninga frå Dombås til Vestens lagt til Nye Veier og definert som ei utbetringsstrekning. Det omfattar sjølvsagt og dei prosjekta som tidligare har vore prioritert på E136 i Romsdalen, samtidig som det inkluderer andre nødvendige utbetringsprosjekt og flaskehalsar på strekninga. Ein viktig føresetnad er sjølvsagt at Nye Veier får tildelt tilstrekkeleg med midlar slik at dei har økonomisk handlingsrom for å komme i gang.

Annonse
Annonse

Strekninga frå Vestens til Moa er ei fellesstrekning E136 og E39. I NTP er denne delen av Eksportvegen prioritert som ein del av E39 Ålesund-Molde og det er Statens vegvesen som har ansvaret for utbygginga. Dersom Almås skulle vere i tvil så er vi fullt klar over at E136 fortsett vidare frå Moa mot Ålesund, og vi har altså gitt klarsignal for oppstart av E136 Breivika-Lerstad som ein del av bypakke Ålesund.

NTP 2022-2033 framlagt av regjeringa Solberg innebar eit stort løft for Møre og Romsdal. Aldri har vi fått gjennomslag for så omfattande samferdselsinvesteringar i vår region, både på E39 og E136. Utbygging av desse strekningane krev at både Nye Veier og Statens vegvesen får tilstrekkeleg med midlar til å starte opp og gjennomføre dei planlagde prosjekta. Signala frå regjeringa Støre har so langt ikkje vore særleg positive. Då er det ekstra viktig at vi frå Møre og Romsdal sin side samlar troppane og jobbar saman om å få gjennomført dei prioriterte prosjekta på E136 og E39. Det er sikkert morosamt å vinne kretsmeisterskapet, men det blir ikkje meir veg av det!

Annonse
Annonse
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.
  • Denne kommentaren er avpublisert.
    jon ingar eik · 1 år siden
    Helge Orten, og Rise, strekninga frå Vestens til Moa er ei felles strekning E136 og E39, det er den også ved fortsatt ferge, og med Romsdalsaksen, Møreaksen og Hafast er gedigne omveier til dobbel pris, som verken folket eller NLF vil ha, snakker og politikere som less er forståsepåere. Dere støtter kun Galskapens akse, galskap.
    • Denne kommentaren er avpublisert.
      Terje Sundsbø · 1 år siden
      @jon ingar eik Med fortsatt ferge forsvinner bevilgningen på over 24 milliarder til Møreaksen ut av fylket. Da står store deler av Eksportveien uten penger. Møreaksen er den raskeste traséen for flertallet som krysser Romsdalsfjorden. Det er Romsdalsaksen som er omveien. Den er dessuten forkastet også av Nye Veier AS som totalt urealistisk.
Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
Annonse

Innlogging

Siste kommentarer

Frode Hoseth 1 timer siden Skrot fergene
@Terje SundsbøKanskje heier man på selve EUROPAVEIEN på forskjellig måte, men det behøver ikke bety at man er imot fergefri forbindelse ...
Terje Sundsbø 2 timer siden Skrot fergene
@Frode HosethFergefri E39 Møreaksen handler om å erstatte fergene. Ikke bare over Romsdalsfjorden, men også til øyene Otrøya og Gossen. Men ...
Frode Hoseth 6 timer siden Skrot fergene
Fremfor å være en brobygger i det öppna landskap har Sundsbø gått under jorden med tunellsyn. Er det korrekt oppfattet?Fra ...
Terje Sundsbø 14 timer siden Skrot fergene
@Rolf Erik PedersenDu sidestiller kostnad for drift av ferger med drift av vei i dagen? Du må sammenligne drift av tunneler med ...
Terje Sundsbø 14 timer siden Skrot fergene
@Rolf Erik PedersenEn gjennomsnittlig elbil bruker 3,7 kWt på å krysse fjorden via Møreaksen (tall fra Sintef). Hvilken omvei er det du ...
Rolf Erik Pedersen 14 timer siden Skrot fergene
@Terje SundsbøTror ikke du vet hva bærekraft er.Fjordkryssingen er I NTP.Når Møreaksen ble valgt til å ligge i planen, var det ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse