Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Besøk vår personvernside for mer detaljer.
Annonse
Del på Facebook
Illustrasjon: Gjermund Kvernmo Langset
Illustrasjon: Gjermund Kvernmo Langset
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.

Møreaksen er ikkje eit alternativ for ny E39 over Romsdalsfjorden, det er det einaste alternativet.

Møre og Romsdal har ei utvikling som byr på store utfordringar framover. Å tenkje at vi skal halde fram på same måte vi alltid har gjort, men at resultatet skal verte noko anna er sjølve definisjonen på galskap.

Annonse
Annonse

For å møte desse utfordringane må vi knyte fylket vårt betre saman, slik at vi legg til rette for verdiskaping og attraktivitet. Distriktsdemografiutvalet med Victor Norman er særs tydelege på at det må investerast meir i vegprosjekt som styrkar dei regionale arbeidsmarknadane. Og at gevinstane av regionforstørring vert undervurderte ved prioritering av vegprosjekt. Vegane må med andre ord gå der folk bur og mellom plassar folk skal.

26.09. skriv Magnar Storøy til meg i SMP. Eg set stor pris på å få tilsvar, men premissa Storøy legg til grunn er direkte feil. Han meiner vi må prioritere velferd nær folk. Då er det besynderleg at han tek til orde for Romsdalsaksen. Eit forkasta prosjekt, i eit område med tynn befolkning, med ein trasé som folk ikkje skal køyre. 80% av dei som kryssar fjorden skal til/frå Molde.

Annonse
Annonse

Paul Hofseth skriv 24.10. at det er ein fordel at krangelen om veg kan halde fram. Det er trist lesing. Dei einaste som har ein fordel av dette er konkurrerande næringsliv og regionar i inn- og utland. Den type haldningar han syner, er det største hinderet for framtida til Møre og Romsdal.

Det er naudsynt med meiningsutveksling for å lande gode avgjersler. Men diskusjonen om fjordkryssinga er ein konstruert diskusjon, som vert heldt i live av ugrunna påstandar og ei manglande evne av å ta inn fakta.

  • Møreaksen har brei politisk forankring og er prioritert i NTP. No manglar tilstrekkeleg ramme i statsbudsjettet.
  • Reguleringane for fjordkryssinga er vedteke og ein er klar til bygging.
  • Romsdalsaksen eksisterer berre i tankane til einskildpersonar. Den vart forkasta av Stortinget i 2014 og er ikkje eit alternativ.
  • Dei statlege midlane som skal nyttast på Møreaksen kan ikkje nyttast til andre prosjekt i Møre og Romsdal. Det påverkar ikkje vedlikehald av fylkesvegar.
  • Det er tryggare å køyre i moderne tunellar, enn på vanleg veg oppe i dagen.
  • Møreaksen vil gi 10 000 fleire personar enn i dag reisetid på under 45 min til Molde eller Ålesund. Dette vil gi betre tilgjenge på offentlege tenester, tilgjenge på kultur- og fritidstilbod.
  • Møreaksen vil gjere Molde og Ålesund til ein felles bu- og arbeidsmarknad.
  • Over 100 bedrifter, med 23 000 arbeidsplassar og 100 MRD i omsetning signerte i 2021 på eit krav om bygging. Næringslivet vil ha Møreaksen.
  • Menon har anslått en verdiskapingsgevinst på mellom 17 og 37 MRD. 42% av dette vil skje i andre fylker, noko som viser betydninga nasjonalt. Det er ei god prioritering for AS Noreg.
  • Møre og Romsdal står for 20% av verdiskapinga i sjømat, 11% av fastlandseksporten og 5% av innbyggjarane. Likevel får vi berre 1% av samferdselsmidlane.

Det var også motstand mot Krifast og Eiksundsambandet. Eg trur likevel ikkje dei som brukar vegane dagleg heller skulle stått i ferjekø. Og trass alt har dei gode sveler hjå bakaren også.

Annonse
Annonse
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.
  • Denne kommentaren er avpublisert.
    Rolf Erik Pedersen · 3 måneder siden
    Forfatteren er en kar som har bygd opp sitt Bauta, der ha etablerte seg på Vik i Tomrefjord,  fordi at noen hadde garantert for at Tautratunellen skulle bygges.
    Men det han skriver, har vi sett før. 
    Hadde dette vært i musikkverk, hadde han blitt anmeldt for plagiat! 
    Det oser egoisme. 
    En som er leder for forettningsutvikling og Bærekraft,  burde være opptatt av Bærekraft. 
    Bærekraft  betyr at alle skal få bedre hverdag, både i dag, og 20 år...ķ
    Anbefaler å stryke Bærekraft,  til du viser at du forstår hva det betyr, for alle, ikke bare for deg og dine.
    • Denne kommentaren er avpublisert.
      Geir Ole Sætremyr · 3 måneder siden
      @Terje Sundsbø Du ser heilt bort frå antall investerte kroner. Har aldri opplevd at der blir løyvd ein prosentsats.

      Kristin Sørheim er politikar, det samme framstår du som.

      Og, ha i mente at våre klimamål ikkje heimlar auka trafikk. Kven skal ofrast for å støtte ditt veksande magemål. 

      Tygg litt på følgande tankerekke: Kjerringsundet koster Aukra kommune 100 millionar pr år. For halvparten kan dei finansiere drift av ferge nr. 2 på dagtid sluk ar der blir avgang kvart tjuende minutt. Gratis for brukarane og null bompengar fram til Molde sentrum langs noverande fylkesveg.


    • Denne kommentaren er avpublisert.
      Terje Sundsbø · 3 måneder siden
      @Geir Ole Sætremyr Tøv – investeringskostnadene inngår både i teller (i netto samfunnsnytte er kostandene fratrukket) og i nevner (investeringskostnadene). Dette er korrekt rangeringsparameter når investeringskostnadene er begrensningen.

      Etterkalkylene dokumenterer at de samfunnsøkonomiske forkalkylene er systematisk feil. Du angriper budbringeren fordi hun er politiker?

      En ekstra ferge på dagtid er ikke i nærheten av en fergefri vei, veien vil fortsatt være stengt omkring 85% av tiden. Det er rett og slett uhørt å sidestille en vei som er fergestengt 85% av tiden med en vei som alltid er åpen, til evig tid.

      Så tilbake til spørsmålet: Siden pengesekken er begrenset er det urimelig at de samme står først i køen og hele tiden forsyner seg før alle andre. Da er det på tide å se på fordelingen. Kan du gi en oversikt over midler til fergeavløsningsprosjekter på Sunnmøre, og sammenstille dette med tilsvarende i Romsdal (forstår godt at du ikke vil det)?
    • Denne kommentaren er avpublisert.
      Geir Ole Sætremyr · 3 måneder siden
      @Terje Sundsbø Når beslutning i NTP og i budsjett skal gjerast vil prosedyren vere å sjå bort frå KS2 gjort av TØI og Dovre group? Er dei inkompetente?
    • Denne kommentaren er avpublisert.
      Terje Sundsbø · 3 måneder siden
      @Geir Ole Sætremyr «Vi har nå fått lese avisenes dom fra en fersk, meget omfattende og grundig kvalitetssikring av de faglige utredningene som Statens vegvesen har framlagt for trinn 1 på Møreaksen. Den eneste alvorlige innsigelsen fra KS2-rapporten ser ut til å være at Møreaksen rammes av samme kostnadsøkninger som øvrige samferdselsprosjekter.»

      «I KS2-analysen legges det til grunn at hele denne kostnadsøkningen finansieres kun med økte bompenger. Det betyr at statens bidrag til veibygging er uavhengig av kostnadene. En eventuell kostnadsreduksjon større enn opprinnelig bompengefinansiering vil da medføre at bilistene mottar penger for hver bompassering på Møreaksen. Slik er det selvsagt ikke. Det kan være at KS2-analysen tar feil på dette punktet.»

      https://ksu.no/artikler/leserinnlegg/118125-moreaksen-statens-vegvesen-sine-rapporter-var-betryggende-gode-20230328

      Så tilbake til spørsmålet: Siden pengesekken er begrenset er det urimelig at de samme står først i køen og hele tiden forsyner seg før alle andre. Da er det på tide å se på fordelingen. Kan du gi en oversikt over midler til fergeavløsningsprosjekter på Sunnmøre, og sammenstille dette med tilsvarende i Romsdal?
    • Denne kommentaren er avpublisert.
      Geir Ole Sætremyr · 3 måneder siden
      @Terje Sundsbø Linken er ei ytring frå RR i kjent stil. Og det er greitt, men substansen er ikkje meir enn det.

      Fergeanalysen er feil.

      Uansett fergestrekning er 85% kalkyle både på utpost og innpust, utan å underbygge og nyansere det.  Og klakkørane deltar i stammehylet.
  • Denne kommentaren er avpublisert.
    Geir Ole Sætremyr · 3 måneder siden
    Forfattaren skriv: ""Reguleringane for fjordkryssinga er vedteke og ein er klar til bygging.""

    Vestnes har teke forbehold om at det ikkje skal settast trafikk på Vik til Molde før Vik til Ørskogfjellet er ferdig. Den siste strekninga er ikkje ferdig regulert, og blir ikkje gjort før strekninga vestover er ferdig regulert. 

    Så har forfattaren rett i at :""Møreaksen har brei politisk forankring og er prioritert i NTP. No manglar tilstrekkeleg ramme i statsbudsjettet.""  -- Og det siste er ikkje sikkert kjem på ei stund, i alle høve ikkje før der er påliteleg kostnadskalkyle for heile strekninga Ålesund til Molde. Utan den er teppet rykka ut under bu- og arbeidsmarknaden.

    Studer gjerne SVV si framskriving av trafikken på ein av plansjane som er definert som møtereferat  https://alesund.kommune.no/innsyn.aspx?response=journalpost_detaljer&journalpostid=2021390413&scripturi=/innsyn.aspx&skin=infolink&Mid1=795&

    • Denne kommentaren er avpublisert.
      Terje Sundsbø · 3 måneder siden
      @Geir Ole Sætremyr Rekkefølgekravet fra Vestnes kommunestyre er ikke godtatt av Statens vegvesen.

      Møreaksen er nå delt i to – trinn 1 og trinn 2, der trinn 1 er fjordkryssingen Vik-Molde, og trinn 2 er Ålesund-Vik. Det er ikke slik at planlegging og finansiering av trinn 2 må være ferdig før bygging av trinn 1 kan starte. Byggingen av trinn 1 er estimert å ta 10 år, mens trinn 2 vil ta 4 år. Følgelig må byggingen av trinn 1 starte opp 6 år før trinn 2 for at hele Møreaksen skal ferdigstilles samtidig.

    • Denne kommentaren er avpublisert.
      Geir Ole Sætremyr · 3 måneder siden
      @Terje Sundsbø Ha du dokumentasjon på at SVV har krevd statlig reguleringsplan?
    • Denne kommentaren er avpublisert.
      Geir Ole Sætremyr · 3 måneder siden
      @Terje Sundsbø Vedtak i Vestnes kommunestyre 15.06.23., sitat:
      Kommunestyret sitt vedtak
      1. I medhald av Plan- og bygningslova § 12-12 godkjenner kommunestyret reguleringsplan for E39
      Ørskogfjellet – Vik
      2. Vestnes kommune presiserer rekkefølgebestemmelse frå 2021 om at Vik-Ørskogfjellet må
      ferdigstillast samtidig som Vik-Julbøen
      3. Forbikjøringsfelt for E136 opp Skorgedalen må med i plana, då Eksportvegen er like viktig som
      E39.

      Dersom du sjekker alternativet med statlig plan, noko SVV trua med i folkemøte i Vestnes, og også brukte det under eit møte arrangert av oss i Naturvernforbundet 10.11.21. Begge ganger sat SVV at kommunane skulle bestemme inntil ei viss grense før SVV krev statleg plasn.

      Så langt er ikkje dette med Regjeringa si liste der dette er nytta. To delstrekningar er dette brukt, i Lyngdal og i Os.

      Altså er Vestnes sitt krav gyldig.

      Dersom du les dokumenta er kryssløysinga på Ørskogfjellet som definerer påkopling til Ørskogfjellet kviler dette på vedteken plan for Digerneset til Ørskogfjellet, eller Dragsundet til Ørskogfjellet som er ein alternativ framgangsmøte som SVV har på bordet.

      At SVV ikkje liker Vestnes kommune sitt rekkefølgekravet er ikkje anna enn ei flagging av misnøye.

    • Denne kommentaren er avpublisert.
      Terje Sundsbø · 3 måneder siden
      @Geir Ole Sætremyr Vestnes kommunestyre sier det samme som SVV – hele Møreaksen må ferdigstilles samtidig.
    • Denne kommentaren er avpublisert.
      Geir Ole Sætremyr · 3 måneder siden
      @Terje Sundsbø Med klarlagt forpliktande finansiering for heile strekninga.
  • Denne kommentaren er avpublisert.
    Petter E. Olsen · 3 måneder siden
    Enda en Don Quixote er ute og rir . . .
  • Denne kommentaren er avpublisert.
    Terje Sundsbø · 3 måneder siden
    Og øyene Otrøya og Gossen får fergefri fastlandsforbindelse, uten at dette går ut over andre samferdselsinvesteringer i Møre og Romsdal i tiår på tiår.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til #614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
Annonse

Innlogging

Siste kommentarer

Geir Ole Sætremyr 13 timer siden Otrøya fergefri baner vei for Tautratunnelen
@Terje SundsbøEg har aldri snakka om 2050. Det er eit virvar i di boble.Prosentrekning kan eg.Kor unison stemninga er når pengene ...
Terje Sundsbø 18 timer siden Otrøya fergefri baner vei for Tautratunnelen
@Geir Ole SætremyrTidligere har du vist til SVV sin Planbeskrivelse E39 Ørskogfjellet-Vik, og henvist til tallet 1200 som reduksjonen i trafikken ...
Geir Ole Sætremyr 20 timer siden Otrøya fergefri baner vei for Tautratunnelen
@Terje SundsbøÅDT på Ørskogfjellet i vurderingsåret 2021 er ca. 4200 iflg. SVV. Av dette er ein andel på 1200 forventa å ...
Terje Sundsbø 21 timer siden Otrøya fergefri baner vei for Tautratunnelen
@Geir Ole SætremyrJeg registrerer at Naturvernforbundet fortsatt mener at siden trafikken på dagens E39 gjennom Skorgedalen blir redusert med 1200 ÅDT i ...
Geir Ole Sætremyr 1 dager siden Otrøya fergefri baner vei for Tautratunnelen
@Terje SundsbøEg er fullstendig klar over dagens tall, også for FV661. For å sikre grunnlag for arbeidet har eg løpande konsultering hos ...
Terje Sundsbø 1 dager siden Otrøya fergefri baner vei for Tautratunnelen
@Geir Ole SætremyrJeg har ikke gjort noe regnestykke. Jeg har kun sitert SVV sine utsagn fra side 78/79: https://www.vegvesen.no/contentassets/bd2893c57ec24684b00e5c346f507166/planbeskrivelse_vedtatt.pdfSVV sier: «Etter at ...
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse