Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Besøk vår personvernside for mer detaljer.
Annonse
KSU – Vipps – desktop
Illustrasjon: Gjermund Kvernmo Langset
Illustrasjon: Gjermund Kvernmo Langset
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.

Møreaksen er ikkje eit alternativ for ny E39 over Romsdalsfjorden, det er det einaste alternativet.

Møre og Romsdal har ei utvikling som byr på store utfordringar framover. Å tenkje at vi skal halde fram på same måte vi alltid har gjort, men at resultatet skal verte noko anna er sjølve definisjonen på galskap.

Annonse
Annonse
KSU – Vipps – mobil

For å møte desse utfordringane må vi knyte fylket vårt betre saman, slik at vi legg til rette for verdiskaping og attraktivitet. Distriktsdemografiutvalet med Victor Norman er særs tydelege på at det må investerast meir i vegprosjekt som styrkar dei regionale arbeidsmarknadane. Og at gevinstane av regionforstørring vert undervurderte ved prioritering av vegprosjekt. Vegane må med andre ord gå der folk bur og mellom plassar folk skal.

26.09. skriv Magnar Storøy til meg i SMP. Eg set stor pris på å få tilsvar, men premissa Storøy legg til grunn er direkte feil. Han meiner vi må prioritere velferd nær folk. Då er det besynderleg at han tek til orde for Romsdalsaksen. Eit forkasta prosjekt, i eit område med tynn befolkning, med ein trasé som folk ikkje skal køyre. 80% av dei som kryssar fjorden skal til/frå Molde.

Annonse
Annonse

Paul Hofseth skriv 24.10. at det er ein fordel at krangelen om veg kan halde fram. Det er trist lesing. Dei einaste som har ein fordel av dette er konkurrerande næringsliv og regionar i inn- og utland. Den type haldningar han syner, er det største hinderet for framtida til Møre og Romsdal.

Det er naudsynt med meiningsutveksling for å lande gode avgjersler. Men diskusjonen om fjordkryssinga er ein konstruert diskusjon, som vert heldt i live av ugrunna påstandar og ei manglande evne av å ta inn fakta.

  • Møreaksen har brei politisk forankring og er prioritert i NTP. No manglar tilstrekkeleg ramme i statsbudsjettet.
  • Reguleringane for fjordkryssinga er vedteke og ein er klar til bygging.
  • Romsdalsaksen eksisterer berre i tankane til einskildpersonar. Den vart forkasta av Stortinget i 2014 og er ikkje eit alternativ.
  • Dei statlege midlane som skal nyttast på Møreaksen kan ikkje nyttast til andre prosjekt i Møre og Romsdal. Det påverkar ikkje vedlikehald av fylkesvegar.
  • Det er tryggare å køyre i moderne tunellar, enn på vanleg veg oppe i dagen.
  • Møreaksen vil gi 10 000 fleire personar enn i dag reisetid på under 45 min til Molde eller Ålesund. Dette vil gi betre tilgjenge på offentlege tenester, tilgjenge på kultur- og fritidstilbod.
  • Møreaksen vil gjere Molde og Ålesund til ein felles bu- og arbeidsmarknad.
  • Over 100 bedrifter, med 23 000 arbeidsplassar og 100 MRD i omsetning signerte i 2021 på eit krav om bygging. Næringslivet vil ha Møreaksen.
  • Menon har anslått en verdiskapingsgevinst på mellom 17 og 37 MRD. 42% av dette vil skje i andre fylker, noko som viser betydninga nasjonalt. Det er ei god prioritering for AS Noreg.
  • Møre og Romsdal står for 20% av verdiskapinga i sjømat, 11% av fastlandseksporten og 5% av innbyggjarane. Likevel får vi berre 1% av samferdselsmidlane.

Det var også motstand mot Krifast og Eiksundsambandet. Eg trur likevel ikkje dei som brukar vegane dagleg heller skulle stått i ferjekø. Og trass alt har dei gode sveler hjå bakaren også.

Annonse
Annonse
KSU – Vipps – mobil
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.
  • Denne kommentaren er avpublisert.
    Rolf Erik Pedersen · 10 måneder siden
    Forfatteren er en kar som har bygd opp sitt Bauta, der ha etablerte seg på Vik i Tomrefjord,  fordi at noen hadde garantert for at Tautratunellen skulle bygges.
    Men det han skriver, har vi sett før. 
    Hadde dette vært i musikkverk, hadde han blitt anmeldt for plagiat! 
    Det oser egoisme. 
    En som er leder for forettningsutvikling og Bærekraft,  burde være opptatt av Bærekraft. 
    Bærekraft  betyr at alle skal få bedre hverdag, både i dag, og 20 år...ķ
    Anbefaler å stryke Bærekraft,  til du viser at du forstår hva det betyr, for alle, ikke bare for deg og dine.
    • Denne kommentaren er avpublisert.
      Terje Sundsbø · 9 måneder siden
      @Geir Ole Sætremyr Du har rett i at realisme er en dyd – gratis ferge koster staten dyrt. Fergeavløsningsprosjekter blir derfor mer lønnsomme for staten jo mindre brukerne betaler for ferge. Møreaksen erstatter hele 3 store fergesamband.

      At din pensjonisttid ikke synes å ha stor verdi gjør ikke at bortkastet tid i fergekø og på ferge er kostbart for resten av samfunnet. Ferger er en gigantisk tidstyv, med store samfunnsøkonomiske kostnader.

      Fortsatt har du ikke svart på mine spørsmål. Mener du at det bør vare tilsvarende pauser på turen fra Ålesund til Åndalsnes?

      Siden pengesekken er begrenset er det urimelig at de samme står først i køen og hele tiden forsyner seg før alle andre. Da er det på tide å se på fordelingen. Kan du gi en oversikt over midler til fergeavløsningsprosjekter på Sunnmøre, og sammenstille dette med tilsvarende i Romsdal?
    • Denne kommentaren er avpublisert.
      Geir Ole Sætremyr · 9 måneder siden
      @Terje Sundsbø Du marmar på med ditt og spissformuleringar.
    • Denne kommentaren er avpublisert.
      Geir Ole Sætremyr · 9 måneder siden
      @Terje Sundsbø Saksa frå referansegruppemøte 17.08.23: 
      Forslag NTP 2024- 2036: Forslaget til ny plan innebærer mer enn halvering av årlige
      midler til vegbygging sett opp mot gjeldende NTP. I tillegg store bindinger i
      igangsatte prosjekter som gir svært få nye store prosjekter (> 1 mrd kr) til oppstart i 1.
      6 års periode.
      • Ikke rom for oppstart Vik – Molde første 6 år slik
      forslaget ligger (rammenivå)
      • Sør for Vik helt ut av planen i forslaget
      • Omtale av mulig statlige veger s 26 i forslaget vedr
      beredskap, veg til Nyhamna omtalt.

  • Denne kommentaren er avpublisert.
    Geir Ole Sætremyr · 10 måneder siden
    Forfattaren skriv: ""Reguleringane for fjordkryssinga er vedteke og ein er klar til bygging.""

    Vestnes har teke forbehold om at det ikkje skal settast trafikk på Vik til Molde før Vik til Ørskogfjellet er ferdig. Den siste strekninga er ikkje ferdig regulert, og blir ikkje gjort før strekninga vestover er ferdig regulert. 

    Så har forfattaren rett i at :""Møreaksen har brei politisk forankring og er prioritert i NTP. No manglar tilstrekkeleg ramme i statsbudsjettet.""  -- Og det siste er ikkje sikkert kjem på ei stund, i alle høve ikkje før der er påliteleg kostnadskalkyle for heile strekninga Ålesund til Molde. Utan den er teppet rykka ut under bu- og arbeidsmarknaden.

    Studer gjerne SVV si framskriving av trafikken på ein av plansjane som er definert som møtereferat  https://alesund.kommune.no/innsyn.aspx?response=journalpost_detaljer&journalpostid=2021390413&scripturi=/innsyn.aspx&skin=infolink&Mid1=795&

    • Denne kommentaren er avpublisert.
      Terje Sundsbø · 10 måneder siden
      @Geir Ole Sætremyr Rekkefølgekravet fra Vestnes kommunestyre er ikke godtatt av Statens vegvesen.

      Møreaksen er nå delt i to – trinn 1 og trinn 2, der trinn 1 er fjordkryssingen Vik-Molde, og trinn 2 er Ålesund-Vik. Det er ikke slik at planlegging og finansiering av trinn 2 må være ferdig før bygging av trinn 1 kan starte. Byggingen av trinn 1 er estimert å ta 10 år, mens trinn 2 vil ta 4 år. Følgelig må byggingen av trinn 1 starte opp 6 år før trinn 2 for at hele Møreaksen skal ferdigstilles samtidig.

    • Denne kommentaren er avpublisert.
      Geir Ole Sætremyr · 10 måneder siden
      @Terje Sundsbø Ha du dokumentasjon på at SVV har krevd statlig reguleringsplan?
    • Denne kommentaren er avpublisert.
      Geir Ole Sætremyr · 10 måneder siden
      @Terje Sundsbø Vedtak i Vestnes kommunestyre 15.06.23., sitat:
      Kommunestyret sitt vedtak
      1. I medhald av Plan- og bygningslova § 12-12 godkjenner kommunestyret reguleringsplan for E39
      Ørskogfjellet – Vik
      2. Vestnes kommune presiserer rekkefølgebestemmelse frå 2021 om at Vik-Ørskogfjellet må
      ferdigstillast samtidig som Vik-Julbøen
      3. Forbikjøringsfelt for E136 opp Skorgedalen må med i plana, då Eksportvegen er like viktig som
      E39.

      Dersom du sjekker alternativet med statlig plan, noko SVV trua med i folkemøte i Vestnes, og også brukte det under eit møte arrangert av oss i Naturvernforbundet 10.11.21. Begge ganger sat SVV at kommunane skulle bestemme inntil ei viss grense før SVV krev statleg plasn.

      Så langt er ikkje dette med Regjeringa si liste der dette er nytta. To delstrekningar er dette brukt, i Lyngdal og i Os.

      Altså er Vestnes sitt krav gyldig.

      Dersom du les dokumenta er kryssløysinga på Ørskogfjellet som definerer påkopling til Ørskogfjellet kviler dette på vedteken plan for Digerneset til Ørskogfjellet, eller Dragsundet til Ørskogfjellet som er ein alternativ framgangsmøte som SVV har på bordet.

      At SVV ikkje liker Vestnes kommune sitt rekkefølgekravet er ikkje anna enn ei flagging av misnøye.

    • Denne kommentaren er avpublisert.
      Terje Sundsbø · 10 måneder siden
      @Geir Ole Sætremyr Vestnes kommunestyre sier det samme som SVV – hele Møreaksen må ferdigstilles samtidig.
    • Denne kommentaren er avpublisert.
      Geir Ole Sætremyr · 10 måneder siden
      @Terje Sundsbø Med klarlagt forpliktande finansiering for heile strekninga.
  • Denne kommentaren er avpublisert.
    Petter E. Olsen · 10 måneder siden
    Enda en Don Quixote er ute og rir . . .
  • Denne kommentaren er avpublisert.
    Terje Sundsbø · 10 måneder siden
    Og øyene Otrøya og Gossen får fergefri fastlandsforbindelse, uten at dette går ut over andre samferdselsinvesteringer i Møre og Romsdal i tiår på tiår.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

@Terje SundsbøDet er vel nettopp reduksjon av trafikken i Ålesundstunellane som er saken.Ekspressbusser korresponderer med fergene utan ventetid, begge retninger. Prioritert ...
@Geir Ole SætremyrDu mener det er viktig å unngå økning i trafikken. Da gjelder det vel å unngå den enorme trafikkøkningen i ...
@Terje SundsbøNår det gjeld Møreaksen har vi i våre høyringar gått i rette med SVV sine prognoser der trafikken i eit ...
@Geir Ole SætremyrØkt trafikk er vel et problem også når det skjer på Sunnmøre. Siden vi nå kommenterer en artikkel om Møreaksen, ...
@Terje SundsbøDet tendensiøs er at du linker alt opp mot Møreaksen for å implementere det i vidare tankerekke.Økt trafikk er eit ...
@Geir Ole SætremyrHva mener du når du hevder at mitt spørsmål er tendensiøst - det er jo svært likt det du selv ...
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse