Annonse
Jenny Klinge, stortingsrepresentant, Senterpartiet
Ytring
Jenny Klinge, stortingsrepresentant, Senterpartiet
03 desember 2024 08:40
Del på Facebook
Illustrasjonsfoto av Andre Furtado / Pexels.
Illustrasjonsfoto av Andre Furtado / Pexels.
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.

Eg er kritisk til å endre den abortlova som til no har balansert godt mellom omsynet til kvinners sjølvråderett over eigen kropp og omsynet til det ufødde liv. Og eg skulle ønskje vi kunne tala meir om det vakre ved å la naturen gå sin gang i staden for det evige problemfokuset kring det å få ungar.

Eg er kritisk til å endre den abortlova som til no har balansert godt mellom omsynet til kvinners sjølvråderett over eigen kropp og omsynet til det ufødde liv. Og eg skulle ønskje vi kunne tala meir om det vakre ved å la naturen gå sin gang i staden for det evige problemfokuset kring det å få ungar.

Annonse
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Stortinget stemmer over framlegg til endringar i abortlova 3. desember. Vi i Senterpartiet er fristilte i verdisaker, og dette er i høgste grad eit verdispørsmål. Når eg sjølv stemmer saman med fleirtalet i vår stortingsgruppe mot endringane, er det ikkje fordi eg er mot at vi kvinner skal ha høve til å ta abort. Tvert imot meiner eg det er viktig at dette er mogleg å gjennomføre på forsvarleg vis, samtidig som det opplagt er ønskeleg å halde aborttala nede. Abort er ikkje eit prevensjonsmiddel og heller ikkje ein lett utveg.

Dagens abortlov balanserer godt viktige omsyn og har tent til at vi som samfunn har hatt få konflikter kring spørsmålet. Eg håpar ikkje endringane som stortingsfleirtalet vedtek fører til meir konflikt, men er redd dei vil gjera det. Det ville vore klokt å lytte til kloke ord frå Anki Gerhardsen og andre som advarer mot å rokke ved ei abortlov som har fungert konfliktdempande.

Gerhardsen skreiv dette på Facebook 25/11: «Nei. Jeg vil ikke endre dagens abortlov. Jeg mener den har tjent oss godt, og at den balanserer stødig etisk og praktisk. Kvinnens behov for kontroll over eget liv er ivaretatt, og vi anerkjenner at det er et ufødt menneske som også - etterhvert - har krav på rettsvern.»

Annonse
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Eg meiner vi bør gjera det enklare for fleire å velje å fullføre svangerskap i yngre alder, men dette handlar ikkje berre om praktiske ting og økonomi. Det handlar også om haldningane våre og om å forstå biologien vår. Det er ei gåve å bringe fram ein unge, og kroppane til oss kvinner er best eigna til dette tidleg i tjueåra, i ein alder der mange no ikkje ser seg mål på å bli mor.

Sjølv fekk eg sonen min for over eit halvt liv sidan, då mykje yngre enn mange førstefødande er no. Eit problem no er at mange kvinner ventar så lenge med å få ungar at dei ikkje får det til på naturleg vis, noko som fører til behandlingar som er belastande for kroppen. Og som aukar moglegheita for graviditet med fleire foster. Dette igjen fører til risiko for komplikasjonar og dermed fleire ønske om å få gjennomføre abortar der berre eitt av fostra skal overleva.

Dette er ikkje bra. Eg er ikkje berre mot å auke abortgrensa frå 12 til 18 veker, eg er også mot framlegget om høve til fosterreduksjon. Eg håpar verkeleg at fleire kvinner framover ser verdien i å bli mor tidlegare slik at denne problematikken ikkje berre blir meir og meir gjeldande.

Ja, rett til sjølvbestemt abort er viktig, men det å få ungar tidleg er ikkje nødvendigvis eit så stort hinder for liv og karriere som mange kanskje kan tru. Tru meg, det gjekk an å bli stortingsrepresentant seinare sjølv om eg fekk unge som 24-åring. Det kan definitivt vera mange fordelar ved å få ungar tidleg. Og somtid er det både vakkert og vidunderleg å la naturen gå sin gang. Det perspektivet må ikkje forsvinne for oss.

Annonse
Annonse
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Dette sier de nok fordi de vet at det ikke gjør noen forskjell. Det er kapasitet nok til å eksportere ...
Terje Sundsbø 6 dager siden Statlig eller kommunal fergedrift?
Sunnmørsposten har publisert sin egen versjon av Rasmussens kronikk - de har fjernet alle linker. Det er skremmende at en ...
Terje Sundsbø 6 dager siden Statlig eller kommunal fergedrift?
En meget tankevekkende artikkel som bør leses: https://www.rbnett.no/meninger/i/lwe9yL/kan-vi-adressere-det-faktiske-problemet"Ein kan til stadigheit lese innlegg i avisene frå godt vaksne menn som ...
Hans-Peter Kaaresen 10 dager siden Forvaltningslovens vegvalg
Bra skrevet Paul.  Loven blir tydeligvis praktisert forskjellig.  I løpet av de neste 12 åra som MA er satt på ...
Terje Sundsbø 12 dager siden FrP leverer det vi lova
Frp kan takke dagens regjering for at partiet kan innfri sine valgløfter, ikke egen innsats. Men det er typisk for ...
Terje Sundsbø 14 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
@Anne Mari SandshamnSom vanlig ingen saklige argumenter verken til Rasmussens artikkel eller mine momenter. Det oppsummerer motstanden mot Møreaksen i et nøtteskall.
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse