Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Besøk vår personvernside for mer detaljer.
Annonse
Lars Valderhaug
Ytring
05 april 2019 14:07
Del på Facebook
Lars Valderhaug. Foto: Privat
Lars Valderhaug. Foto: Privat
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Til Sunnmørspostens kommentar 27. mars til styremøtet i Helse Møre og Romsdal 27. mars vedr. nedleggjing av fødeavdelinga i Kristiansund.

Sunnmørsposten: «Gir seg over til avmaktens raseri» (krever innlogging). Og: «Ett av forslagene var til og med å utsette effektueringen av nedleggelsen til man kunne gi noe tilbake til Kristiansund. Dette var en utstrakt hånd som nordmørskommunene nå trolig nekter å ta imot».

Gir seg over til avmaktens raseri

Eit forslag om å utsetje vedtak om nedleggjing av fødeavdelinga i Kristiansund kom opp under møtet, men vart trylla bort undervegs i den mest kaotiske møteleiinga eg har opplevd. Fødeavdelinga er vedtatt nedlagt FØR det nye sjukehuset i Molde er på plass! Stikk i strid med føresetnadane! Og grunnen er eine og åleine økonomiske innsparingar.

Raseriet som har oppstått på Nordmøre etter den hårreisande sakshandsaminga har eg stor forståing for. Det har tydelegvis ikkje Sunnmørsposten. Det einaste som vart antyda som plaster på såret for tap av fødeavdelinga var at Kristiansund kanskje kunne få behalde noko «elektivt», som kan vere den solide og godt innarbeidde ortopediske avdelinga, men dette vart ikkje stadfesta. I ein oppheita debatt grunna svik bør ikkje Sunnmørsposten konkludere på førehand om kva som blir konklusjonen på Nordmøre på dette, men ha forståing for tragedien i å bli svikta.

Fødeavdelinga er altså tapt årevis før det var forutsett. Og eit spørsmål som melder seg med tapet av fødeavdelinga er kor lenge Nordmøre får behalde barneavdelinga. Kanskje den utstrekte handa vil ta meir før ho kanskje gir ein trøystepremie? Har Sunnmørsposten vore inne på den tanken? Eg har stor forståing for raseriet og fortvilinga dette har medført på Nordmøre. Det har tydelegvis ikkje Sunnmørsposten. Nordmøringane berre «gir seg over til avmaktens raseri». Dette er den negative måten å sjå det på. Kan det kome noko positivt ut av dette raseriet? Det ser eg ikkje bort ifrå. Eg trur ikkje nordmøringane berre gir seg over utan å gjere noko med situasjonen.

Eg sakna litt bakgrunnsstoff og litt nordmørsvinkling i denne kommentaren. Sjølv på Sunnmøre. Og overskrifta er unødvendig negativ, og eit teikn på at forfattaren ikkje har tolka situasjonen rett. Vi får sjå då om raseriet utløyser makt eller avmakt. Sunnmørspostens vinkling og ordbruk er ikkje oppskrifta på å løyse opp i den fastlåste fogderistriden. Frå før ber Nordøyvegen og den håplause og nordmørsfiendtlege Møreaksen («Moldeaksen») bensin til bålet.

Snubletrådane som trugar eit funksjonsfriskt fylke står altså i kø. Så det er viktig at vi har empati med kvarandre, og tenkjer over korleis vi omtalar kvarandre. Eg sluttar meg til konklusjonane i Sunnmørspostens ansvarlege redaktørs kronikk i laurdagsavisa, «Tillit må vinnast kvar dag» – seier ein sunnmøring som har budd på Nordmøre sidan 1990, og har sett forskjellige variantar av fogderistriden.

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

@Geir Ole SætremyrDa har du endelig erkjent at Kjerringsundet ikke er uavhengig av Møreaksen, men faktisk avhengig av Møreaksen. Og at fastlandssambandene ...
@Terje SundsbøDu har framleis ikkje lest KS2 for Kjerringsundet.  Dei var usikre på om Aukra var kredittverdige fram til 2070, eller ...
@Geir Ole SætremyrFinansieringen av Kjerringsundet er ikke uavhengig av Møreaksen. Uten fastlandsforbindelse for Otrøya eller Gossen, så vil trafikken og bompengene bli ...
@Terje SundsbøØkonomisk uavhengig når der gjeld finansiering. Og, for å vere nøyaktig skal byggekostnaden dekkast av opplåning mot tilbakebetaling gjennom innkreving av ...
@Geir Ole SætremyrDu sier at Kjerringsundet har felles byggeledelse med Møreaksen, og kan ikke bygges uten tunnelmassen fra Møreaksen. Hvordan kan du ...
@Terje SundsbøJa, der er eigen KS2 for Kjerringsundsambandet. Datert 2022 basert på 2021 prisar. Totalkostnad 4,9 mrd. Eigen økonomi, men med ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse