Aure Rehabiliteringssenter er ein del av den spesialiserte rehabiliteringstenesta i Helse Møre og Romsdal HF. Vi gir eit individuelt tilpassa tilbod til pasientar med komplekse og samansatte funksjonsvanskar. Rehabiliteringstilbodet byggjer på ei tverrfagleg samhandling med pasienten, pårørande og kommunale tenester.Vår definerte oppgåve er å gje tilbod til personar med Parkinsons sjukdom, multippel sklerose eller andre nevrologiske tilstandar, og til personer med behov for Arbeidsretta rehabilitering.
Vi søker primært etter sjukepleiar/vernepleiar. Andre med 3-årig høgskuleutdanning innan helse/sosialfag er og velkomne til å søkje. Stillinga er i 2-delt turnus og med fri kvar helg. Omrokkering kan gje andre ledige stillingar.
Aure rehabiliteringssenter er tverrfagleg samansatt og teamet vårt innheld nevrolog, osteopat, psykomotorisk fysioterapeut, andre fysioterapeutar, ergoterapeut, sjukepleiarar, helsefagarbeidar og sekretær. Etter oppstart av ny drift våren 2021 har vi aktivt tatt i bruk digitale verktøy inn i pasientbehandlinga, og erfarer at dette kan gje rom for vidare utvikling og nye modellar for moderne rehabilitering. Vi tilbyr opphald i 5-døgnspost med påfølgande heimeopphald gjennom digital oppfølging. Deretter vil pasientforløpet kunne inkludere polikliniske og/eller ambulante tilbod. Frå 2022 er CheckWare implementert som reiskap for digital pasientmedvirkning.
Vi håpar å høyre frå deg og ver vennleg å laste opp attestar og vitnemål i din søknad.
Arbeidsoppgåver
- Medvirke i kartlegging- og oppfølgingsarbeid, samtalebehandling og temaundervisning
- Ansvar som rehabiliteringskoordinator
- Medvirke til vidare utvikling av tilbodet gjennom interesse for rehabilitering og digital pasientbehandling
- Medvirke til gode pasientforløp i samarbeid med aktuelle samarbeidspartar
- Arbeide lojalt etter oppsette behandlingsmål og tiltak
- Halde seg oppdatert på seksjonen sine rutiner og prosedyrer
- Halde seg fagleg oppdatert
Kvalifikasjonar
- Godkjent autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
- Andre med 3-årig høgskuleutdanning innan helse/sosial-fag er og velkomne til å søkje stillinga som då evt blir 1-års vikariat
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og muntleg
- God teknologisk og digital kompetanse
Personlege eigenskapar
- Du er initiativrik, praktisk og fleksibel
- Du er positiv og medvirkar til eit godt arbeidsmiljø
- Du har gode samarbeidsevner både internt og eksternt
- Du har vilje til å bidra til eigen og andre sin kompetanse
- Du har stor arbeidskapasitet og trives i eit arbeidsmiljø med tidvis høgt tempo
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
- Dyktige medarbeidarar med lang erfaring innan spesialisert rehabilitering
- Rettleiing og fagleg utvikling
- Eit fagområde som er inne i en spanande utvikling
- Fokus på fagleg oppdatering
Kontaktinformasjon
Marit Gyldenskog, Seksjonsleiar, 71217200
Anita Gjerde Andreassen, Sjukepleiar, 46960664
Arbeidsstad
Bergsvegen 38
6690 Aure
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 4638284935
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 21.08.2023
Søknadsfrist: 11.04.2023