Om stillinga
Kriminalomsorga Hustad fengsel søkjer etter fengselsbetjentar i 100 % fast stilling i turnus.
Ein fengselsbetjent har ansvar for dei innsette i deira kvardag. Fengselsbetjenten skal ha evne til tryggleikstenking, grensesetjing og konflikthandtering og i tillegg vere ein samtalepartnar, rollemodell og rettleiar for dei innsette. Fengselsbetjenten skal også delta i målretta progresjonsarbeid med dei innsette.
Arbeidsoppgåver
• avdelingsteneste med daglege oppgåver knytte til innsette
• kontaktbetjentarbeid, soningsplanlegging, miljøarbeid og programarbeid
• vera ein aktiv medspelar i tryggleiksarbeidet ved avdelinga
• motivera dei innsette
• andre rutinemessige oppgåver
Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde.
Utdanning og erfaring
Du må ha
• bestått fengselsbetjentutdanning fra Kriminalomsorgens høgskole og utdanningssenter KRUS
• god kunnskap og erfaring i bruk av IKT - system eller verktøy
• god munnleg og skriftleg framstillingsevne
• førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
• gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
• evne til å jobbe sjølvstendig, målretta og systematisk med målgruppa
• evne til å søkje gode løysingar for den enkelte, i samspel med kollegaer, leiing og eksterne samarbeidspartnarar
• tolmod, ansvarsfull, å kunne setje grenser og ha evna til å motivere menneske i vanskelege livssituasjonar
• evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
• meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
• gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse.
• kantineordning, trening i arbeidstida, moglegheit for lading av elbil.
• stillinga blir løna som 0264 fengselsbetjent frå kr 443 000 – 557 100 per år avhengig av ansiennitet/kvalifikasjonar. Kvelds-, natt- og helgetillegg etter gjeldande satsar kjem i tillegg. Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon
Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her.
Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.
Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til fengselsleiar Trude Aarseth, tlf. 71 26 30 10.
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.