Absolutt samtlige parti her i fylket, har i meir enn 30 år prioritert i alle NTP høyringar, E136 Romsdalen på topp som ubestridt nr. 1.
Forklar:
- Kvifor har då Statens vegvesen ilag med nokre nøkkelpersoner på Molde klart å bruke alle planleggingsmidlar, fleire hundre million kroner på Møreaksen?
- Kvifor har ikkje Statens vegvesen fulgt prioriteringane ang E136, og korleis har det egentlig blitt til at Møreaksen har klart å «snike» så fundamentalt i køa?
Sist veke var det konferanse ang E136 i Ålesund.
Absolutt alle, næringslivet, FrP, Ap, Sp og Høgre sine representantar var klokkeklare på at E136 frå Ålesund til Bjorli, var og er prioritet nr. 1 her i fylket.
Kvifor stemte Ap, Sp, og Høgre imot mitt framlegg i Stortinget om å byggje E136 Ålesund til Bjorli, og sørge for at dette prosjektet faktisk vart prioritert som nr. 1 her i fylket?
Alle er enige om at E136 er prioritet nr. 1, likevel har Statens vegvesen og ein «klan» ikring Møreaksen prestert å skubbe E136 ut i årtier på årtier.
Heldigvis har Nye vegar as no fått strekninga på E136 frå Vestnes til Bjorli, no er det faktisk eit reelt håp for snarleg utbygging.
Greinalaust er det derimot at E136 frå Moa til Vestnes ligg i Statens vegvesen sine hender, utsetting på utsetting, trenering og atter trenering har vi opplevd til no.
Vi får gjere det vi kan for at Nye vegar as får ansvaret for heile strekninga Ålesund til Bjorli på E136, då blir det veg!
Så er det no også snart på tide å «dykke» under overflata på kva som egentlig har foregått ikring Møreaksen, både i Statens vegvesen og i «Møreaksenklanen» .
At her er «ureint trav» er det liten tvil om, som dessverre har gått brutalt utover E136 Romsdalen.