Regjeringa har varsla ny NTP i 2024, rett og slett for å brutalt kutte ned i tidligare NTP-grunnlag.
Allerede no ser vi Statens vegvesen heldigvis har skubba Møreaksen ut til etter 2025/26, noko som betyr starten på slutten for dette prosjektet. Slett ikkje rart når alle dei 5 store veiprosjekta her i landet har fått stoppordre og er utsatt på ubestemt tid.
Møreaksen er sjanselaus uansett korleis ein vrir og vender på tull og tall!
I NRK 10. februar sa Espen Barth Eide følgjande:
«Når vi nå lager ny NTP skal vi prioritere å bruke gamle veier om igjen. Altså bruke det som allerede er bygd, rette ut noen svinger, kanskje utvide med en veiskulder.»
Dette forklarer kvifor regjeringa kuttar brutalt innan samferdsel, når dei berre skal «klatte» på eksisterande vegar.
At nokon då innbiller seg at denne regjeringa vil bygge Møreaksen og samanlikne dette med InterCity, er mildt sagt utenkelig. Uansett kva tallgrunnlag ein brukar så var det faktisk ikkje eg som meinte Møreaksen var samanliknbar med InterCity.
Klarer vi her i fylket å fokusere på E136 og «dødsvegen» E39 Veibust–Blindheim–Moa, har vi muligens sjanse til å få noko gjennomført.
«Møreaksenklanen» holder denne saka varm, og det er jaggu bra. For, det verste som kunne skje er at dette galskapens prosjekt sakte men sikkert fekk snike seg usett inn i Statsbudsjetta.
No skjer heldigvis ikkje dette, og dei aller fleste her i fylket og definitivt i resten av landet er hoderystande over at nokon kunne tru at mange titals milliard kr skulle kunne brukast på ei fjordkryssing med 2292 bilar i døgnet.
Folket i Møre og Romsdal har ikkje bruk for å køyre ut på øyane, og gjennom Molde by for å kunne komme seg igjennom E39 her i fylket.
Folket i Møre og Romsdal har ikkje råda til å betale 472 kr tur/retur på Møreaksen, dette med rabatt. Utan rabatt blir ein flådd ytterlegare.
Dette er tall frå før dagens årlige prisstigningar på 14,4 prosent på slike vegprosjekt, kva endeleg bompengesats vil kunne bli aner ingen,
Eg har hevda 5–600 kr tur retur, og får garantert rett vil eg tru.
Kven har råda til å pendle Ålesund–Molde med liksom bu og arbeidsmarknad med 472 kr i bompenger pr. dag? I tillegg kjem bypakke Ålesund og bompengar på Hjelset.
2360kr pr veke?
9440kr pr mnd?
Og, desse satsane vil altså stige ytterlegare?
Rett og slett berre galskap, og ikkje rart at folk på til dømes Vestnes som pendlar til Molde i dag, uttalar at det berre er å skifte jobb dersom Møreaksen skulle kome.
Det høyrer med til historia at ferja for pendlarar er i dag gratis, og for bil skal prisen halverast.
Trur vi klarer oss godt med gratisferjer og halv pris framover ei tid, inn til vi får prosjektert eit flytebrualternativ over Romsdalsaksen, som både er billigare, tryggare og miljømessig forsvarleg.