Fremskrittspartiets Frank Sve, Geir Stenseth og Anne Marie Fiksdal med fremlegg til fylkesutvalget 30. august – med krav om ny behandling av Nasjonal transportplan gjeldende ferjefri E39.
– Vi ber om at det blir satt på saklista til fylkesutvalgsmøtet den 30/8-2021 sak ang skandalen som TK har avslørt ang underslag av opplysning og rapport som syner at Romsdalsaksen kan byggjast ca 10 milliard kr billigare enn Møreaksen.
– Både innbyggjarane, Fylkestinget og Stortinget er ført bak lyset og lurt til å behandle Nasjonal transportplan med feilaktig og grovt mangelfull informasjon om alternativa for kryssing av Romsdalsfjorden.
– Det er store protestar i fylket frå alle hold ang det som har kome fram, og kravet frå innbyggjarane i fylket er svært tydeleg i saka ikring kryssing av Romsdalsfjorden, og vi som folkevalgte for fylket må ta ansvar til å sette søkelyset på saka.
– Det er no på sin plass at fylkesutvalget på vegne av fylkestinget i Møre og Romsdal gjer følgjande vedtak som vert sendt til regjering ved statsminister, samferdselsminister, Stortinget samt til Riksrevisjonen.
Framlegg til vedtak i fylkesutvalget:
Møre og Romsdal fylkeskommune viser til avsløringane som Tidens krav har kome med ang manglande framlegging og underslag av alternativ for kryssing av Romsdalsfjorden ved alternativet Romsdalsaksen, som tyder på at dette alternativet er ca 10 milliard kr billigare enn Møreaksen.
Det Norske samfunnet er bygd opp med tillit og openheit som grunnlag, og vi kan ikkje finne oss i at vesentleg og relevant informasjon ikkje vert tillagt Fylkesting og Stortinget i ei så viktig sak ang behandling av Nasjonal transportplan.
Avsløringane om hemmelighold av svært relevante og avgjerande opplysningar ikring alternativet Romsdalsaksen, medfører at heile behandlinga av Nasjonal Transportplan på dette området er blitt til på ein ulovleg og urettvis måte, som må føre til betydelige konsekvensar for saka.
Møre og Romsdal fylkeskommune krever:
- At regjering og Stortinget sørger for ny likeverdig, og fullverdig utgreiing av Romsdalsaksen vert gjennomført, også med nyaste flytebruteknologi med opningssluser, og at ny behandling av ferjefri kryssing av Romsdalsfjorden blir gjennomført i Stortinget.
- I påvente av ny behandling av NTP på området ferjefri kryssing av Romsdalsfjorden med ny utgreiing av Romsdalsaksen, blir alt planarbeidet med Møreaksen stoppa med umiddelbar verknad.
- Møre og Romsdal fylke krev ekstern gransking av skandalen ikring Romsdalsaksen og krev at både Riksrevisjonen og kontroll og konstitusjonskomiteen på Stortinget gjennomfører gransking med eventuell open høyring i saka.