Annonse
KSU – Vipps – desktop
Frank Sve, 1. nestleder i Transport- og kommunikasjonskomiteen Stortingsrepresentant (FrP)
Ytring
Frank Sve, 1. nestleder i Transport- og kommunikasjonskomiteen Stortingsrepresentant (FrP)
01 januar 2025 12:28
Del på Facebook
Frank Sve. Foto: Fremskrittspartiet
Frank Sve. Foto: Fremskrittspartiet
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.

Derfor er vårt næringsliv, våre arbeidsplassar det viktigaste vi har her i fylket, som dessverre dagens regjering ved Støre og Vedum har svikta totalt.

Aldri før har vi hatt ei meir næringsfiendtlig regjering her i landet. Skyhøge skattar, avgifter, drivstoff og straumprisar har ført svært mange bedrifter på veg til til underskot og konkurs.

Annonse
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Sp og Vedum har vist kva dei står for i praksis, med kanskje den verste distriktspolitikken vi har opplevd på lenge.

Ja, for det er her ute i distrikta slik som her i Møre og Romsdal vi verkeleg får merke den skyhøge kostnadsveksten pga høg rente, skyhøge skattar, avgifter , drivstoff og straumprisar.

Transport, bygg og anleggsbransjen står i kneståande, og spesielt desse næringane har verkeleg fått merke Vedum i praksis.

Det er no på høg tid at regjeringa blir skifta ut med ei regjering med eit sterkt FrP, der næringspolitikk må stå i førersetet.

FrP som fylkets desidert største parti har vist kva vi står for i fylkespolitikken, og levert det vi lova.

Auka satsing på samferdsel, ingen kutt i ferjedrifta og god økonomisk kontroll ved kraftig rasjonalisering av fylkesbyråkratiet er heilt nødvendig.

Auka vedlikehald av fylkesvegane er både trafikktrygging i praksis, færre ulykker, men også kjærkomne oppdrag for ei transport, bygg og anleggsbransje med slunkne ordrebøker.

80% av vegnettet her i landet er fylkesveg, der halvparten av alvorlige ulykker og dødsulukker skjer på fylkesvegar.

Annonse
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Når Høgre ved fylkesordførar vil kutte i samferdsel, er dette kun å knegå grunnlaget frå ei raud/grøn regjering, og bygger slett ikkje fylket.

FrP satsar kraftig på fylkesveg i partiets Statsbudsjett, der fylkesvegane blir løfta fram med auke på heile 1 milliard kr ekstra for 2025 og for kvart åra framover.

Det same gjeld for rassikring, skuleveg og trafikktrygging der FrP aukar desse rammene kraftig.

FrP rasjonaliserer fylkeskommunane og byråkratiet, der vi viser dette i praksis her i fylket ved at det er kutta mellom 150–200 million kr dei siste åra på fylkeshuset.

2 milliard kr i kutt av fylkeskommunalt byråkrati i eit forvaltningsnivå vi helst vil legge ned, er rett og slett nødvendig.

Departementet og direktorat esar også ut, og det er på høg tid med ei opprydding med eit krafttak med betydeleg offentleg rasjonalisering, der sparte midlar må brukast til å skaffe vekst og utvikling.

Når Sp klagar over at FrP kuttar i fylkeskommunane med milliardbeløp, viser Sp sin håplause politikk, der byråkrati er viktigare for Sp enn privat næringsliv som faktisk skapar verdiane her i landet.

Offentleg byråkrati veks med dagens regjering, eit byråkrati som kun forbruker det privat næringsliv skapar av verdiar.

Ei ny borgarleg regjering til hausten med eit knallsterkt FrP er heilt nødvendig for at verdiskapinga blir sett på dagsorden igjen, ein aktiv og målretta næringspolitikk må igjen bli viktigast,

Dette fordi, det er privat næringsliv som skapar kvar ei krone det offentlege forbrukar, der byråkratiet har gløymt totalt kven som betalar løna deira.

Annonse
Annonse
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Geir Ole Sætremyr 9 timer siden Demokratiets veivalg
@Terje SundsbøDet eg sikter til er at tildelingsbrevet er eit resultat av fleirtalsvedtak om NTP og budsjettforliket for 2025. I tillegg ...
Terje Sundsbø 11 timer siden Demokratiets veivalg
@Geir Ole SætremyrJeg fant ingen ting om Ålesundstunnelene og mulig avlasting med ferge. Kan du være mer spesifikk til hva du sikter ...
Geir Ole Sætremyr 13 timer siden Demokratiets veivalg
@Terje SundsbøDu kan lese dokumentet som Regjeringa har utstedt til SVV som del av normal demokratisk prosess  https://www.regjeringen.no/no/dokument/dep/sd/tildelingsbrev-arsrapporter-og-instrukser-samferdselsdepartementet/id749211/?expand=factbox2587672
Terje Sundsbø 1 dager siden Demokratiets veivalg
Noen på Sunnmøre har ingen ting imot fortsatt ferge til Aukra, Otrøya og over Romsdalsfjorden. Da har de sikkert heller ...
Geir Ole Sætremyr 2 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøLogikken som SVV har er at ein startar å bygge den delstrekninga som har lengst byggetid. Og det er?
Terje Sundsbø 2 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrSVV har konsekvent hatt som målsetting at hele Fergefri E39 Ålesund-Molde, dvs. både trinn 1 og 2, skal ferdigstilles samtidig. ...
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse