Annonse
KSU – Vipps – desktop
Bernt Bøe
Artikkel
Bernt Bøe
29 august 2024 15:06
Del på Facebook
Bønekrukke i Åsskard kyrkje – med skrivekort og symbolsteinar. Foto: Bernt Bøe
Bønekrukke i Åsskard kyrkje – med skrivekort og symbolsteinar. Foto: Bernt Bøe

Kyrkjene våre er ordna for aktiv bruk på ymse måtar – forkynning, song, dåp, nattverd, og handlingar som takkoffer, bøn og lystenning. Ordet «liturgi» kan omsettast med «folket i handling».

Bønekrukke

Fleire kyrkjer tok i bruk bønekrukke for nokre år sidan. Tidvis har den av ulike grunnar vore ute av bruk. I seinare tid har bruken teke seg opp att og vorte innlemma i liturgien.

Annonse
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Enkelt sagt er ideen at ein legg sine bøneønske i krukka. Det kan skje med notat på eit papirkort eller med ein liten stein som symbol på ei bør vi vil legge ifrå oss.

Krukka med innhald blir løfta fram under ei forbønshandling i løpet av gudstenesta. Korta med notat er sjølvsagt anonymiserte og blir makulerte etter gudstenesta.

Lysgloben

Globen er bilete på verda. Kristuslyset i midta viser at «Kristus er verdens lys» – slik Bibelen seier og slik vi syng frå salmeboka.

Frå Kristus-flammen kan folk i kyrkja tenne lys som ei bønehandling «for noko eller nokon vi tenkjer på», som det gjerne blir sagt.

Dette kan gjerast når som helst – når vi kjem inn i kyrkja eller i samband med takkoffer eller nattverd.

Annonse
Annonse

Med utgangspunkt i symbolforståinga har kyrkjekonsulentar og andre fagfolk grunngjevne råd om bruken. Berre nye lys skal tennast. Brente lys skal ikkje brukast opp att. Dei «har gjort si gjerning», men kan samlast inn og smeltast om att. Globen er heller ikkje ein vanleg «lysestake», men tek altså imot bønelys.

Plassering

Det er ulike meiningar om kvar i kyrkja bønekrukka og lysgloben skal plasserast. Dette blir med forskjellig grunngjeving gjort ymse stader.

Om globen seier ein sentral fagkonsulent: – Opprinnelig bør den stå nær inngangen. Det er et fint første møte med kirkerommet. Mange kvier seg for å gå frem i det åpne kirkerommet. Man blir så synlig da.

Likevel bør globen vera flyttbar, seier kyrkjekonsulenten: – Av og til brukes lysgloben i forbindelse med forbønn og plasseres da i alterområdet.

Lysglobar har vore å finne i dei fleste kyrkjer sidan 1990-talet. Bønekrukker blir også stadig vanlegare. For den som vil, gir dette rike høve til ulike bønehandlingar.

Globen i Øye kyrkje med tente lys – her etter nattverdfeiringa. Foto: Bernt BøeGloben i Øye kyrkje med tente lys – her etter nattverdfeiringa. Foto: Bernt Bøe

Annonse
Annonse
KSU – Vipps – mobil
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Geir Ole Sætremyr 5 timer siden Fjern flaskehalsene!
@Terje SundsbøDet kan godt vere at Sve tar æra, men det var tross alt Regjeringa, inkludert Sigbjørn Gjelsvik, som plasserte Møreaksen ...
Terje Sundsbø 6 timer siden Fjern flaskehalsene!
@Geir Ole SætremyrI Sunnmørsposten tar Frank Sve (Frp) æren for å ha stoppet Møreaksen. Det har gitt tidenes laveste tildeling til M&R ...
Geir Ole Sætremyr 7 timer siden Fjern flaskehalsene!
@Terje SundsbøSigbjørn Gjelsvik som uttalte dette til RB, og artikkelen ligg også hos Sunnmørsposten.Så er det også slik at Regjeringa la ...
Terje Sundsbø 8 timer siden Fjern flaskehalsene!
@Geir Ole SætremyrEller var det at Frank Sve (Frp) fikk flyttet pengene fra Fergefri E39 på Vestlandet til gigantiske jernbaneprosjekter på Østlandet?
Geir Ole Sætremyr 18 timer siden Fjern flaskehalsene!
@Terje SundsbøEr det krigen i Ukraina som er årsaka til at Vik til Molde og Breivika til Ørskogfjellet vart lagt I ...
Terje Sundsbø 19 timer siden Fjern flaskehalsene!
De som ikke tror på Møreaksen må i hvert fall starte å tro på at fergeleiet flyttes vekk fra Molde ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse