Nokre gongar vert det trendy, det som for andre har vore eit bevisst val lenge. Dei siste åra har det vorte trendy å drikke alkoholfritt. Ein slik trend er positiv, fordi det å drikke alkoholfritt kan vere med å redusere faren for kreft.
Forsking har vist at alkohol aukar risikoen for sju ulike kreftformer. Årleg kan 700 krefttilfelle tilskrivast alkoholbruk. Organisasjonane av-og-til og Kreftforeningen støttar Helsedirektoratet i at ein bør merke alkoholhaldige drikke med opplysning om at alkohol kan auke kreftfaren. Helsemerking har vi hatt på tobakk og snus i mange år no. Då er det flott om ein snart kan få det også på vinflasker.
Vi les i Finansavisen 4. januar i år at «Alkoholaksjer stupte etter kreftadvarsel». Dette skjedde på bakgrunn av at den amerikanske helsedirektøren Dr. Vivek Murthy ville inkludere ei åtvaring om kreftfare på alkoholhaldige drikkevarer.
– Når det gjelder enkelte krefttyper, som brystkreft, munnkreft og halskreft, viser forskning at risikoen for å utvikle kreft kan begynne å øke allerede ved ett glass eller mindre per dag, har Dr. Vivek Murthy uttalt i ei tilråding publisert av Reuters og gjengjeve av Finansavisen.
– Når det står en helseadvarsel på flasken eller kartongen, vil flere få vite at alkohol øker risikoen for kreft. Det gjør at vi kanskje tenker oss om en ekstra gang når vi handler alkohol. Det er først når vi vet, at vi kan gjøre gode valg, sa generalsekretær Ingrid Stenstadvoll Ross i Kreftforeningen i ein fellesuttale med av-og-til i 6.4.2022.
Tala frå Vinmonpolet sitt sal av alkoholfritt viser ein auke i 2024. Dei selde 1,3 liter million liter med alkoholfritt, noko som er ein vekst på heile 19 prosent i frå 2023.
For IOGT som er ein ruspolitisk organisasjon som arbeider med både haldningsskapande arbeid og andre tiltak på rusfeltet, er det fint å sjå at fleire arbeider for å få helsemerking på vin. Det er nettopp når ein veit kva helsefarene er ved å bruke ulike varer at ein kan ta gode val. Alkoholfritt er trendy og helsefremjande. Håper trenden varer ved!