Geir Inge Lien skal bygge Møreaksen, på bekostning av E136 Exportvegen og resten av samferdselsfylket.
Det var med interesse eg las i Midsundingen intervju med Sp Lien og Gjeldsvik, der begge predika at Møreaksen måtte byggjast raskast råd, og det glupe var å starte med tunell til milliardar bak Molde.
Ganske useriøst når den samme Sigbjørn Gjeldsvik er Leiar i Transportkomitéen og tidligare statsråd i dagens Sp og Ap regjering, og skal forfekte regjeringa sin politikk.
Useriøst med bakgrunn i at Gjeldsvik og co har teke Møreaksen heilt ut av den nye 12 årige Nasjonale Transportplanen og er plassert i øydemarka i den såkalla «avviklingsporteføljen». Dette er prosjekt som ikkje kan gjennomførast som planlagt og er sett heilt ut av Stortinget sine planar for samferdsels bygging dei neste 12 åra.
Dette veit Geir Inge Lien, likevel er Møreaksen viktigare for han og Sp her i fylket, enn både E136 Exportvegen og dødsvegen nr. 2 her i landet E39 Solevågseidet–Blindheim til Moa.
Her snakkar vi ikkje ang Møreaksen som å bære høy til ein døyande hest, men rett og slett kaste høyet på dynga.
Geir Inge Lien og Sp trenger ikkje lure mykje på kvifor partiet ligg å vaker rundt sperregrensa når ein fortsatt vil bygge galskapens prosjekt Møreaksen, medan dei viktige næringsvegane og trygge veier her i fylket blir nedprioritert.
FrP vil i ei ny regjering prioritere dei viktige vegane her i fylket, slik som E136 Exportvegen, E39 Solevågseidet–Blindheim til Moa, forbi Batnfjorden i tunell, rv. 70, Voldatunellen og ikkje minst rv. 15 Strynefjellet m/arm til Geiranger.
Så får Geir Inge Lien fortsette å fokusere og arbeide for samferdselsprosjekter som slett ikkje blir bygd, som også er fasiten på Sp sitt engasjement for samferdsel i regjering.
FrP derimot vil fortsette å arbeide for å bygge landet, med ein aktiv, realistisk og utviklande samferdselspolitikk til det beste for vanlige folk og næringslivet i heile Møre og Romsdal.
Av: Frank Sve, 1. nestleder i Transport- og kommunikasjonskomiteen Stortingsrepresentant (FrP)