Annonse
KSU – Vipps – desktop
Dordi Boksasp Lerum
Ytring
Dordi Boksasp Lerum
13 januar 2025 10:37
Del på Facebook
Foto: Ragne B. Lysaker / Senterpartiet
Foto: Ragne B. Lysaker / Senterpartiet
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.

I over eitt år har eg vore norsketarianar, altså berre ete mat produsert med norske råvarer i Noreg. Kvifor?

Jo, fordi maten vi vel på butikken handlar om å støtte opp om den norske sjølvforsyninga, beredskapen, norske arbeidsplassar og å støtte bøndene som kvar dag jobbar for å produsere det som er verdas reinaste og beste mat. Kosthaldet har likevel ikkje berre vore ein dans på roser, og her er tre ting du kanskje ikkje visste om norsk matproduksjon og matsystemet i Noreg.

Annonse
Annonse

Noreg har berre 3 % dyrka mark

I tillegg til å vere norsketarianar har eg odel på eit lite sauebruk, og etter eg er ferdig med studia er planen å ta over garden og drive den slik generasjonar før meg har gjort. Noreg er eit land beståande av mykje fjell og ulent terreng, og berre 3 % av landarealet vårt er dyrka mark. Noko av det mest berekraftige ein kan ete er norsk raudt kjøt frå dyr som har beita i utmarka og oppretthaldt kulturlandskapet og biologisk mangfald.

Daglegvarekjedene har ein enorm makt

Gjennom dei siste tre åra med Senterpartiet og Ap i regjering har det vore ei ordentleg satsing på norsk jordbruk og matproduksjon. Uavhengig av kven som sit i regjering meiner eg at dei tre store daglegvarekjedene har uforholdsmessig stor makt – og det er dei som reellt sett styrer mykje av jordbrukspolitikken. Saman kontrollerer Norgesgruppen, Coop og Rema 1000 over 95 % av marknaden, og er dei som avgjer om maten i butikkhylla er norsk eller importert. Altfor ofte opplever eg diverre det sistnemnde.

Vi importerer store mengder mat frå land der folk svelt

Visste du at over halvparten av all maten vi et i Noreg vert importert frå utlandet? Til og med land i Afrika og Asia, som vi vanlegvis ikkje likar å samanlikne oss med, klarar å brødfø ein større del av sin befolkning enn det vi gjer. I følgje Bondelaget er vi blant verdas minst sjølvforsynte land. Noko av det som kanskje er mest oppsiktsvekkjande er at Noreg importerer store mengder kjøt frå fattige land som Namibia og Botswana der mellom 20 % og 30 % av befolkninga i følgje FN er underernærte. Samstundes som at Nortura ved nyttår hadde om lag 5000 tonn storfekjøt på lager, importerte vi i 2024 sannsynlegvis over 2000 tonn storfekjøt frå dei nemnde landa. For å ikkje snakke om massiv import av eksotiske frukt, grønsaker og belgfrukter som er knytt til mafiaverksemd og barnearbeid. Det heng ikkje på greip.

Annonse
Annonse

Kva kan du gjere?

Gjennom heile året har eg dokumentert prosjektet mitt på Tiktok der eg har titusenvis av visningar kvar dag. Det er for meg heilt tydeleg at ungdommen i Noreg er opptekne av og medvitne på kor viktig det er å ete norsk mat. Eg forstår at det ikkje er praktisk mogleg for alle å bli 100 % norsketarianar, men eg håpar eg kan inspirere folk til å litt meir norsk.

For kvardagsvala vi forbrukarar gjer tyder noko. Ved å velje norsk mat er ein med på å styrke den norske bonden og sjølvforsyninga til Noreg. Det har kanskje aldri vore viktigare enn no, i den urolege tida vi er inne i.

Av: Dordi Lerum, Tiktokar og senterpartipolitikar

Annonse
Annonse
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Terje Sundsbø 30 minutter siden Demokratiets veivalg
@Geir Ole SætremyrDet er ingen katte i sekken. Sekken består av bl.a. null-alternativet (fortsatt ferge), som også inneholder et alternativ med flytting ...
Geir Ole Sætremyr 6 timer siden Demokratiets veivalg
@Terje SundsbøDer kom katta ut av sekken. Ein provokasjon for ny veg Julbøen til Fuglset. Samla kostnad 10 mrdFlytting av fergeleiet ...
Terje Sundsbø 6 timer siden Demokratiets veivalg
@Geir Ole SætremyrAt fjerning av flaskehalser på E39 medfører større trafikk er jo hele hensikten. Da er en ny trasé påkrevd, ikke ...
Geir Ole Sætremyr 7 timer siden Demokratiets veivalg
@Terje SundsbøDersom du studerer trafikkdata frå tellepunkta til SVV vil du sjå at å flytte trafikken frå noverande fergeterminal tikl ny ...
Terje Sundsbø 7 timer siden Demokratiets veivalg
@Geir Ole SætremyrÅ fjerne flaskehalser har ikke som mål å redusere trafikken. Man endrer traséen for å bedre trafikkflyten.
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse