Annonse
KSU – Vipps – desktop
Frank Sve
Ytring
Frank Sve
13 januar 2025 09:45
Del på Facebook
Illustrasjon laget med KI-tjeneste fra Google.
Illustrasjon laget med KI-tjeneste fra Google.
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.

Av offentlege inngrep skal samfunnet tungast ned, er sikkert mottoet til Høgre her i fylket når dyrare ferjer og drivstoff er målet.

Fire gongar har Høgre kjempa for å sette opp ferjetakstane her i fylket, og såleis brote samarbeidet mellom dei fire borgarlege partia og budsjettet for 2025 som alle var enige om.

Annonse
Annonse

FrP, Høgre, KrF og Venstre fremma felles heilheitleg fylkesbudsjett i fylkestinget i desember.

Gleda var stor når det lukkast å få til eit glimrande budsjett med fortsatt rasjonalisering av fylkeshuset, satsing på vidaregåande skular, inga nedlegging, og fortsatt nødvendig satsing på samferdsel.

Eit godt samarbeid mellom partia var grunnlaget for eit godt budsjett, og stemninga var meget god mellom dei fire borgarlege partia.

Gleda varte ikkje lenge når FrP, KrF og Venstre vart vitner til at Høgre enda ein gong braut samarbeidet minuttet etter fellesbudsjettet var vedteke, og gjekk over til Sp, Ap og SV og vedtok kraftig ferjetakstaukar etter framlegg frå Dahl og co i Høgre.

To takstsonar vart denne gongen resultatet, som altså er fjerde gongen takstsone blir tvinga opp kraftig med Høgre.

Tusenvis av kr dyrare for vanlige folk som skal på jobb og er avhengige av ferjer, og ein kraftig auke av ferjekostnadane for næringslivet vart fasiten med Høgre.

Ikkje berre vil dette partiet tvinge alle til el-bilar, med dyrare drivstoff og vanvittige klima og miljøtiltak, ferjedrifta skal tydelegvis også takast.

KrF og Venstre stå stødig ilag med FrP og holder sine valgløfter, Høgre derimot framstår meir eller mindre i spagat på kva side dei egentlig er i politikken her i fylket.

No står vi igjen med eit parti Høgre, som slett ikkje sørger for borgarleg politikk, men gong etter gong går over i bukselommene til Ap og Sp.

Annonse
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Frå før er Møre og Romsdal knallhardt ramma av konsekvensane av Sp og Ap i regjering.
Skyhøge skattar, avgifter, formuesskatt, grunnrenteskatt, straum, drivstoffprisar, og med høg rente.

Konkursar på konkursar kan vi lese om i media, og mange næringsområder slit pga den ekstreme kostnadsveksten,

Kva gjer så Høgre?

Jau, gjer situasjonen for innbyggjarane og næringslivet her i fylket betydeleg verre ved å AUKE utgiftene til ferjedrifta brutalt, med fire gongar å auke prisane.

Dobbelt så mykje er ferjetakstane no auka her i fylket en dei takstaukande som Ap og Sp stod for som førte til det store ferje opprøret i 2018/19.

Men, det vi ser av Høgre her i fylket er ikkje så ulikt kva dette partiet gjer på Stortinget.

Høgre diltar etter Vedum og Støre, og det er slett ikkje enkelt å sjå kva som egentlig er forskjellen mellom Ap og Høgre.

Korleis Høgre her i fylket skal forklare denne forskjellen forstår ikkje eg, når til dømes Høgre vil ha dyrare drivstoff enn Vedum og Støre, samt enda meir klima og miljøhysteri.

Eit knallsterkt FrP er nok einaste muligheita for at Høgre igjen kan pressast til å føre normal høyrepolitikk og for at Høgre skal slippe skjørtekanten til Støre og Vedum.

Av: Frank Sve, 1. nestleder i Transport- og kommunikasjonskomiteen Stortingsrepresentant (FrP)

Annonse
Annonse
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Geir Ole Sætremyr 18 minutter siden Demokratiets veivalg
@Terje SundsbøDer kom katta ut av sekken. Ein provokasjon for ny veg Julbøen til Fuglset. Samla kostnad 10 mrdFlytting av fergeleiet ...
Terje Sundsbø 45 minutter siden Demokratiets veivalg
@Geir Ole SætremyrAt fjerning av flaskehalser på E39 medfører større trafikk er jo hele hensikten. Da er en ny trasé påkrevd, ikke ...
Geir Ole Sætremyr 1 timer siden Demokratiets veivalg
@Terje SundsbøDersom du studerer trafikkdata frå tellepunkta til SVV vil du sjå at å flytte trafikken frå noverande fergeterminal tikl ny ...
Terje Sundsbø 1 timer siden Demokratiets veivalg
@Geir Ole SætremyrÅ fjerne flaskehalser har ikke som mål å redusere trafikken. Man endrer traséen for å bedre trafikkflyten.
Geir Ole Sætremyr 9 timer siden Demokratiets veivalg
@Terje SundsbøTrafikken gjennom Molde blir ikkje redusert med å flytte ferga til Mordalsvågen. 
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse