Med FrP i regjering har landet sjelden hatt større samferdselssatsing, det lukta asfalt landet rundt og 280 km med ny motorveg vart resultatet.
I tillegg auka FrP satsinga på fylkesveg gjennom solide overføringar, historisk lav rente og kutt i skattar og avgifter.
No er det igjen på høg tid med FrP i regjering, etter snart fire år med total reverseringspolitikk innan samferdsel, der landet aldri har sett ei meir tafatt regjering enn Sp og Ap i praksis.
Nasjonal transportplanen med Støre, Vedum og co, vart triste greier for Møre og Romsdal.
I Volda åt Sp kaker og ordføraren jubla etter at Voldatunellen som er meir enn byggjeklar, vart skubba ut til siste 6 årsperioden med resultatet at Statens vegvesen stoppa alt arbeide.
Rv. 15 Strynefjellet med arm til Geiranger, tre statsrådar åt kaker så det taut ut av munnvikane, der dei frammøtte ikkje fekk med seg at også dette prosjektet vart skubba ut i øydemarka.
Kun Veibustkrysset med nokre hundre mill kr vart fasiten for vårt fylke, og anleggsbransjen fortviler.
Heller ikkje fylkesvegane fekk noko løft, der bløffen om 1 milliard kr årlig ekstra, vart til skarven 300 million kr. 30 mill kr for Møre og Romsdal, samtidig som samferdselsministeren kutta 45 million kr til vårt fylke i øyremerka samferdselsramme.
FrP viste i vår NTP kva vi kjem til å gjere i regjering. Kraftig satsing på samferdsels bygging der E-136 skal settet igang frå Ålesund til Bjorli med EiT kraftig økonomisk løft for Nye veier as.
E39 Solevågseidet–Blindheim til Moa skal prioriterast der Nye Veier as bygg også dette.
Voldatunellen er berre å komme igang med rett etter valget, vanvittig at dette er stoppa av Sp.
Samtidig må rv. 70, samt E39 forbi Batnfjorden byggjast samt at Møreaksen ein gong for alle blir skrota for godt.
EiT nytt fleirtal med FrP, Høgre, KrF, Venstre, SV og Rødt sikra oppstart av rv. 15 med arm til Geiranger i eige vedtak i Stortinget i NTP.
Sp og Ap måtte instruerast her, samt eit eige vedtak om kraftfull satsing på fylkesvegane som regjeringa i sitt statsbudsjett for 2025 galant ga blaffen i. Ikkje lurt å la vere å gjennomføre Stortingsvedtak, men milliardar til batteri fabrikker og havvind har dei flust av.
FrP skal igjen bygge landet når vi på nytt inntar samferdselsdepartementet, det er på høg tid med ei kraftfull vegbygging her i landet.
Av: Frank Sve, 1. nestleder i Transport- og kommunikasjonskomiteen Stortingsrepresentant (FrP)