Annonse
KSU – Vipps – desktop
Bernt Bøe
Artikkel
Bernt Bøe
03 juli 2024 09:27
Del på Facebook
Idealisten Ole N. Aalmo var lærar i Bøfjorden 1884–1903 og skapte eit frodig lagsliv. Foto: Bøfjorden Historielag
Idealisten Ole N. Aalmo var lærar i Bøfjorden 1884–1903 og skapte eit frodig lagsliv. Foto: Bøfjorden Historielag

Glimt av kultur og aktivt lagsliv heilt frå 1880-åra er tema for biletkåseriet på museet i Bøfjorden søndag.

Læraren og idealisten Ole Aalmo (1861-1943) drog i gang mykje i bygda – Hjelmen Skytterlag, meieri, fråhaldslag, misjonsforeining og anna.

Annonse
Annonse

Gjensyn med elevprosjekt frå 1986

Sentralt i programmet står biletserien «Misjonsauksjon», som Bøfjord-elevar laga i 1986. Her vil mange kjenne seg att mesta 40 år seinare!

Lever vidare i dag

Mykje som blomstra opp i 1880-åra, pregar kulturlivet enno. Skyttarlaget (1888) er «i skuddet» som berre det. Like eins barnearbeidet «Amigos», ein ungdommeleg oppfølgjar av «Bøfjordens Missionsforening» frå 1884.

Aalmo inspirerte mange til aktivitet. Personar og hendingar stig fram frå gulna protokollar. Og kvinnene i ulike foreiningar får omtale – dei prega meir enn vi anar!

Møteboka dramatisert

Med protokollen frå 1884 som manus laga skuleklassen 102 år seinare fotoseanse av den tids misjonsauksjon – og det «on location» i stua på Heggem. Dei digitaliserte lysbileta gir gjensyn med ein rik kulturtradisjon og med dyktige aktørar – no vaksne i 50-åra.

Annonse
Annonse

Misjonsfolk, skyttarar og alle tradisjonsbevisste er målgruppe for søndagens program.

Og sjølsagt alle kaffetørste! Gunnvor og Inger på kjøkenet har hengt-på kjelen og ordna med smågodt til kaffen.

Bøfjord-elevane som i 1986 gjenskapte Missionsauktion på Heggem – on location. Foto: Bernt BøeBøfjord-elevane som i 1986 gjenskapte Missionsauktion på Heggem – on location. Foto: Bernt Bøe

80-åringen Kristine (Molle) Heggem stilte som ekte tradisjonsberar i dramatiseringa. Elevane er Tanja (t.v.) og Elin. Foto: Bernt Bøe80-åringen Kristine (Molle) Heggem stilte som ekte tradisjonsberar i dramatiseringa. Elevane er Tanja (t.v.) og Elin. Foto: Bernt Bøe

På oppropet «Gi bud!» var ikkje elevane tungbedne – slik som Åse Karin (t.h.) Foto: Bernt BøePå oppropet «Gi bud!» var ikkje elevane tungbedne – slik som Åse Karin (t.h.) Foto: Bernt Bøe

Anita har fått tilslaget på heimvove ullty – ordrett frå møteboka. Jorid (t.h.) beundrar produktet. Foto: Bernt BøeAnita har fått tilslaget på heimvove ullty – ordrett frå møteboka. Jorid (t.h.) beundrar produktet. Foto: Bernt Bøe

Annonse
Annonse
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Terje Sundsbø 5 timer siden Demokratiets veivalg
Noen på Sunnmøre har ingen ting imot fortsatt ferge til Aukra, Otrøya og over Romsdalsfjorden. Da har de sikkert heller ...
Geir Ole Sætremyr 16 timer siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøLogikken som SVV har er at ein startar å bygge den delstrekninga som har lengst byggetid. Og det er?
Terje Sundsbø 18 timer siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrSVV har konsekvent hatt som målsetting at hele Fergefri E39 Ålesund-Molde, dvs. både trinn 1 og 2, skal ferdigstilles samtidig. ...
Terje Sundsbø 18 timer siden Slutt med svada Sve!
@Arne AlmaasSamferdselspolitikk må bygge på fakta. Du har imidlertid diktet opp egne tall, isteden for å bruke tallene fra KS2-analysen. Flott ...
Arne Almaas 1 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje Sundsbø Jeg ser at i siste klipp jeg la inn, så har ÅDT ganget seg opp. Men uansett så er tallene ...
Geir Ole Sætremyr 1 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøSVV har vore flink med å sette opp tidsakser mellom oppstart og opning av dei ulike delstrekningane.Du kan starte med ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse