Annonse
Bernt Bøe
Artikkel
Bernt Bøe
05 august 2024 20:44
Del på Facebook
Desse viser ekte Settemsdals-konfeksjon: Svein (frå venstre), Geir, Varg, Syver og Nils Johan. Foto: Bernt Bøe
Desse viser ekte Settemsdals-konfeksjon: Svein (frå venstre), Geir, Varg, Syver og Nils Johan. Foto: Bernt Bøe

Kledeproduksjon og handel, bjønnajakt og frodige personar har prega Settemsdalen. Dette var tema på museet i Bøfjorden søndag.

Gode informantar hjelpte historielaget med stoff til ein times biletkåseri. Sporty mannekengar
starta programmet med å vise produkt frå konfeksjonsfabrikken Settemsdal AS, som for 70 år sia sysselsette 18-19 personar.

Velsydd og vakkert

Syver stilte i Hjelmen-dress størrelse 12 år, Varg i blåjakke etter OL-modell 1952, Nils i søndagskleda hans Jonas Bæverfjord, Svein i vaksen Hjelmen-jakke med tilsvarande knickers og Geir i elegant gabardinkappe.

Alt var velsydd - i vindmaul, gabardin og førsteklasses dressty. Elles produserte dei ymse plagg - frå skjermhuver til damedrakter. - Kappa eg fekk til konfirmasjonen, var sjølsagt sydd her, skyt Elise Settemsdal inn. - Men kjolar laga dei ikkje.

Frå steinfunn til mjølkerobot

Dagens biletserie opna med sjumilsskritt gjennom bygda si historie. Det var funn frå muleg steinalder, bjønnahistorier, grenda som middelaldertun (town) og portrett av markante damer: Guro Grøtan (1949-1955) var i si tid landets eldste.

Peder Settumbsdall hadde sagbruk i hollendertida på 1600-talet. Hans Nielsen Hauge var her i 1799. Tragiske ting skjedde ved Liavatnet for 150 år sia. Stor optimistisme prega bureisinga under krigen. Og fellesfjøset i Oppigarden, med robotstyrt mjølking, viser at bygda følgjer med i tida.

Mange utflytta og nokre heimebuande settemsdalingar var blant dei seksti frammøtte.

Settemsdal AS

Det meste av biletkåseriet handla om tekstilbedrifta Settemsdal AS. Denne starta på loftet i Negarden i 1936. Ivar Settemsdal hadde fagbrev frå Sigurd Sæther på Surnadalsøra. Saman med brørne Kåre og Erik bygde han i 1938 fabrikken og bustaden Midtstad - attmed dagens busshaldeplass. Her vart det også butikk og post etter kvart.

Attåt syarane «på golvet» var Kåre Settemsdal og John Foss salgsagentar. Med bedrifta sin IFA-bil knytte dei kundekontaktar på Nordmøre, i Trøndelag og Østerdalen. Levering av feltkapper til forsvaret var dertil ein stabil leveranse.

Kommentarane i forsamlinga sat lett. - Seinare vart den avskilta IFA-en ein suveren leikeplass for ungar frå heile Bøfjorden, bemerka Mary Lovise Moen, dotter av Erik Settemsdal.

Butikk og post

Rundt 1950 starta Erik daglegvarehandel i underetasjen. I søndagens kåseri vart denne presentert av sønnen Geir - med tegningar og utdrag frå rekneskapen. Fleire supplerte med minne frå bua. Her spente vareutvalget frå mjølk, smør, sjokolade og tobakk til nyttårsrakettar og dynamitt. Ein gummiball til Bøfjorden skule i 1963 kosta kr. 4,50 og skapte nok liv og røre i friminutta.

Elise Settemsdal var ekspeditør rundt 1960. Ho hugsa mangt, for eksempel kor tregt sirupen rann frå fatet ute på det kalde lageret vinters tid. – Litt skreddar var eg også og sauma knappar i gylfen på mannfolkbuksene, smilte ho.

Annonse
Annonse

Midtstad hyste også Settemsdal Brevhus i 1950- og 60-åra. Omsetninga var stor - særleg fordi mykje konfeksjon vart sendt i postoppkrav.

Gradvis opphør

Men tidene endra seg. På 1960-talet trappa både kledeproduksjon, post og dagleghandel ned. Magne Bergheim dreiv butikken til 1967. Formelt vart Settemsdal AS oppløyst i 1976.

Historielaget uttrykte stor takk til dei som hjelpte til med å hente fram denne fargerike epoken i Settemsdalen si historie – særleg Geir Settemsdal, Elise Settemsdal, Asbjørn Solem, Roar Sætherø, Inger Settemsdal og Arve Settemsdal. Og ikkje minst vart dei takka som hadde lånt ut Settemsdals-konfeksjon til framsyning på temadagen.

Ruth og Ingebrigt Sætherø kjøpte bygninga i 1977 og dreiv der handel med måling, husinventar og liknande. - Og så minnest eg at dei hadde kiosk med is og brus ei tid, kunne Øyvind Magnor Bøe fortelje.

Roar Sætherø, sønn av Ruth og Ingebrigt, har vore eigar sia 1995. Men no står det skilt med «Til salgs» på veggen.

Margrete og Tove Mogstad med eit settemsdalsk stasplagg i herleg stoff og snitt: Jakken og buksa som Olav Mogstad (mølnaren) fekk målsydd etter OL-dressen frå 1952! Og bror Dagfinn fekk ein tilsvarande i  barnestørrelse. Foto: Bernt BøeMargrete og Tove Mogstad med eit settemsdalsk stasplagg i herleg stoff og snitt: Jakken og buksa som Olav Mogstad (mølnaren) fekk målsydd etter OL-dressen frå 1952! Og bror Dagfinn fekk ein tilsvarande i barnestørrelse. Foto: Bernt Bøe

Utflytta nabo til fabrikken, Jenny (Sylte) Harbak, kom heilt frå Trondheim for å delta i programmet. Ho og søstera Else (t.v.) mintest mykje om temaet. I midta Lars Sjøflot, mannen til Else.  Foto: Bernt BøeUtflytta nabo til fabrikken, Jenny (Sylte) Harbak, kom heilt frå Trondheim for å delta i programmet. Ho og søstera Else (t.v.) mintest mykje om temaet. I midta Lars Sjøflot, mannen til Else. Foto: Bernt Bøe

Fleire stasplagg. Frå venstre Hjelmen-dress (utlånt frå Negarden ved Inger Settemsdal), findress og barnedress (utlånt av Ingrid og Jan Einar Bæverfjord) og gabardinkappe (Negarden).Fleire stasplagg. Frå venstre Hjelmen-dress (utlånt frå Negarden ved Inger Settemsdal), findress og barnedress (utlånt av Ingrid og Jan Einar Bæverfjord) og gabardinkappe (Negarden).

Lite er att av utstyret på skreddarverkstedet. Men knappholsymaskina eksisterer. Foto: Roar SætherøLite er att av utstyret på skreddarverkstedet. Men knappholsymaskina eksisterer. Foto: Roar Sætherø

Elise Settemsdal med leikesybordet og persjarnet som ho fekk av handelsmann Pettersen på Innergarden. Her vart det stroke mange dokkeplagg, ser du! Foto: Bernt BøeElise Settemsdal med leikesybordet og persjarnet som ho fekk av handelsmann Pettersen på Innergarden. Her vart det stroke mange dokkeplagg, ser du! Foto: Bernt Bøe

Den klassiske Berkel-vekta frå butikken i Settemsdalen. Og symaskina til høgre var i bruk på fabrikken. Foto: Bernt BøeDen klassiske Berkel-vekta frå butikken i Settemsdalen. Og symaskina til høgre var i bruk på fabrikken. Foto: Bernt Bøe

Helge Settemsdal (t.v., fødd 1945) og Asbjørn Solem (1946) på trappa til verkstedet. Skiltet på veggen viser at Postverket hadde brevhus her – lenge før sjølve Bøfjorden postkontor vart flytta til Settemsdalen.Helge Settemsdal (t.v., fødd 1945) og Asbjørn Solem (1946) på trappa til verkstedet. Skiltet på veggen viser at Postverket hadde brevhus her – lenge før sjølve Bøfjorden postkontor vart flytta til Settemsdalen.

Mange tok ettermiddagskaffen under historietimen på museet. Foto: Bernt BøeMange tok ettermiddagskaffen under historietimen på museet. Foto: Bernt Bøe

Annonse
Annonse
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse

Innlogging

Siste kommentarer

Ketil Strand Andersen 2 dager siden Skremmende fremtidsscenario
Bra innlegg. Valg til neste år, da gjelder det.
Terje Sundsbø 3 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
Hvor lenge kan motstanderne av Møreaksen skjule kostnadene med fortsatt ferge? "Når fergene avløses av Møreaksen frigis enorme mengder strøm, ...
Terje Sundsbø 3 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
@Arne AlmaasFakta er bedre enn fabler, spesielt i diskusjoner om samferdsel. Dine metaforer om elefanter kommer vi ingen vei med. Spesielt ...
Arne Almaas 3 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
@Terje SundsbøDet eneste jeg ønsker å kommentere er at det ikke er vits i å kommentere dialogene du og RR har ...
Terje Sundsbø 3 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
@Arne AlmaasKommentarfeltet benyttes til å diskutere momenter til artikkelen, ikke til å presentere nyheter. Hva er det i artikkelen du ønsker å ...
Terje Sundsbø 3 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
Høyre prioriterer Fergefri E39 Møreaksen: https://www.smp.no/meninger/leserinnlegg/i/8qxqed/hoeyres-prioriteringer-i-nasjonal-transportplanEr det noen privatpraktiserende fogderipolitikere i Høyre Møre og Romsdal som våger å tale Erna ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse