Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Besøk vår personvernside for mer detaljer.
Annonse
KSU – Vipps – desktop
Bernt Bøe
Artikkel
06 august 2024 09:00
Del på Facebook
– Ved holmen bak meg forliste rutebåten i mars 1944! Asbjørn var passasjer og viser her foto av havaristen. Foto: Bernt Bøe
– Ved holmen bak meg forliste rutebåten i mars 1944! Asbjørn var passasjer og viser her foto av havaristen. Foto: Bernt Bøe

Datoen 6. august 2024 lyg ikkje: Asbjørn Bævre er hundre år. Ikkje til å tru!

Vel. Han har i alle fall nytta tida til eit rikt liv – ikkje minst for andre.

Annonse
Annonse

Skaffa ved til byen

Asbjørn vaks opp på Sagtrøa i Bøfjorden, som den sjuande i ein barneflokk på ni. I tillegg til skulegang hos lærar Megard eit steinkast unna var det nok av oppgåver på det lille bruket.

Som 15-åring begynte han som dreng og altmulegmann på Halsa prestegard, der broren Johannes var forpaktar.

– Eg kjørte med eigen hest og dreiv skogsarbeid. Mellom anna leverte vi mykje ved frå Vassdalen til Kristiansund kommune i krisa under krigen, minnest han.

7 mål før pause

Sprekingen spela fotball og var habil målscorar for Halsa-laget, eit blant dei beste på Nordmøre den tida. Ingen får Asbjørn til å skryte av seg sjøl. Men det går enno ord om den gongen han steppa inn på Bøfjord-laget i ein søndagskamp mot Åsskard. Asbjørn rakk berre førsteomgangen før han laut reise med dampen. Likevel scora han 7 mål før han for!

– Og det der har oldedotter Dorsin på damelaget til RBK fått høre, det kan du lite på! smiler dottera Marit Jorid Brennskag.

Da dampen forliste

Med si flotte songstemme var Asbjørn med i Halsa Songlag. Minna frå tida med kunstnaren Olav Halse som dirigent er både vakre og vemodige, synest han.

Han hugsar også godt den dramatiske kvelden i mars 1944 da han og koret drog med rutebåten «Statsraad Riddervold» til songkonsert i Bøfjorden og skipet i snøtjukka forliste ved Skrøvsetholmen.

Emissær - på Royal Enfield

Gjennom heile livet har Asbjørn vore engasjert i kyrkje- og misjonsarbeid. I 1948 begynte han på Bibelskulen i Oslo – noko som la grunnlag for 13 år som emissær for Norsk Luthersk Indremisjon på Nordmøre.

– Da køyrde eg omkring på motorsykkel, fortel han. – Først med ein stor Royal Enfield, seinare med ein Tempo 150-kubikk.

I dette arbeidet fekk Asbjørn mange venner i bygdene og samarbeidde med gode kollegaer. Ein av dei var Arne Løvold. Solo og duettsong var ein viktig del av forkynninga.

Annonse
Annonse

Tang til Algea

I sommarferiane dreiv han mykje tangskurd og skaffa seg eigen båt til dette. Tanget vart levert til Algea Produkter på Frei. Ein temasøndag på museet i Bøfjorden heldt Asbjøn eit levande kåseri om dette. - Eg hadde med gutar i konfirmasjonalderen, fortalte han. – Fortenesta var bra. Det kom i alle fall mange nye syklar til bygda!

Heim og yrke

Asbjørn vart gift med si Ragnhild (Ulset) frå Vågbø i 1956. Året før var allereie den nye heimen Tunsvoll attmed Sagtrøa bygd. Ragnhild og Asbjørn fekk borna Marit Jorid, Anne Solveig og Knut.

Etter ei tid med gardsdrift på Ulset i Straumneset og på Båtneset (Vågbø) kom dei att til Bøfjorden, der Asbjørn lenge var i arbeid på Nordmøre Impregnering.

I 1985-86 hadde han og Ragnhild den daglege leiinga av misjonsleirstaden Phillipshaugen i Øksendalen.

Yrkeskarrieren vart avslutta med jobben som vaktmeister ved Bøfjorden skule, der Ragnhild var reinhaldar.

Bedehuset og kyrkja

Som emissær og frivillig har han gjort stor innsats i det lokale kristenlivet. I 13 år var han klokkar i Åsskard kyrkje. Også her gjekk han gjerne ei mil ekstra – som julaftan 1981, da presten vart sjuk og klokkar Asbjørn like godt overtok leiinga av heile gudstenesta i Åsskard-kyrkja!

Den flotte songstemma hans prega tenesta både som emissær, klokkar og deltakar i kristenflokken elles.

Bedehuset Betania i Bøfjorden har vore som ein kjær heim. Her var han av dei som kunne føre ordet. Her dreiv han søndagsskule. Og her han gledd seg over all aktivitet, som songen i Bøfjorden Musikklag og ikkje minst barne- og ungdomsarbeidet.

Velgjort og velstelt

Asbjørn Bævre representerte KrF i Surnadal kommunestyre i to valperiodar og arbeidde godt med viktige saker for både åndsliv og lokalsamfunn.

Som hendt snikkar har han fryda seg i arbeidshuset og skapt mange fine gjenstandar, bord og møblar vi finn i heimar rundt i Bøfjorden. Og ikkje minst har hagestell og utearbeid gjeve stor glede – han har grønare fingrar enn dei fleste!

Det er på alle måtar velgjort og velstelt der hundreåringen Asbjørn Bævre har vore på ferde!

Ein Tempo 150 tilsvarande denne 1955-modellen hadde  Asbjørn i emissær-tida. Bilde fra WikipediaEin Tempo 150 tilsvarande denne 1955-modellen hadde Asbjørn i emissær-tida. Bilde fra Wikipedia

Annonse
Annonse
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

@Terje SundsbøDu får ikkje meir konkret svar enn dette. Uansett kor mykje du higer etter det for å underbygge tankerekke kring ...
@Geir Ole SætremyrDu svarer ikke på spørsmålet om hva ditt synspunkt er. Hva du tror vil bli resultatet er ikke det jeg ...
@Terje SundsbøEg har svart at veiprising vil der bli i form av enten bompengar no som vil finansiere kollektivtilbud, eller ny ...
@Geir Ole SætremyrDu farer bevisst med løgn. Jeg har ikke sagt at du står i ledtog med Frank Sve (Frp). Jeg skrev: ...
@Terje SundsbøDu insinuerer at eg, busett i Ålesund,  står i ledtog med Frank Sve. Forøvrig, eg sa eg var i møte på ...
@Geir Ole SætremyrDet jo du som beskylder meg for meninger jeg ikke har. Jeg sier ikke at folk ikke bryr seg om ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse