Annonse
KSU – Vipps – desktop
Bernt Bøe
Artikkel
Bernt Bøe
26 august 2024 10:01
Del på Facebook
Etter gudstenesta i Stangvik: Kyrkjeverje Tor Rune Halset (frå venstre), prost Vidar Wilhelmsen Rygh, sokneprest Pål Arne Winsnes, organist Amund Valde og fellesrådsleiar Stig Sæter. Foto: Lars Polden
Etter gudstenesta i Stangvik: Kyrkjeverje Tor Rune Halset (frå venstre), prost Vidar Wilhelmsen Rygh, sokneprest Pål Arne Winsnes, organist Amund Valde og fellesrådsleiar Stig Sæter. Foto: Lars Polden

– Ja, dette har vi venta på så lenge! Fellesrådsleiar Stig Sæter hadde alle med seg da han presenterte Surnadals nye prest og organist med desse orda søndag.

Gudstenesta i Stangvik kyrkje om føremiddagen var prega av fest og glede. Det same galdt kveldsmessa i Ranes same dag.

Annonse
Annonse

I Stangvik presenterte fellesrådsleiaren både den nye soknepresten Pål Arne Winsnes og nytilsett organist Amund Valde. Han las også opp biskop Midttømme sitt kallsbrev til nypresten.

Mange aktørar
Utanom Winsnes ( liturg og predikant) deltok prost Vidar Rygh, klokkar Rannveig Brøske, diakon Gro Hauge Venås, kyrkjetenar og videoteknikar Frank Botten, kyrkjeverje Tor Rune Halset, organist Bernt Bøe, fløytist Tove Elin Strand, songsolist Turid Røen Kroknes, koret P-17 og forsongarar på Stangvik og Surnadal.

«Gratis» – kjerneord i trua

I preika si tok den nye presten utgangspunkt i dagens tekst om arbeidet i vingarden. Han poengterte at Gud ikkje lønner oss etter det vi fortener, men av berre nåde. Det latinske uttrykket «Solo Gratia» (av nåde åleine) er same ordet som «gratis», eit sentralt uttrykk for kjernen i kristentrua, sa Winsnes.

Lovsongstonar

Påtroppande Surnadals-organist Amund Valde spela klaver under nattverd og takkoffer – ikkje minst med ei fin tolking av Bachs Preludium i C-dur frå «Das Wohltemperierte Clavier».

Songarane på galleriet berika salmesongen med klangfulle korstemmer. Tove Elin la glansfulle fløytetonar til. Koret Prosjekt 17 framførte «Hosianna» av Thomas Olivers og gospeltonen «Amen» før songarar, fløyte og orgel samla seg i lovsongen «Laudate omnes gentes» (av Berthier) som postludium.

Kveldsmesse i Ranes

Søndag kveld hadde sokneprest Winsnes og organist Valde si første gudsteneste saman – i Ranes kyrkje. Her deltok også songkoret Tordenskjold, leia av Elin Persson, og ordførar Hugo Pedersen helsa frå kommunen.

Annonse
Annonse
KSU – Vipps – mobil
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Geir Ole Sætremyr 1 timer siden Fjern flaskehalsene!
@Terje SundsbøDet kan godt vere at Sve tar æra, men det var tross alt Regjeringa, inkludert Sigbjørn Gjelsvik, som plasserte Møreaksen ...
Terje Sundsbø 1 timer siden Fjern flaskehalsene!
@Geir Ole SætremyrI Sunnmørsposten tar Frank Sve (Frp) æren for å ha stoppet Møreaksen. Det har gitt tidenes laveste tildeling til M&R ...
Geir Ole Sætremyr 3 timer siden Fjern flaskehalsene!
@Terje SundsbøSigbjørn Gjelsvik som uttalte dette til RB, og artikkelen ligg også hos Sunnmørsposten.Så er det også slik at Regjeringa la ...
Terje Sundsbø 4 timer siden Fjern flaskehalsene!
@Geir Ole SætremyrEller var det at Frank Sve (Frp) fikk flyttet pengene fra Fergefri E39 på Vestlandet til gigantiske jernbaneprosjekter på Østlandet?
Geir Ole Sætremyr 14 timer siden Fjern flaskehalsene!
@Terje SundsbøEr det krigen i Ukraina som er årsaka til at Vik til Molde og Breivika til Ørskogfjellet vart lagt I ...
Terje Sundsbø 15 timer siden Fjern flaskehalsene!
De som ikke tror på Møreaksen må i hvert fall starte å tro på at fergeleiet flyttes vekk fra Molde ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse