Annonse
KSU – Vipps – desktop
Bernt Bøe
Artikkel
Bernt Bøe
02 september 2024 13:03
Del på Facebook
Begeistring for Johanna Halse sin vevkunst. Kristian og Mali Settem, Nora Bøe og Gunnhild Vetleseter Bøe (delvis skjult) beundrar dei flotte bordløparane. Eit åkle av henne ser vi bak til venstre. Foto: Bernt Bøe
Begeistring for Johanna Halse sin vevkunst. Kristian og Mali Settem, Nora Bøe og Gunnhild Vetleseter Bøe (delvis skjult) beundrar dei flotte bordløparane. Eit åkle av henne ser vi bak til venstre. Foto: Bernt Bøe

– Så mykje flott folk skaper! Artig at dei endeleg får vise det fram!

Orda frå ein imponert gjest under søndagens lille hobbymesse i Bøfjorden seier noko vesentleg: Kreativiteten blant små og store i bygdene er mangfaldig. Husflid, handverk og kunst blomstrar. Iderikdom og variasjon er imponerande, kvaliteten til dels høg.

Annonse
Annonse

Nyttige gåver

Sjøl om det flotte uteveret nok hemma frammøtet på museet, bugna tilboda til julegåver og anna nyttig. Gunnvor, Else og Kirsten med lestar og vottar. Sigrun med prydeleg porselen, måleri og bondekunst. Marita og Anne Berit med flotte motiv på plater av ekte bølandsbjørk.

Søstrene Kunst

Her var måleri av søstrene Gjertrud Heggem og Tanja Grimsmo. Sistnemnte også med frodig oppkomme av dekorative juleprodukt. Og ikkje minst: Som kunstnarar står desse to fullt på høgde med mange vi oftare les om.

Dei yngste

Også den yngre garde stod på. Ingrid, Vår og Einar selde nydelege bakarvarer ute i Litlsalen. – Vi tente godt med pengar og! bekrefta dei. Og Sólja stilte med spennande karnevalsmasker!

Hardbust og jeppe

Ute var det «hardbust» og «jeppe». For dei vaksne var dette nostalgisk gjensyn med barndoms tidtrøyte. For dei små kanskje første møte med klassiske barneleikar som historielaget gjerne vil friske opp att.

Hardbust (bøfjorddialekt for middelalderens skrekkvåpen «armbrøst») vart prøva under vaksent påsyn. Og jamen gjekk pilen på blink når avtrekkaren løyste den stramme snora! To-tre vaksne prøva seg også.

Å «vippe jeppe» er ein variert og spennande leikekonkurranse med ulike reglar frå bygd til bygd. Utafor trappa fekk leiken ein kjapp renessanse denne dagen. Og reglar (da frå Rindalen) vart utdelt til publikum.

Meisterverk av Johanna Halse

I husflids ånd viste museet fram sin nyaste tilvekst til utstillingane: Eit åkle og to løparar etter Johanna Halse (1870–1954) – Nordmøres fremste vevkunstnar i si tid. At ho fekk takkebrev frå daverande kronprins Olav for nordmørsteppet ho laga til hans og kronprinsesse Märtha sitt bryllaup i 1929, var eit artig apropos til bryllaupet i Geiranger denne helga.

Påskjøning for trufast oppmøte

Under programmet fekk skipperveteran Peder Sæther ei påskjøning frå Bøfjorden Historielag for trufast oppmøte på sjøbruksmuseet så å seie kvar einaste sommarsøndag i mange år. Gåva var eit fat med måleri av DS Bøfjord – skuta som bestefaren Peder senior fekk bygd på Bølandet i 1914.

Annonse
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Altså mykje fint, nyttig og historisk var framme denne søndagen.

Sólja, mor Marita og mormor Anne Berit med vakre produkt. Sólja er spesialist på spennande masker! Foto: Gunnhild Vetleseter BøeSólja, mor Marita og mormor Anne Berit med vakre produkt. Sólja er spesialist på spennande masker! Foto: Gunnhild Vetleseter Bøe

Unge bakarar bak disken: Einar (frå høgre), Vår og Ingrid har fått Inger Lise og Harald som kundar. Foto: Bernt BøeUnge bakarar bak disken: Einar (frå høgre), Vår og Ingrid har fått Inger Lise og Harald som kundar. Foto: Bernt Bøe

Sigrun Hesjehagen målar både porselen og rosekunst – som her på denne ølkanna. Foto: Bernt BøeSigrun Hesjehagen målar både porselen og rosekunst – som her på denne ølkanna. Foto: Bernt Bøe

Randi Bøe (t.v.) er fascinert av kunsten til søstrene Gjertrud Heggem (sittande) og Tanja Grimsmo. Foto: Bernt BøeRandi Bøe (t.v.) er fascinert av kunsten til søstrene Gjertrud Heggem (sittande) og Tanja Grimsmo. Foto: Bernt Bøe

Gjertrud Heggem med «alna», klar til å vippe «jeppen» (kvemsen) som ligg oppå «hullu». Bak: Lars Sjøflot – som dreiv denne sporten for snart 80 år sia. Foto: Bernt BøeGjertrud Heggem med «alna», klar til å vippe «jeppen» (kvemsen) som ligg oppå «hullu». Bak: Lars Sjøflot – som dreiv denne sporten for snart 80 år sia. Foto: Bernt Bøe

Imponerande: Kristian fangar kvemsen (jeppen) i lufta. Dermed får han og dei to andre på utelaget, Lars Isak og Harald, overta føringa. (Meisterleg foto av Mali Settem!)Imponerande: Kristian fangar kvemsen (jeppen) i lufta. Dermed får han og dei to andre på utelaget, Lars Isak og Harald, overta føringa. (Meisterleg foto av Mali Settem!)

Bernt instruerer Lars Isak i bruk av armbrøst eller «hardbust», som det treffande heiter i Bøfjorden. I bakgrunnen Kristian Settem. Foto: Gunnhild Vetleseter BøeBernt instruerer Lars Isak i bruk av armbrøst eller «hardbust», som det treffande heiter i Bøfjorden. I bakgrunnen Kristian Settem. Foto: Gunnhild Vetleseter Bøe

Gunnvor Bøe selde mange lestar og vottar. Her vart det varmande julegåver til mange. Foto: Gunnhild Vetleseter BøeGunnvor Bøe selde mange lestar og vottar. Her vart det varmande julegåver til mange. Foto: Gunnhild Vetleseter Bøe

Også kjøkenet hadde gode produkt. Nora selde godsaker til kaffen. Foto: HistorielagetOgså kjøkenet hadde gode produkt. Nora selde godsaker til kaffen. Foto: Historielaget

Annonse
Annonse
KSU – Vipps – mobil
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Terje Sundsbø 2 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrOgså kvalitetssikringen fra KS2 rapporten viser altså at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bompriser, er større enn med ferge.Utslippene ...
Geir Ole Sætremyr 2 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEg har bedt om innsyn i Effekt-rapporten som SVV sende til TØI som utfyllende utrekningar som TØI/Dovre skulke kvalitetssikre.Det som ...
Terje Sundsbø 3 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrKS2-analysen viser at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bomsatser, er større enn med ferge. Jeg gjentar - dette er fra ...
Geir Ole Sætremyr 3 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEr klar over at SVV brukar standard programvare for beregningene.  Men, blir det meir riktig?Der er vel ei smertegrense for ...
Terje Sundsbø 3 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrKS2-analysen viser at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bomsatser, er større enn med ferge.
Geir Ole Sætremyr 4 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøDette er di tolking Fram til 2022 tall er bompengesatsane det samme som det svv har brukt I grunnlagsmaterialet.  Det kan ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse