Annonse
Bernt Bøe
Artikkel
Bernt Bøe
08 september 2024 17:45
Del på Facebook
Folksamt: Tett rundt borda i den gamle skulestua på Årnes når Svein ønskjer vel møtt. Foto: Bernt Bøe
Folksamt: Tett rundt borda i den gamle skulestua på Årnes når Svein ønskjer vel møtt. Foto: Bernt Bøe

Strålande tur-ver, stappfullt grendahus og rikhaldig program skapte ein fin Årnesdag.

Dagen starta med ein markatur og besøk på den gamle Musters-eigedomen Trøin. Denne gong var det opne dører her, og følgjet fekk gå inn og få seg kaffe.

Annonse
Annonse

Så samlast ein i grendahuset, den tidlegare Årnes skule. Her var det først ei overdådig servering med bidrag frå ein raus lokal komite. Brit Smenes og Inger Haugen gjorde ypperleg kjøkenteneste.

Midlar til stadnamnmerking

Loddsalget gjekk strykande. Gunnar Nisja og Knut Kaupang styrte basaren på beste måte. Trekninga av gevinstar ville ingen ende ta, og det kom inn 12.400 kr til kulturarbeidet som Årnes-komiteen utfører.

Midlane går delvis til stadnamnmerking i Årnesmarka. Svein Årnes er databasen for dette, og Bjarne Røen har laga flotte skilt som blir sette opp. Komiteen har også fått bankmidlar til dette arbeidet.

Annonse
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Verbalt om kyrkjegard og kyrkjeuttrykk

Frontfigurane for Årnesdagen, Svein Aarnes og Gunn Signe Aarnes vart berømma for sin store innsats og kvitterte med forsmak på ein komande artikkel i «Årsskrift for Stangvik Historielag» - om viktige gravminne på Stangvik kyrkjegard.

Som eit kyrkjeleg apropos fortsette Bernt Bøe med dagleguttrykk med opphav i Bibelen og muntre glimt frå salmesongens historie.

Fager kveldsol

Gamleskulen var fullsett til siste plass som alltid på Årnesdagane. Og som i gamle dagar tona «Fager kveldsol» ut i salen før det bar på heimveg – og det nettopp i fagert solskin.

Servitørar: Smilande Brit Smenes (t.v.) og Inger Haugen sørga for kaffe og servering frå kjøkenet. Foto: Randi BøeServitørar: Smilande Brit Smenes (t.v.) og Inger Haugen sørga for kaffe og servering frå kjøkenet. Foto: Randi Bøe

Frontfigurarar: Gunn Signe Aarnes, Svein Aarnes og Bjarne Røen. Sistnemnde fortent vinnar av dagens hovudgevinst – eit sitteunderlag frå Inger Haugens meisterhand. Foto Bernt BøeFrontfigurarar: Gunn Signe Aarnes, Svein Aarnes og Bjarne Røen. Sistnemnde fortent vinnar av dagens hovudgevinst – eit sitteunderlag frå Inger Haugens meisterhand. Foto Bernt Bøe

Annonse
Annonse
KSU – Vipps – mobil
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Frode Heimen 3 timer siden Veivalg og elefanter i fylket?
Hva om ett prosjekt kan investere 1,37 milliarder på Sunnmøre over 10 år? Som kan brukes via fylket på VGS, ...
Fergeopprør kan unngås - Om politikerne sier ja til Møreaksen forsvinner 6 fergekaier/køer. Da forsvinner også fergeopprøret.
Ketil Strand Andersen 2 dager siden Hva gjør Ap?
@Aage G. SivertsenYou bet!
Aage G. Sivertsen 2 dager siden Hva gjør Ap?
Vi tar en prat om dette, Ketil. Det blir god plass på Rådhusplassen på lørdagene i valgkampen, neste år. 
Kristian Sørum 3 dager siden Det er ikke Trump som er problemet!
ja -det var som du sier høyreregjering når fellessjukehuset ble vedtatt -men man må ikke forglemme at det var en ...
Frode Heimen 4 dager siden Ferjeopprøret heilt nødvendig!
Det koster samfunnet ca 4 milliarder i året å vente på ferger. Halvparten av all fergeventing skjer i fergefylket Møre ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse