Surnadal kommune lyser med dette ut studentstillingar til dei som vil studere sjukepleie frå hausten 2022.
Stillingane vil knyttast til einingane Surnadal sjukeheim og Heimetenesta.
For studentstillingar i Heimetenesta gjeld:
- Tilbod om fast jobb 3.kvar helg i studietida. Ordinære tilsettingsvilkår og studentavlønning
- Ein forpliktar seg til 5 veker arbeid i sommarferiane
- Garanti om 100% fast stilling i kommunen etter dokumentert bestått utdanning og framlagt autorisasjon
For studentstillingar ved Surnadal sjukeheim gjeld følgjande tilbod om studentpakke:
Fulltidsstudie over 3 år:
- Stipend 2.år kr. 35.000,-
- Stipend 3.år kr. 45.000,-
- Tilbod om fast jobb 3.kvar helg i studietida.Ordinære tilsettingsvilkår og studentavlønning
- Garanti om 100% fast stilling etter bestått utdanning og framlagt autorisasjon
Ein forpliktar seg til 5 veker arbeid i sommarferien, samt 2 år med bindingstid til Surnadal sjukeheim etter fullført utdanning
Deltidsstudie over 4 år:
- Stipend 2.år kr. 20.000,-
- Stipend 3.år kr. 20.000,-
- Stipend 4.år kr. 40.000,-
- Tilbod om fast 50% stilling med arbeid 3.kvar helg under utdanning. Ordinære tilsettingsvilkår og studentavlønning
- Garanti om 100% fast stilling etter bestått utdanning og framlagt autorisasjon
Ein forpliktar seg til 5 veker arbeid i sommarferiane, samt to år med bindingstid til Surnadal sjukeheim etter fullført utdanning.
Det blir gjennomført intervju med søkarane før tilbod blir gjeve. For tilsette i Surnadal kommune gjeld permisjonsreglane i Personalplanen med omsyn til eksamensdagar og rett til permisjon under utdanning.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg som:
- ønskjer å starte på sjukepleiestudiet. Er du i gang med sjukepleiestudiet kan du også søkje
- kommuniserer godt på norsk og har god skriftleg og muntleg framstillingsevne
Arbeidsoppgåver under studietida
- pleiefaglege oppgåver og ansvar under veiledning:øving på og utføring av sjukepleiefaglege oppgåver saman med sjukepleiarar
- medikamenthandtering
- samarbeid med øvrig personale om oppgåvene som skal løysast på vakt - planlegge og gjennomføre aktivitetar saman med pasientane
- dokumentasjon
Personlege eigenskapar
Vi ønskjer deg som vil vere med å skape ein meiningsfylt og trygg kvardag for pasientane våre, som ser verdien av heilheitleg omsorg, livsglede- tiltak og betydninga av aktivitetar og mobilisering av pasienten sine eigne ressursar.
Du brenn for faget og engasjerer deg i fagutvikling, tek ansvar og arbeider målretta med pasienttiltak og oppfølging av desse.
Du er vennleg og tillitvekkande, fleksibel, initiativrik og endringsvillig, har pågangsmot, løysingsfokus og gode samarbeidsevner.
Vi tilbyr:
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- turnus med mulegheit for tilpassing/ønskje
Tilsettingsvilkår:
Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, skal leggast fram ved tiltreding. Førarkort kl. B er nødvendig for å utføre dei aller fleste arbeidsoppgåvene i Heimtenesta.
Link til søknadsskjema:
Send søknad