Vi har behov for tilkallingsvikarar og søkarar som er aktuelle for evt vikariat som blir ledig.
Vi ønskjer oss barnehagelærarar og undervisningspersonale, men har òg behov for barne- og ungdomsarbeidarar og assistentar.
Stillingane er godt egna for dei som er i gang med barnehagelærar- eller lærarutdanning og kan tilpassast ein studiekvardag.
Vi kan tilby:
- kommunale tilsettingsvilkår og lønn etter tariff
- opplæring
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- studentavlønning for høgskulestudentar
- trivelege kollegaer og godt arbeidsmiljø
Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, skal leggast fram før oppstart.
Vi inviterer til samtale med aktuelle søkarar.
Vi gjer tilsettingar fortløpande.
Link til søknadsskjema:
Søk her