Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Besøk vår personvernside for mer detaljer.
Annonse
KSU – Vipps – desktop
Bernt Bøe
Artikkel
22 juli 2024 20:10
Del på Facebook
Magne Otterlei viser modellskroget til «Veslegut» i samtale med Einar Bøe (bestmann på båten i mange år), Jostein Foss og Peder Sæther. Bak til venstre Inge Dønheim. Foto: Bernt Bøe
Magne Otterlei viser modellskroget til «Veslegut» i samtale med Einar Bøe (bestmann på båten i mange år), Jostein Foss og Peder Sæther. Bak til venstre Inge Dønheim. Foto: Bernt Bøe

Snurpebåtar, frakteskuter og Lofoten-seglarar var mimretema på museet i Bøfjorden søndag.

Bidrag frå publikum særpregar museets søndagstreff. Temaet «Fraktefart» lokka sakkyndig besøk frå ulike kantar av Nordmøre.

Annonse
Annonse

«Veslegut»

Magne Otterlei frå Averøya stilte med påbegynt modell av snurparen «Veslegut» – på leit etter fakta om båten. Av bøfjordingar som var mannskap på «Veslegut», trefte han tidlegare bestmann Einar Bøe og fekk ein interessant prat ved kaffebordet.

Skuter og anekdoter

Historielagets biletserie med mange farty vekte gjensyn og vart livleg kommentert frå salen. Fisketransporten frå Lofoten til kleppfiskberga på Nordmøre gjekk med prektige skuter. Nokre av dei er restaurerte og seglar enno – «Dyrafjeld», «Svanhild» (begge bygde i Stangvik 1889) og «Anne Margrethe». Mangeårig skipper på sistnemnte, Inge Dønheim, bidrog med djup faginnsikt.

Ramsalte anekdoter dukka opp, som denne etter Kristen Staknes da Solemsjekta kryssa Stadten i uver: – No må de ikkje bannast, kara. For her e det djuft!

Bengt Eriksson kjente att brygger og berg på dei fleste bileta. Andre hugsa frå gutedagane kor skummelt det var med overvatn innover dekket når sandskutene gjekk nylasta utover Surnadalsfjorden.

Frå trilleår og kaffesekk til grabb

Eit vesentleg innslag var jo sandfraktinga – gjerne med båtar frå nettopp Bøfjorden – til gjenoppbygginga av Kristiansund by etter krigen.

Utviklinga av lastemetodane var eit kapittel for seg – frå trillebår og hektolitermål via sandtråling med kaffesekker til moderne grabb. Her føyde Odd Asbjørn Bævre til at også lastebilar kjørte sand frå fjøra tippa den om bord i skutene.

Skuter med fargerik fortid

Ymse historikk knytte seg til båtane på lerretet. «Sluk I» var opprinneleg brannsløkkingsfarty i Kristiansund. «Surna» overlevde Titran-katastrofen i 1899. «Boy» var bruka av Max Manus til smugling av ammunisjon i motstandskampen under krigen.

Annonse
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Anna slags smugling var også framme. (Men NB: Ikkje med skuldige nordmøringar!) «Marnet II» vart aviskjendis i 1981 etter vodkatransport frå Spania. Og beslaglagde «Helmi» (med spritlast frå Estland) fekk ny framtid som ærleg sandfraktar på Surnadalsøra.

Her kom igjen innspel frå salen. – «Helmi» var bryllaupsbåten vår da vi gifta oss i 1962! kunne Nils Magnar Torvik fortelje.

Jau – det vart mykje fargerik sjøprat denne museumssøndagen. Ikkje minst takka vere eit eineståande kunnskapsrikt publikum!

Jakt «Fosna» var bygd på Mellomverftet i Kristiansund i 1914 – som siste slofartskute i si tid. Arkiv Bøfjorden HistorielagJakt «Fosna» var bygd på Mellomverftet i Kristiansund i 1914 – som siste slofartskute i si tid. Arkiv Bøfjorden Historielag

«Ulf» (eigar Magnus Snekvik) lastar sand med trålpose på 1930-talet. Arkiv Bøfjorden Historielag«Ulf» (eigar Magnus Snekvik) lastar sand med trålpose på 1930-talet. Arkiv Bøfjorden Historielag

Sandfraktar (og bryllaupsbåt!) «Helmi» ved Surnadalsøra. Emballasjefabrikken i bakgrunnen. Arkiv Bøfjorden HistorielagSandfraktar (og bryllaupsbåt!) «Helmi» ved Surnadalsøra. Emballasjefabrikken i bakgrunnen. Arkiv Bøfjorden Historielag

Stadthavet kan vera friskt – både i anekdoten om «Solemsjekta» og her for Kristiansundsbåten «Gny». Arkiv Bøfjorden HistorielagStadthavet kan vera friskt – både i anekdoten om «Solemsjekta» og her for Kristiansundsbåten «Gny». Arkiv Bøfjorden Historielag

Ilabukta på Bølandet har vore hamn for mange fraktefarty. Her med 8-9 kystgåande skuter rundt 1980. Foto: Helge Inge BekkenIlabukta på Bølandet har vore hamn for mange fraktefarty. Her med 8-9 kystgåande skuter rundt 1980. Foto: Helge Inge Bekken

Annonse
Annonse
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Geir Ole Sætremyr 5 timer siden Østlandet får for mye av samferdselsmidlene
@Terje SundsbøMed ei dobling av kostnaden fram mot ei eventuell sluttføring i 2040 er det relativ enkel matematikk. Så er spørsmålet ...
Terje Sundsbø 5 timer siden Østlandet får for mye av samferdselsmidlene
@Geir Ole SætremyrJeg registrerer at du antar at bompengene t/r Vik-Molde blir kr. 1.000,- med Møreaksen. Tiden vil vise hvor mye du ...
Geir Ole Sætremyr 8 timer siden Østlandet får for mye av samferdselsmidlene
@Terje SundsbøSlik eg tolkar utrekninga er satsane basert på 2022 prisar etter P50 kalkyle. Så kan det vere at prisauke utover ...
Terje Sundsbø 9 timer siden Østlandet får for mye av samferdselsmidlene
@Geir Ole SætremyrBompengesatsene som KS2-analysen opererer med er basert på at alle kostnadsøkninger utelukkende finansieres med bompenger. Altså ikke en bompengeandel på ...
Geir Ole Sætremyr 12 timer siden Østlandet får for mye av samferdselsmidlene
@Terje SundsbøBompengesatsen som KS2 rekner det til er nesten 500 kroner i snitt t/r Vik til Molde.  Har ikkje grunn til ...
Terje Sundsbø 14 timer siden Østlandet får for mye av samferdselsmidlene
@Geir Ole SætremyrDu viser til kostnadsøkningene beregnet i KS2-rapporten, men bruker lavere bompengesatser enn som er angitt der? Hvor mye lavere er ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse