Annonse
Bernt Bøe
Artikkel
Bernt Bøe
30 juli 2024 22:12
Del på Facebook
Søskenbarna Geir og Elise Settemsdal framfor «verkstedet» som husa konfeksjonsfabrikk, butikkar og posthus. Geir iført ekte kappe frå fabrikken! Foto: Bernt Bøe
Søskenbarna Geir og Elise Settemsdal framfor «verkstedet» som husa konfeksjonsfabrikk, butikkar og posthus. Geir iført ekte kappe frå fabrikken! Foto: Bernt Bøe

Tekstilindustri og handel i Settemsdalen er tema på museet i Bøfjorden søndag.

Har du ein Hjelmen-dress liggande? Lue eller kappe frå Settemsdal AS? Ta i så fall var på dei – som historiske eignating!

Annonse
Annonse

Tradisjon vart industri

Skreddarfaget har tradisjonar i bygda. Jens Settemsdal, sønnen Sakarias og Skreddar-Sivert frå Liabakken var pionerar alt på 1800-talet. Etter å ha drive skredderi på eit loft i Negarden bygde familien Settemsdal i 1938 verkstedet Midtstad – attmed den noverande busshaldeplassen.

Hjelmen-dressen popuær

Med namnet Settemsdal AS vart dette ein betydeleg konfeksjonsfabrikk med bortimot tjue tilsette på det meste. Dei sauma kapper, dressar, luer og andre småartiklar – foutan den populære «Hjelmen-dressen».

Butikk og post

Etter at kledeproduksjonen slutta, var lokalet frå 1952 i periodar bruka som butikk – med daglegvarer og til slutt husinteriør. Nokre år var det også postekspedisjon her.

Annonse
Annonse

Denne fargerike bedriftshistoria blir søndag presentert på Bøfjorden Sjøbruksmuseum – i biletkåseri, samtale med sentrale personar og ei ørlita mannekengframsyning av orignalplagg.

Geir Settemsdal har skaffa opplysningar om butikken som faren Erik dreiv. Elise Settemsdal jobba her og har bladd i fotoalbumet sitt. Begge deltek under Dagens Tema på museet – og den som har liggande produkt frå Settemsdal AS, kan gjerne tipse Bøfjorden Historielag!

Helge Settemsdal viser ein Hjelmen-dress. Foto: Bernt BøeHelge Settemsdal viser ein Hjelmen-dress. Foto: Bernt Bøe

Tilsette tek bruspause på fabrikktrappa (1941). Bak sit Gunnar Skrøvset, Ragna Skrøvset (Settemsdal) og Kåre Settemsdal. Framme: Marit Skrøvset (Solem) og hennar tilkomande Sigurd Solem. Foto: PrivatTilsette tek bruspause på fabrikktrappa (1941). Bak sit Gunnar Skrøvset, Ragna Skrøvset (Settemsdal) og Kåre Settemsdal. Framme: Marit Skrøvset (Solem) og hennar tilkomande Sigurd Solem. Foto: Privat

Annonse
Annonse
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Geir Ole Sætremyr 8 timer siden Demokratiets veivalg
@Terje Sundsbø0-alternativet er fortsatt ferge slik som no.Å flytte til Mordalsvågen vil med ny veg til Fuglset vil kreve fremming av ...
Terje Sundsbø 10 timer siden Demokratiets veivalg
@Geir Ole SætremyrDet er ingen katte i sekken. Sekken består av bl.a. null-alternativet (fortsatt ferge), som også inneholder et alternativ med flytting ...
Geir Ole Sætremyr 15 timer siden Demokratiets veivalg
@Terje SundsbøDer kom katta ut av sekken. Ein provokasjon for ny veg Julbøen til Fuglset. Samla kostnad 10 mrdFlytting av fergeleiet ...
Terje Sundsbø 16 timer siden Demokratiets veivalg
@Geir Ole SætremyrAt fjerning av flaskehalser på E39 medfører større trafikk er jo hele hensikten. Da er en ny trasé påkrevd, ikke ...
Geir Ole Sætremyr 16 timer siden Demokratiets veivalg
@Terje SundsbøDersom du studerer trafikkdata frå tellepunkta til SVV vil du sjå at å flytte trafikken frå noverande fergeterminal tikl ny ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse