Annonse
Bernt Bøe
Artikkel
Bernt Bøe
29 november 2024 12:33
Del på Facebook
«Kven har skapt alle blomane?» Vertskoret Amigos med sjarm og utstråling. Foto: Randi Bøe
«Kven har skapt alle blomane?» Vertskoret Amigos med sjarm og utstråling. Foto: Randi Bøe

Heilkvelden med open salmebok vart ein knallsuksess for regissør Bodil Kvam Aasbø og eit 70-tal aktørar i ei fullsett Åsskard kyrkje søndag.

Ti år etter Helge Gudmundsens TV-prosjekt «Salmeboka minutt for minutt» (sett av over 2 millionar) tok barnepedagog og multikunstnar Bodil Kvam Aasbø opptakt til ein minireprise.

Annonse
Annonse

Amigos i spissen

Sjøl deltok ho med barnegruppa Amigos frå Bøfjorden på TV i 2014. Søndag var Amigos anno 2024 vertskap for ei stor mønstring på heimebane. Fem kor og songgrupper leia publikum i kyrkja - og heime ved nettskjermane - gjennom eit variert tverrsnitt på 36 songar frå Norsk Salmebok.

Amigos hadde fått med seg gruppa «Lars Jarle & The Big Mamas», det nystarta Komitekoret, Prosjekt 17 og koret Wox til å føre an i allsongen. Kvar for seg tok gruppene vare på særpreget i songane - frå barneviser og folketonar til gospel og hymner.

Musikalsk mønstring

Dertil var kvelden ei imponerande mønstring av mangfaldet i lokalt musikkliv. Instrumentariet spente frå ulike gitarar til fiolin, keyboard, piano og kyrkjeorgel. Songgruppene mønstra kvar sine solistar. Musikkuttrykket hadde alle fargetonar som salmetekstene fortente – utført av barn så vel som profesjonelle.

Gjensyn på video

Eit 10-årsgjensyn på video med Amigos frå «Salmeboka minutt for minutt» viste sjarmerande, frisk barnesong og imponerande unge solistar.

Trampeklapp for Bodil

Krumtappen i det heile, ustoppeleg Bodil Kvam Aasbø, var høgt og lågt - ikkje minst med smakfull handtering av pianoet uansett sjanger. Ho fortente fullt ut både godorda og godteposen frå kyrkjeverje Tor Rune Halset og den taktfaste applausen frå ei fullsett kyrkje.

Udødeleg folkeeige

Vidar Rygh, Frank Botten og Tor Rune ordna med streaming på nettet. Slik fekk mange synge med også rundt i heimane.

Aktørane og vertskapet Åsskard sokneråd sørga for kaffe og sosial summing etter endt program.

Annonse
Annonse

Summarum: Salmeskatten er udødeleg folkeeige og hører oss alle til. Både denne konserten og lokale kyrkjesongkveldar tidlegare i haust understrekar dette til fulle.

Per Jarle, Lars, Petur (solist på sitt eige morsmål) og Tore med «Deilig er jorden» – på færøysk. Foto: Bernt BøePer Jarle, Lars, Petur (solist på sitt eige morsmål) og Tore med «Deilig er jorden» – på færøysk. Foto: Bernt Bøe

Big Mamas kallar dei seg: Elisif (frå venstre), Rita, Grete, May-Britt, Tove og Brynhild. Foto: Randi BøeBig Mamas kallar dei seg: Elisif (frå venstre), Rita, Grete, May-Britt, Tove og Brynhild. Foto: Randi Bøe

Artig gjensyn på lerretet med Amigos på Salme-TV i 2014. Foto: Bernt BøeArtig gjensyn på lerretet med Amigos på Salme-TV i 2014. Foto: Bernt Bøe

Elisabet Husby fekk applaus for flott fiolinspel – saman med Bodil på piano. Foto: Bernt BøeElisabet Husby fekk applaus for flott fiolinspel – saman med Bodil på piano. Foto: Bernt Bøe

Gunhild Marie Täringskog var solist og dirigent for Komitekoret – som var danna for høvet. Foto: Bernt BøeGunhild Marie Täringskog var solist og dirigent for Komitekoret – som var danna for høvet. Foto: Bernt Bøe

Prosjekt 17 «varma opp» til komande søndags julekonsertar – her i finalesalmen «Jeg tror på jordens forvandling». Foto: Mali SettemProsjekt 17 «varma opp» til komande søndags julekonsertar – her i finalesalmen «Jeg tror på jordens forvandling». Foto: Mali Settem

Tor Rune med godord og godtepose til kveldens altmulegkvinne Bodil Kvam Aasbø. Foto: Randi BøeTor Rune med godord og godtepose til kveldens altmulegkvinne Bodil Kvam Aasbø. Foto: Randi Bøe

Annonse
Annonse
KSU – Vipps – mobil
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Terje Sundsbø 4 dager siden Statlig eller kommunal fergedrift?
Sunnmørsposten har publisert sin egen versjon av Rasmussens kronikk - de har fjernet alle linker. Det er skremmende at en ...
Terje Sundsbø 4 dager siden Statlig eller kommunal fergedrift?
En meget tankevekkende artikkel som bør leses: https://www.rbnett.no/meninger/i/lwe9yL/kan-vi-adressere-det-faktiske-problemet"Ein kan til stadigheit lese innlegg i avisene frå godt vaksne menn som ...
Hans-Peter Kaaresen 8 dager siden Forvaltningslovens vegvalg
Bra skrevet Paul.  Loven blir tydeligvis praktisert forskjellig.  I løpet av de neste 12 åra som MA er satt på ...
Terje Sundsbø 10 dager siden FrP leverer det vi lova
Frp kan takke dagens regjering for at partiet kan innfri sine valgløfter, ikke egen innsats. Men det er typisk for ...
Terje Sundsbø 12 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
@Anne Mari SandshamnSom vanlig ingen saklige argumenter verken til Rasmussens artikkel eller mine momenter. Det oppsummerer motstanden mot Møreaksen i et nøtteskall.
Anne Mari Sandshamn 13 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
@Arne AlmaasDu har så rett Arne. Å føre en dialog for en selv er ikke vanlig.
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse