Annonse
Redaksjonen
Artikkel
Redaksjonen
07 november 2017 16:49
Del på Facebook
Ungdomspanelet i MR 2017. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune
Ungdomspanelet i MR 2017. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Kvart år deler Møre og Romsdal fylkeskommune ut midlar til ekstraordinære ungdomsaktivitetar i fylket. Ungdomspanelet sørger for denne tildelinga. Tilskotet blir gitt to gongar i året, med ei økonomisk ramme på 250 000 totalt. Ungdomspanelet har altså heile 125 000 kroner å dele ut i desember.

Tilskotet blir gitt til prosjekt som stimulerer til ungdomsengasjement og skal gå til ungdomsaktivitetar som elles ikkje får støtte frå det ordinære budsjettet til fylkeskommunen.
- Ved å gi ut øyremerka midlar til ungdom og ungdomsaktivitetar, håpar vi i ungdomspanelet at vi kan få fram spanande prosjekt som er med på å skape engasjement i ungdomsmiljøa. Midlane kan mellom anna brukast til å sette i gang nye tiltak, og dei kan vere eit verkemiddel som betrar moglegheitene for dei uorganiserte aktivitetane, seier leiar i ungdomspanelet, Norunn Brøste Kjersem.

Opp i gjennom åra har midlane vore med på å realisere aktivitetar som mellom anna LAN-samlingar, paintballbane på Smøla, gjennomføring av livredningskurs for ungdom, ungdomsklubb, og turar for ungdom i naturen.
- Desse midlane er tilgjengelege for alle som ønsker å legge til rette for ungdom, enten det er ulike samankomstar eller utstyr til ungdomsklubben. Vi trur at sidan det er ungdom som sjølv fordeler midlane, så har dei ein nærare kjennskap og forståing for kva behov ungdom rundt i fylket har, avsluttar Kjersem.

Alle søknader må sendast inn elektronisk. Du må legge ved eit enkelt budsjett og ei kortfatta prosjektskisse. Skjema finn du på mrfylke.no/ungdomsmidlane.

Søknadsfrist er 1. desember.

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Geir Ole Sætremyr 21 timer siden Demokratiets veivalg
@Terje SundsbøListhaug i Ålesund i går om satsinga: ""Fjerning av formuesskatten, opprydding når det gjelder Helseplattformen – og prioritering av strekningene ...
Geir Ole Sætremyr 1 dager siden Demokratiets veivalg
@Terje SundsbøDet er du som ikkje vil forstå. Eit nytt fergeleie på Reknes er ikkje meir utsett enn fergeleiet på Sulesund, ...
Terje Sundsbø 1 dager siden Demokratiets veivalg
@Geir Ole SætremyrDet er irrelevant å sammenligne Reknes med Sulesund, når dagens fergeleie ligger i Grandfjæra. Du er stadig ute og ror.Det ...
Geir Ole Sætremyr 1 dager siden Demokratiets veivalg
@Terje SundsbøDer er ikkje meir verutsett på Reknes enn på Sulesund .Uansett, dei økonomiske tyngdelovene vil slå inn også etter eit ...
Terje Sundsbø 1 dager siden Demokratiets veivalg
@Geir Ole SætremyrEndringer og utsettelser av planer er kostbart. En kostnad utelukkende påført av de som vedtok utsettelse. Derfor ønsker H å ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse