Annonse
Møre og Romsdal fylkeskommune, Heidi-Iren Wedlog Olsen og Mona Fluge
Kronikk
Møre og Romsdal fylkeskommune, Heidi-Iren Wedlog Olsen og Mona Fluge
07 januar 2022 09:17
Del på Facebook
Illustrasjonsfoto: Møre og Romsdal Fylke
Illustrasjonsfoto: Møre og Romsdal Fylke
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.

Møre og Romsdal skal ha ein mangfaldig, relevant og tilgjengeleg kultursektor som er ei drivkraft for å utvikle gode lokalsamfunn.  

Ovannemnte er ei av målsettingane i Fylkesstrategi for kultur, frivillig sektor og arenaer 2022-2025, som i desember blei vedtatt av fylkestinget.   

Fylkesstrategien skal bidra til at kulturfeltet er med på å oppfylle FN sine 17 berekraftsmål om å utrydde fattigdom, kjempe mot ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030. Eit sentralt poeng i strategien er å synleggjere at kulturfeltet har ei viktig rolle og eit ansvar i berekraftsarbeidet.  

Kulturen sin plass i berekraftsarbeidet 

Berekraftsarbeidet blir gjerne definert innanfor dei tre berekraftsdimensjonane miljø, økonomi og sosiale forhold. Når ein omtaler kulturens plass i berekraftsarbeidet, er det gjerne som ein del av den sosiale berekrafta, der kulturen er med på å skape mangfald, møteplassar, samhald og menneskeleg vekst. Men kulturfeltet spelar ei viktig rolle òg innanfor dei to andre dimensjonane – miljø og økonomi.   

Kultur og folkehelse i stadutviklinga 

Byar og lokalsamfunn skal ifølge FN sine berekraftsmål vere inkluderande, trygge, robuste og berekraftige. Eit aktivt og mangfaldig kulturliv  gjer byane og lokalsamfunna våre gode å leve i, og fremmar god fysisk og psykisk helse. Der deltaking i kunst- og kulturlivet har ein positiv effekt på vår fysiske og mentale helse, og bidreg til god livskvalitet, er ivaretaking og formidling av kulturarv viktig for å ta vare på særpreg i byar og tettstader og dermed for tilhøyrsla og identiteten til den enkelte.   

Kultur som inkludering- og læringsarena 

God utdanning for alle og mindre ulikskap er andre sentrale målsettingar i berekraftsarbeidet. Kulturfeltet er ein arena for å lære og vere ein del av noko som er større enn oss sjølv. Det påverkar vår utdanning, meiningsdanning og verdidanning. Likeverdig tilgang til, og deltaking på kulturlivet sine arenaer, fremmer mangfald og toleranse og reduserer ulikskap. Profesjonelle kunnskapsinstitusjonar som bibliotek og museum bidreg til livslang læring og til å sikre allmenn tilgang til informasjon og kunnskap for alle. Saman med ordningar som Den kulturelle skolesekken, utjamnar vi forskjellar i tilgjenge til kulturtilbod for barn og ungdom.  

Miljøomsyn i kulturelle aktivitetar 

Kulturfeltet er ein viktig innhaldsleverandør, blant anna til reiselivet i fylket. Som tenestetilbyder kan feltet bidra til både eit grønare reiseliv og meir ansvarleg forbruk for den enkelte. Fylkesstrategien leggvekt på miljøomsyn i kulturelle aktivitetar og klimavennlege løysingar. I utvikling av anlegg til idrett og fysisk aktivitet vil gjenbruk av bygningsmasse, god avfallshandtering og redusert spreiing av miljøskadeleg innfyll frå kunstgrasbanar vere viktige prioriteringar i tida framover. Fylkeskommunen har òg vedtatt å stille krav om at alle profesjonelle kunst- og kulturaktørar med driftstilskot frå fylkeskommunen må legge FN sine berekraftsmål til grunn for eiga drift.  

Entreprenørskap i kulturell og kreativ næring 

Kulturfeltet innehar tankesett og arbeidsmetodar som er løfta fram som framtidas viktigaste kompetanse, nemleg kompetanse innan kreativitet og innovasjon, kritisk tenking, problemløysing og samskaping. Dette vil vere viktig for å nå berekraftsmåla om industri, innovasjon og infrastruktur. For å støtte opp om denne kompetansen, legg strategien vekt på å halde fram med å støtte kunst- og kulturaktørar som tør å eksperimentere og ta i bruk ny teknologi i produksjon, formidling og distribusjon av kultur. Vi vil òg stimulere til etablering og bruk av klynger og nettverk, og meir  forsking, for å bidra til auka innovasjonsgrad i kulturfeltet. 

Må samarbeide for å nå måla 

Vi håpar at den nye fylkesstrategien for kultur, frivillig sektor og arenaer vil bidra til å utvide perspektiva på og tankesettet om kultur og berekraft, og stimulere kulturfeltet til å vere til stades i debattane om dei store nøkkelutfordringane for framtida.  Strategien sett ambisiøse mål for kulturfeltet i Møre og Romsdal. Berekraftige lokalsamfunn er gode lokalsamfunn, og målsettinga om ein mangfaldig, relevant og tilgjengeleg kultursektor er både ein verdi og eit mål i seg sjølv, men òg eit viktig verkemiddel for å oppnå berekraftsmåla. Måla i strategien fordrar sterkare og tettare samarbeid mellom aktørar i kulturfeltet, næringsliv og offentleg sektor i åra som kjem.

m fluge h w o foto mrfylkeKronikken er skrevet av: Heidi-Iren Wedlog Olsen, kulturdirektør Møre og Romsdal fylkeskommune  (til venstre) og Mona Fluge, rådgivar Møre og Romsdal fylkeskommune  (til høyre)

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Ketil Strand Andersen 2 dager siden Skremmende fremtidsscenario
Bra innlegg. Valg til neste år, da gjelder det.
Terje Sundsbø 3 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
Hvor lenge kan motstanderne av Møreaksen skjule kostnadene med fortsatt ferge? "Når fergene avløses av Møreaksen frigis enorme mengder strøm, ...
Terje Sundsbø 3 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
@Arne AlmaasFakta er bedre enn fabler, spesielt i diskusjoner om samferdsel. Dine metaforer om elefanter kommer vi ingen vei med. Spesielt ...
Arne Almaas 3 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
@Terje SundsbøDet eneste jeg ønsker å kommentere er at det ikke er vits i å kommentere dialogene du og RR har ...
Terje Sundsbø 3 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
@Arne AlmaasKommentarfeltet benyttes til å diskutere momenter til artikkelen, ikke til å presentere nyheter. Hva er det i artikkelen du ønsker å ...
Terje Sundsbø 3 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
Høyre prioriterer Fergefri E39 Møreaksen: https://www.smp.no/meninger/leserinnlegg/i/8qxqed/hoeyres-prioriteringer-i-nasjonal-transportplanEr det noen privatpraktiserende fogderipolitikere i Høyre Møre og Romsdal som våger å tale Erna ...
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse