Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Besøk vår personvernside for mer detaljer.
Annonse
KSU – Vipps – desktop
Bernt Bøe
Artikkel
27 juni 2024 14:21
Del på Facebook
For små og store har Torbjørn vore «presten vår». Her saman med borna i adventsgudsteneste på Nordvik Forsamlingshus i 2023. Foto: Bernt Bøe
For små og store har Torbjørn vore «presten vår». Her saman med borna i adventsgudsteneste på Nordvik Forsamlingshus i 2023. Foto: Bernt Bøe

Kven titulerer seg slik? Jau – Torbjørn Brøske, søndagens kåsør på museet i Bøfjorden.

Det blir eit fargerikt program. Alle kjenner Torbjørn. Ikkje berre som prest, men også som nært og samfunnsengasjert bygdemenneske.

Annonse
Annonse

«Forhenværende pensjonist»

Den komande 80-åringen prøvar no å trappe ned prestetenesta etter forlenga karriere som det han sjøl kallar «forhenværende pensjonist». Lykkast han med nedtrappinga, blir han uansett sakna av mange.

Bøfjorden Historielag bed han denne søndagen dele erfaringar og tankar frå eit uvanleg aktivt og fargerikt liv. Arrangøren vil her berre antyde litt av det Torbjørn kanskje svingar innom.

Frykta fotballspiss

Oppvaksen i Stangvik vart han tidleg bevisst på sjøen som ferdselsåre og både rik og farleg arbeidsplass for folk langs fjorden.

Fotballen tok tidleg tak i han. Først på heimelaget Søya, litt Vålerenga i studietida og, som frykta spiss, på Sunndal i storhetstida på 1970-talet.

Torbjørn underviste i fleire år på ungdomsskulen og vidaregåande i Sunndal og i Surnadal.

Annonse
Annonse

Prest i Surnadal og i utlandet

I 1987 vart han sokneprest i Surnadal. Deretter var han sjømannsprest, først 14 år i Stockholm, San Francisco og Paris før ulike vikariat i andre sjømannskyrkjer.

Lange periodar har pensjonisten også vore prest og konfirmantlærar – i Kristiansund, Tingvoll, Halsa og i «gamle» Stangvik prestegjeld.

Møte med medmenneske

På museet søndag ønskjer han å stanse opp ved personar han har møtt og inntrykk desse har gjort på både han og andre. – Kanskje dette kan få oss alle til å tenkje på kor viktige dei personlege møta med kvarandre er, der og da – og for ettertida, seier han.

Som 17-åring på Søya-laget i 1962. Fremst frå venstre Magnar Haugen, Oddvar Gjerstad, Jon Oren, Bergsvein Nes og John Gjerstad. Bak: Reidar Haugen, Sigmund Gjerstad, Kåre Kårvatn, Bjarne Haugen, Torbjørn Brøske og Lars Moøy. Foto: PrivatSom 17-åring på Søya-laget i 1962. Fremst frå venstre Magnar Haugen, Oddvar Gjerstad, Jon Oren, Bergsvein Nes og John Gjerstad. Bak: Reidar Haugen, Sigmund Gjerstad, Kåre Kårvatn, Bjarne Haugen, Torbjørn Brøske og Lars Moøy. Foto: Privat

Torbjørn som prest og kona Rannveig som altmuleg-kvinne gjorde stor innsats ved sjømannskyrkjene i mange byar. Foto: PrivatTorbjørn som prest og kona Rannveig som altmuleg-kvinne gjorde stor innsats ved sjømannskyrkjene i mange byar. Foto: Privat

Kjapt kurs over hebraisk skriftrull for vinterens konfirmantar – her John Stinus og Steinar. Foto: Bernt BøeKjapt kurs over hebraisk skriftrull for vinterens konfirmantar – her John Stinus og Steinar. Foto: Bernt Bøe

Annonse
Annonse
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

@Terje SundsbøKS2 rapporten frå mars 2023 presiserer at den er bygt på kostnaden I 2022 kroner. Og forventa oppstart med ferdigstilling ...
@Geir Ole SætremyrJeg forholder meg til tallene fra SVV og KS2-analysen. Dine «konkrete» fantasier skal jeg ikke kommentere.
Espen Heitmann 1 dager siden Frp bestemmer når Trollstigen åpner
Så den godeste Kjølmoen mener at Frp og Frp alene skulle på litt over 6 måneder ha ryddet oppi trollstigen ...
@Terje SundsbøMine tall er meir konkrete enn dine draumar som håplaus kunst.
@Geir Ole SætremyrJeg mener at din lek med «tenk på et tall» kan du bedrive alene. Størrelsen på NTP viser med all ...
@Terje SundsbøMen, kva trur du kostnaden vi vere.Husk at SVV sine tall 2022 for Tautratunellen er 6,6 mrd. for 14 km ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse