Annonse
KSU – Vipps – desktop
Bernt Bøe
Artikkel
Bernt Bøe
15 juli 2024 09:55
Del på Facebook
Historieopptrinnet på Naustbakken drog mykje publikum. Foto: Gunhild Bøklep Bøe
Historieopptrinnet på Naustbakken drog mykje publikum. Foto: Gunhild Bøklep Bøe

Laurdagen i Bøfjordhelga vart ein kjempesuksess for arrangørane. Veret og publikumsoppslutninga var strålande.

Dugnadsånda i bygda har vist seg igjen. – Ein kan makte kva som helst når så mange står på og løftar i flokk, seier komiteleiar Mayse Dønheim Hovde.

Annonse
Annonse

Bjørnis og folketog

Laurdagen starta med Bjørnis-besøk ved brannstasjonen på Settemsørane. Mange smårollingar fekk levande møte med mediekjendisen.

Med fullbemanna kyrkjebåt «Hjelmkonnå» og mange gåande til lands vart det også rundt hundre deltakarar i Buamarsjen til Bølandet.

Ved Kveldheim vekte rundt 40 veterankjørety beundring og sakkyndig nostalgi frå entusiastar og nysgjerrige.

Kjøkenet serverte nydeleg fiskesuppe. – Med uventa stort oppmøte vart kapasiteten faktisk for liten, seier Buakokkå Mayse.

Ponni og Elias

Med Marita og Sarah som dyktige og påpasselege instruktørar vart ponniridinga ved Børeiten ei storoppleving for dei minste.

Også Elias-kjøringa på Ilabukta ei spennande oppleving for ungane. Skøyter og fritidsbåtar prega elles den gamle skutehamna.

Kunst på Saga

Søstrene Tanja og Gjertrud Heggem hadde friluftsutstillingar av biletkunst. Sjeldan har vel ytterveggane av eit sagbruk vore flottare dekorert! Eit begeistra publikum antyda at dette var meir tiltalande kunst enn måleri ein ofte ser i media.

Ved Saga kunne folk også nyte kaffe, bakels og kaker. – Her gjekk det unna som berre det, sa servitørane Torbjørg, Aud Jorunn og Inger Lise. Terje Endresen kjørte det han rakk til og frå bua for å fylle opp tomme kaffekanner!

«Klagemuren»

Livet i gamle dagar ved den såkalla «Klagemuren» vart framstilt av historielaget og Bøfjorden Teaterlag. Gammelkallar i frakk og hatt illustrerte prologen som Bernt Bøe las før avdukinga av namneskiltet på muren. Dette har Lars Arve Gravvold og dottera Jeanett laga til den historiske møteplassen på Naustbakken.

Med song og gitar framførte så Petur Petersen si levande «Bøfjordvise».

Annonse
Annonse

Innbringande auksjon

Auksjonen som avrunda ettermiddagsprgrammet, baud på kunstverk, klassiske møblar og bruksgjenstandar i breitt spekter. Publikum baud villig, og mange tusen kroner kom inn til det gode formålet for Bøfjordhelga – nemleg å støtte digitalisering av Coop-butikken på Bølandet.

Laurdagen vart så avrunda med pizzeria og pub på Buakaia. Og søndag er det Blåfjelløp og samling på sjøbruksmuseet.

Med Arnt Kjetil Bøe som organisator vart det ei stor utstilling av veterankjørety. Foto: Bernt BøeMed Arnt Kjetil Bøe som organisator vart det ei stor utstilling av veterankjørety. Foto: Bernt Bøe

Bjørnis vann seg mange nye venner ved brannstasjonen. Her lille Julie frå Hommelvika. Foto: Randi BøeBjørnis vann seg mange nye venner ved brannstasjonen. Her lille Julie frå Hommelvika. Foto: Randi Bøe

Elias-båten var eit populært innslag på hamna. Foto: Bernt BøeElias-båten var eit populært innslag på hamna. Foto: Bernt Bøe

Gjertrud Heggem (her) og søstera Tanja stilte ut kunst på Saga. Foto: Bernt BøeGjertrud Heggem (her) og søstera Tanja stilte ut kunst på Saga. Foto: Bernt Bøe

«Hjelmkonnå» rodde i kjølvatnet av gamle dagars skulebåt. Foto: Randi Bøe«Hjelmkonnå» rodde i kjølvatnet av gamle dagars skulebåt. Foto: Randi Bøe

Tor Rovik (t.v.) og Ove Åge Grimsmo var «gammelkallar» på Naustbakken og Klagemuren. Foto: Randi BøeTor Rovik (t.v.) og Ove Åge Grimsmo var «gammelkallar» på Naustbakken og Klagemuren. Foto: Randi Bøe

Aud Jorunn Endresen, Inger Lise Heggem og Torbjørn Settem selde kaffe på Saga. Foto: Bernt BøeAud Jorunn Endresen, Inger Lise Heggem og Torbjørn Settem selde kaffe på Saga. Foto: Bernt Bøe

Over hundre år gamle veteranskøyter og nye fritidsbåtar skapte stemning ved kaia. Foto: Gunhild Bøklep BøeOver hundre år gamle veteranskøyter og nye fritidsbåtar skapte stemning ved kaia. Foto: Gunhild Bøklep Bøe

Så har Klagemuren fått namneskilt! Foto: Randi BøeSå har Klagemuren fått namneskilt! Foto: Randi Bøe

Annonse
Annonse
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Geir Ole Sætremyr 30 minutter siden Demokratiets veivalg
@Terje SundsbøBudsjetter var på ca 110 mill. Det som er gjennomført er fakturert md 56 mill. Du får gå til postjournalen ...
Terje Sundsbø 44 minutter siden Demokratiets veivalg
@Geir Ole SætremyrHvor i tildelingsbrevet til SVV finnes det opplysninger om at strekningen Ålesund-Vestnes i utviklingsporteføljen ikke rammes av samme økonomitørke ...
Geir Ole Sætremyr 2 timer siden Demokratiets veivalg
@Terje SundsbøUoppfordra?Du har på innpust og utpust promotert Vik til Molde  med ukritisk oppstart i Molde.  Der ligg ein grunnleggende ide om ...
Terje Sundsbø 2 timer siden Demokratiets veivalg
@Geir Ole SætremyrDu har uoppfordret spredt din kunnskap fra siste tildelingsbrev om strekningen Vik-Molde. Hvorfor vil du ikke dele samme kunnskap ...
Geir Ole Sætremyr 9 timer siden Demokratiets veivalg
@Terje SundsbøDu har ikkje lest dokumentet med vedlegg.
Terje Sundsbø 13 timer siden Demokratiets veivalg
@Geir Ole SætremyrEr sjikane normal respons fra Naturvernforbundet? Hva med å gjøre et forsøk på å besvare spørsmålet?
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse