Annonse
KSU – Vipps – desktop
Bernt Bøe
Artikkel
Bernt Bøe
25 november 2024 09:31
Del på Facebook
Med gospeltonar og Bach vil koret dra linja frå advent til jul – der stjerna står over oss alle. Foto: Bernt Bøe
Med gospeltonar og Bach vil koret dra linja frå advent til jul – der stjerna står over oss alle. Foto: Bernt Bøe

Vakre tonar til tidenes «breaking news» sprer stjernelys i mørketida. Konsertar i Todalen og Åsskard søndag vil bidra til høgtid.

Førjulstida er fylt av forventning, lys og musikk. Glade tonar frå Jingle Bells til Bach omgir oss. Og vi treng dette fargerike mangfaldet!

Annonse
Annonse

Peikar mot jula

Koret Prosjekt 17 med venner inviterer til kyrkjekonsertar i Todalen og Åsskard søndag – under mottoet «Stjerne over livet». Gruppa opptrer både som blandakor med eigne solistar, mannskor og damekor.

– Tonane i desember peikar fram mot julehøgtida. Stjerna frå Betlehem skal lyse også i ufredens år 2024, ønskjer P17.

Kammerorkester

Musikarar (fløyte, obo og strykarar) frå fem nasjonar dannar orkesteret som legg glans til alt frå julegospel og allsong til Bach og Sibelius.

– Det blir kjære tonar der du kjenner deg att! Og du får delta i allsong med kor og orkester, lovar koret og meiner slikt musikalsk fellesskap er ideelt. – Da vil mange bidra til nettopp å tenne si «Stjerne over livet» – som altså er motto for konsertane!

Annonse
Annonse

Satsar frå «Juleoratoriet»

Mange saknar, men minnest også i glede Peder Rensvik sine julekonsertar med Bach og Handel. I år byr difor P17, solistar og orkester på eit kvarters utdrag frå «Juleoratoriet»:

– Gjennom perler som «Bered deg», «Hvorledes skal eg møte» og «Store Herre» peikar Bach – «den femte evangelist» – fram mot kjernen i julehøgtida.

Dette klassiske kvarteret er innramma av «Stille natt», «Betlehems Stjärna», «Julenatt», «Deilig er jorden», Alnæs’ «Julemotett» og ei rekkje andre kjende og kjære juletonar.

Konsertane er støtta av Sparebank 1, Talgø-MøreTre, Alti, Nedal&Partners og sokneråda i Todalen og Åsskard.

Prosjekt 17 – her i Åsskard kyrkje ved ein tidlegare konsert. Foto: Bernt BøeProsjekt 17 – her i Åsskard kyrkje ved ein tidlegare konsert. Foto: Bernt Bøe

Orkesteret representerer internasjonal harmoni: Frå venstre Trond Harald Saltnes (Norge), Anna Ostachowska (Polen), Jasmina Zivic (Serbia), Ebba Ringmar (Sverige), Zhala Aliyeva (Aserbajdsjan) og Odd Sonntag (Sverige). Foto: Bernt Bøe 2022Orkesteret representerer internasjonal harmoni: Frå venstre Trond Harald Saltnes (Norge), Anna Ostachowska (Polen), Jasmina Zivic (Serbia), Ebba Ringmar (Sverige), Zhala Aliyeva (Aserbajdsjan) og Odd Sonntag (Sverige). Foto: Bernt Bøe 2022

Turid Røen Kroknes er solist i ein arie frå Bachs «Juleoratorium». Foto: Bernt Bøe

Plakat JUL 24

Annonse
Annonse
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Geir Ole Sætremyr 1 timer siden Demokratiets veivalg
@Terje SundsbøEg registrerer at du har kasta kortet i vidare kunnskapsbasert diskurs.
Terje Sundsbø 2 timer siden Demokratiets veivalg
@Geir Ole SætremyrDu har uoppfordret spredt din kunnskap fra siste tildelingsbrev om strekningen Vik-Molde. Hvorfor vil du ikke dele samme kunnskap om strekningen ...
Geir Ole Sætremyr 1 dager siden Demokratiets veivalg
@Terje SundsbøKvart år i desember blir det utferdiga tildelingsbrev for påfølgande år, så også no. Brevet gjeld for budsjettåret 2025 og ...
Terje Sundsbø 1 dager siden Demokratiets veivalg
@Geir Ole SætremyrEr det tildelingsbrevet fra 2022 som hindrer SVV å forberede Vik-Molde? Det har jo vært gjort forberedelser helt fram til ...
Geir Ole Sætremyr 1 dager siden Demokratiets veivalg
@Terje SundsbøDu får google så finn du tildelingsbrevet for 2022Vedtaket frå Regjeringa er inntil 50% av garantiansvaret på nye riksvegprosjekt.
Terje Sundsbø 1 dager siden Demokratiets veivalg
@Geir Ole SætremyrHvilken åpning gir regjeringens tildelingsbrev til SVV for planlegging av strekningen Ålesund-Vestnes (E136/E39)?Siden Frp og H ønsker å fjerne fylkeskommunene, ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse