Vil du vere med på laget vårt?
DPS Kristiansund poliklinikk har ledig vikariat for lege i spesialisering innan psykiatri frå 01.09.2024, med varigheit i 1 år. Oppstart før 01.09.24 kan vere aktuelt dersom du ønskjer dette.
For LIS3 er det ei rotasjonsordning mellom dei ulike seksjonane i Kristiansund og Molde slik at LIS3 får gjennomført heile spesialistutdanninga lokalt. Det er fokus på å gi LIS3 ei god spesialistutdanning med tid til klinisk rettleiing, psykoterapirettleiing, deltaking på kurs og undervisning samt fordjupningstid kvar veke.
Arbeidsoppgåver
- LIS3 i poliklinikk jobbar i tverrfagleg team med ei rekkje ulike oppgåver knytta til behandling av dei fleste hovudgrupper av psykiske lidingar
- LIS3 gjer i samarbeid med psykiater vurderingar knytta til medisinske problemstillingar og medikamentell behandling som ein del av jobben
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Godkjent LIS1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning
- Må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
Personlege eigenskapar
- Du er pasientorientert
- Du har gode samarbeidsevner
- Du har stor evne til å arbeide tverrfagleg
- Du kommuniserer godt både internt og eksternt
- Du har stor arbeidskapasitet og trivast i eit arbeidsmiljø med høgt tempo
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Ei god spesialistutdanning i psykiatri
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst med eige psykiatritillegg
- Det blir gitt økonomisk dekning for gjennomføring av obligatoriske kurs
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevarar, og ev anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som lege i spesialisering.
Byen vår! Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her
Kontaktinformasjon
Geir Magne Nødtvedt, Overlege psykiatri, +47 907 00 202, Geir.Magne.Nodtvedt@helse-mr.no
Arbeidsstad
Hagan 9
6516 Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 4743181123
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.03.2024
Sluttdato: 28.02.2025
Søknadsfrist: 01.06.2024