Mykje er nytt når skolen no startar opp igjen – ny opplæringslov, nye elevar, nye tilsette og nye miljø som alle skal kokast saman til ein trygg og god skolekvardag for alle.
Ny opplæringslov bringer også med seg eit «nytt» omgrep: inkludering. Det er kanskje ikkje heilt nytt, men no tatt inn i opplæringslova og skal ved skolestart bli omdanna til praksis. Viktige spørsmål er da: Korleis vil inkludering sjå ut i våre klasserom? Korleis vil elevane på skolen merke at vi arbeider med inkludering?
Ein god start krevjar litt planlegging
Når skolen no startar har vi i mange klasserom eit sosialt vakuum - men dei sosiale strukturane setter seg raskt. Å arbeide for eit trygt og godt klassemiljø må difor starte med ei gong! Miljøet i klassa skal fremje helse, inkludering, trivsel og læring for ALLE elevane, og for å få til det må ein få med seg elevane på å seie noko om korleis dei vil ha det i sin klasse. Korleis kan vaksne og elevar saman arbeide for at alle i klassen skal oppleve å høyre til i fellesskapet? Korleis legg dei vaksne til rette i starten for at ein skal få til gode prosessar for å skape gode sosiale strukturar? Det krev litt planlegging og god leiing.
Klasserom med ein sterk fellesskapskjensle
Vi er alle forskjellige. I eit klasserom med eit miljø som skal fremje elevane si helse, inkludering, trivsel og læring må det vere rausheit og plass til ulikskap, og elevane må oppleve klasserommet som ein trygg plass med trygge vaksne. I eit slikt klasserom er det ei sterk fellesskapskjensle blant elevar og vaksne, og ein sterk «vi»-kultur. Men korleis få til eit klassemiljø som har ein så tydeleg positiv verknad på elevane i praksis?
Relasjonar. Relasjonar er svært viktig for trivsel og for miljøet i klassa, og med gode relasjonar kan ein beskytte mot psykiske helseplagar, førebyggje og handtere mobbing og krenkingar skriv Eriksen & Lyng i boka Elevenes psykososiale miljø. Gode strategier, harde nøtter og blinde flekker i skolemiljøarbeidet (2018). Det erfarer også omboda for barn og unge i Møre og Romsdal når vi snakkar med barn og unge i skolen. Trygge relasjonar til vaksne og medelevar gjer gode moglegheiter for utvikling både fagleg og sosialt, og omboda ser at eit godt arbeid i starten av skoleåret har stor verknad på korleis elevane meistrar skolekvardagen sin utover året.
Arbeid med trygge og gode relasjonar og elevfellesskap kan gjerast gjennom arbeid med fag, sjølve kjernen i skolen si verksemd. Det er ikkje noko som treng å kome i tillegg. Fellesskapande undervisning er eit godt pedagogisk verktøy for å forebygge utrygge skulemiljø og mobbing, og for å rette opp ein negativ situasjon eller utvikling i ei klasse.
Til deg som er føresett i skolen
Å bygge trygge og gode skolemiljø er eit samarbeidsprosjekt. Du som føresett har også eit ansvar for å bidra til at alle elevane får høyre til og vere inkludert i fellesskapet. Engasjer deg, bli kjent med andre foreldre, delta på foreldremøte, samarbeid med andre foreldre og skolen om kva de kan gjere. Det er spesielt viktig på denne tiden av året når flokken skal samlast igjen etter ein lang sommarferie. Alle kan bidra med noko, og ingenting er for lite.
Til deg som skal starte på skolen
Gleder du deg? Gruar du deg? Eller gru-gleder du deg?
Det er ofte mange følelsar i sving når ein tenker på å skal begynne på skolen, og mange er veldig spente. Mange lurer på kven dei kjem i klasse med, korleis det vil bli å vere i klassa og om ei kan vere seg sjølv. Uansett kva du tenker om skolestart, så håper vi ombod at du får ei fin oppleving og eit godt skoleår!
Omboda for barn og unge i Møre og Romsdal er her for deg viss du har spørsmål eller ønsker hjelp til noko som angår skolekvardagen din.
God skolestart!