Annonse
Møre og Romsdal fylkeskommune
Ytring
Møre og Romsdal fylkeskommune
19 desember 2024 20:57
Del på Facebook
Fylkesvegsjef Ole Jan Tønnesen (t.v.) og samferdselsdirektør Jesper Wiig i Møre og Romsdal fylkeskommune. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune
Fylkesvegsjef Ole Jan Tønnesen (t.v.) og samferdselsdirektør Jesper Wiig i Møre og Romsdal fylkeskommune. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.

Jula er her på alle kantar. Juletreet er pynta i heimane og unge og gamle gler seg til den fine tida. Vi høyrer om dei store bulkedagane og heftig juletrafikk. Som ein av mange aktørar med ansvar for trafikktryggleik vil vi gjerne kome med ei oppfordring, og ein takk.

Oppfordringa går til alle oss som ferdast på vegane våre; ver like «heil og fin» når vi over nyttår skal tilbake til kvardagen. Vi har mista fem menneske i trafikken i Møre og Romsdal, så langt i 2024. Kvar og ei ulykke ei tragedie for langt fleire. La oss sleppe slike hendingar resten av året. Dette inneber å følgje nokre enkle råd. Det første rådet er at du må vere edru. Ganske innlysande, men det skjer altfor ofte at folk køyrer i påverka tilstand.

Det andre er at når du køyrer bil, så er det berre det du gjer. Ikkje andre ting. Er du passasjer så tør å så sei ifrå om det er noko som ikkje er trygt. Bruk setebeltet og pakke bilen som ein ryggsekk om du skal på tur (det tunge nedst og innerst). Skal du i juleselskapet eller heim frå fest, så er det fint om andre kan sjå deg – bruk refleks. Vi veit at alle ikkje les dette, men du som gjer det, kan minne dei du er glad i om desse enkle råda, som kan skilje ei god jul frå noko heilt anna.

Takken går til alle entreprenørane som arbeider ute for å halde vegane gode og trygge, mens vi andre har fri. Nordvestlandet og denne årstida kan by på så mangt. Entreprenørane er budd på alt vêret som kan kome, dreg ut og brøyter når vi andre festar eller søv. Dei dreg ut når forholda ute er slik at vi andre skal vere inne. Dei gjer ein veldig god og viktig jobb for at vi andre skal kunne ferdast trygt på vegane våre.

Det endelege valet om det er trygt, er det likevel du som trafikant som tek.

Vi ønskjer alle ei god og trygg jul.

Annonse
Annonse
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Geir Ole Sætremyr 6 timer siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøKS2 rapporten uttaler eksplisitt at der er svært få referanseprosjekt som kan verifisere kostnadskalkylene frå SVV som ligg til grunn ...
Terje Sundsbø 7 timer siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrDu tar fullstendig feil. Møreaksen i sin nåværende form er svært meningsfull. Derfor vil Høyre gjeninnføre E39 Vik-Molde i NTP. ...
Geir Ole Sætremyr 12 timer siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøDu tar fullstendig feil. Eg har aldri innsett di tolking.Men eg et samd I at prosjektet I si noverande form ...
Terje Sundsbø 13 timer siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrEndelig har du også innsett at KS2-analysen belaster kostnadsøkninger utelukkende med bompengefinansiering. De fleste vil forstå at dette er et ...
Geir Ole Sætremyr 14 timer siden Slutt med svada Sve!
@Terje Sundsbødersom du har rett blir bompengelån med tillegg av renter i nedbetalingsperioden svimlande 15 til 18 mrd. Og stakkars Møre ...
Terje Sundsbø 15 timer siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrSom Almås påpeker er ikke bompengefinansieringen 5, men nesten det doble (9,6).Det står at bompengesatsene skal ta høyde for endring ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse