Annonse
Kurt Helge Røsand
Artikkel
Kurt Helge Røsand
04 juni 2020 08:03
Del på Facebook
Frank Sve, fylkesleder og gruppeleder i Møre og Romsdal FrP. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix
Frank Sve, fylkesleder og gruppeleder i Møre og Romsdal FrP. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Møre og Romsdal FrP sin fylkestingsgruppe, fremmer mistillitsforslag mot fylkesrådmannen i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Frp sin fylkestingsgruppe har sendt mistillitsforslaget til behandling i fylkestinget, opplyser partiet i en e-post.

Bakgrunn for saka:

Over lengre tid har fylkesrådmannen i fleire store og viktige saker, gjennomført saksbehandling som har blitt håndtert på ein måte som verken kan aksepterast eller som bygg opp under nødvendig omdømebygging for Møre og Romsdal fylkeskommune. Dette har heller Ikkje vore i tråd med forsvarlig saksbehandling, som er eit klart krav til fylkesrådmannen jamf kommunelova.

I den store saka ang utbygging av Nordøyvegen, som forøvrig er landets største fylkesvegprosjekt, har fylkesrådmannen utøvd særdeles uryddig og mangelfull saksbehandling, som til slutt medførte at administrasjonen synliggjorde ein «regnefeil» på heile 1,2 milliard kr.

I og under denne saka sin behandling og i kjølevannet av denne saka, la fylkesrådmannen fram rimeleg sterke «dommedagsspådommar» for Møre og Romsdal fylkeskommune sin økonomiske situasjon.

Fyrst vart fylkesrådmannen sine anslag på framtidige underskot og underdekningen i den fylkeskommunale økonomien, hevda med bakgrunn i Nordøyvegen, på årleg ca 250 mill kr som etter nyttår i 2019 vart redusert til 120 mill kr.

Dette vart grunnlaget for at det måtte kuttast i drifta for 2020, slik at fylket skulle gå i overskot , å unngå underskot i drifta, hevda fylkesrådmannen med tyngde ved fleire anledningar.

Ut over året 2019 vart der ved fleire anledningar understreka av fylkesrådmannen nødvendigheita av omstilling. Prosjektet «omstilling 2020 vart gjennomført, som eit prosjekt som skulle sørge for at ein skulle «kutte» minst 120 mill kr i drifta.

Det vart også omtalt frykt for at resultatet i drifta for 2019 ville få fleire titals mill kr i meirforbruk, noko som styrka grunnlaget til det politiske fleirtalet for å kutte dramatisk i drifta.

Sak om omstilling 2020 kom før behandling av budsjett og økonomiplan for 2020 hausten 2019, og førte til ei omfattande og dramatisk sak i det politiske miljøet, der fleirtalet inkl Høgre kutta betydeleg i fylkeskommunen sitt tjenestetilbud, dette med svært store protestar frå både innbyggjarar, næringslivet og opposisjonspartia i fylkeskommunen.

Fleirtalet i fylkestinget inkl Høgre, vedtok omfattande kutt i tjenesteproduksjonen for budsjett 2020 og økonomiplanen, der spesielt kutt med heile 34 mill kr på utdanningssektoren medførte betydelige negative konsekvensar, som også grundige vart synliggjort av både Lektorlaget, Utdanningsforbundet og lærarlaget.

Ca ein mnd og 15 dagar etter budsjettbehandlingen i fylkestinget desember 2019, legg fylkesrådmannen fram rekneskapen for 2019, som viser eit økonomisk grunnlag som slett ikkje er i underskot, men derimot «tidenes største overskot» med heile 313,5 mill kr.

Berre utdanningssektoren aleine hadde eit overskot på heile 54 mill kr. Kutta i denne sektoren blei nedlegging av blant anna den vidaregåande skulen i Vanylven samt yrkesfag linjer som vart satt i eit alvorleg og svært merkeleg lys.

Det høyrer med til historia at fleirtalet politisk i fylket var på Stortinget same dagen som rekneskapen vart lagt fram for fylkeskommunen, for å framføre sin kamp mot ei «sveltefora fylkeskommune».

Ein sekvens som fortona seg meir eller mindre som effekten av fleire «torpedoar midtskips» overfor Møre og Romsdal fylke sitt omdøme, då fylkeskommunen i Møre og Romsdal framstod som svært så velfødd med eit av landets beste driftsresultat for ei fylkeskommune.

«verken i Nordøyvegsaka, eller i fylkeskommunen sin generaltabbe økonomisk med feilvurdering av fylket sin økonomi med snart ein halv milliard kr, tok fylkesrådmannen seriøst ansvar med sjølvkritikk, eller beklaga noko som helst overfor fylkestinget»

Når vi i tida etter dette, får lese i avisa at økonomisjefen i fylket har «gått på dagen» og at fylkesrådmannen ikkje ynskjer å informere om det finnast nokon sluttpakke, bør ivertfall ansvaret til fylkestinget tre i kraft.

Vi som politikarar kjenner fylkesrådmannen, og kun fylkesrådmannen.

Når fylkesrådmannen som er ansvarlig for all saksbehandling i fylkeskommunen framfører ei økonomistyring fullstendig ute av kontroll, der ein «bommar» med beløp i størrelsesorden 4-500 millIon kr, forstår dei fleste at nokon både skal og må ta ansvaret for dette.

Når vi også no får ei heilt ny sak, som igjen framviser sterkt kritikkverdig økonomisk kontroll og forsvarleg saksbehandling, vert tilliten til fylkesrådmannen ytterlegare svekka.

Fylket skulle «spare» 350 000kr ved å leggje ned fylkestannlegen i Stranda, flytte denne til Sykkylven så skulle alt bli svært mykje både billigare og betre.

Det kjem tilfeldig informasjon ikring kontraktsinngåelse for ny tannklinikk i Sykkylven, som viser ei plassering av denne ikkje er i tråd med regelverket for trafikale forhold for slike fylkeskommunale tjenester. Kontrakt er inngått juridisk vert det hevda på 25 års varighet.

Fylkesrådmannen kjem no med eiga sak, der fadesa med plassering av ny fylkestannklinikk i Sykkylven, skal «repareres» ved å nytte nye lånemidlar på heile -12,5 million kr.

Ein behøver egentlig ikkje seie meir ikring denne saka, enn att dette er gjennomført kritikkverdig, spesielt med tanke på at fylkeskommunen har ein flunkende ny tannklinikk i Stranda med rikeleg tilgjengeleg areal, og att det er andre flotte tilgjengelege areal som Stranda vidaregåande skule disponerer og står ledig.

I staden rotar ein til enda ei sak, brukar meir enn 10 million kroner av innbyggjarane sine skattepenger totalt unødvendig, utan at eit einaste kompetent folkevalgt organ får ei sak ang dette til behandling før kontrakter vart låst fast.

Som tidligare forklart, kjenner vi fylkespolitikarar kun fylkesrådmannen, og uansett kven som ellers i administrasjonen har stått bak ulike kritikkverdige forhold, henvender vi oss sjølvsagt til fylkesrådmannen.

Begeret er fullt, overfylt og fylkestingsgruppa til Møre og Romsdal FrP kan ikkje gjere anna enn å uttrykke mistillit til fylkesrådmannen, og ber fylkestinget behandle denne saka der etter.

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Terje Sundsbø 1 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
@Anne Mari SandshamnSom vanlig ingen saklige argumenter verken til Rasmussens artikkel eller mine momenter. Det oppsummerer motstanden mot Møreaksen i et nøtteskall.
Anne Mari Sandshamn 2 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
@Arne AlmaasDu har så rett Arne. Å føre en dialog for en selv er ikke vanlig.
Bjørn Nøstvold 2 dager siden Venstre gir seg selv en rett venstre
Ønsker en forandring, stemmer en for forandring.
Vidar Hölm 3 dager siden Neste år er det igjen Stortingsvalg
"Nå er det ikke tid for «blame game», sa helseminister Jan Christian Vestre (Ap) til Sunnmørsposten 24. oktober. Jo, det ...
Vidar Hölm 3 dager siden Neste år er det igjen Stortingsvalg
Norges offentlige helsevesen er i full krise og det er det nettopp Arbeiderpartiet som har hovedansvaret for! Helsereformen 2002/Tore Tønne. ...
Ketil Strand Andersen 7 dager siden Skremmende fremtidsscenario
Bra innlegg. Valg til neste år, da gjelder det.
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse