Haramskonsesjonen var vedtatt på ulovlig vis. Tina Bru visste det og feilinformerte Stortinget. Den 19. juni 2020 vedtok Stortinget at dersom det var gjort saksbehandlingsfeil, det vil si lovbrudd i tildeling av konsesjoner, skulle de stanses.
Det skriver Einar Landmark i en epost til statsråd Tina Bru den 3. mai 2021, med kopi til leder i Kontroll- og konstitusjonskomiteen, Dag-Terje Andersen, stortingsrepresentant Arne Nævra og involvert vindkraftmotstander, Erling Flem. Landmark håper at hans gjennomgang av saken, kan føre til at Tina Bru blir tvunget til å stanse konsesjonen.
Ingen svar til Landmark fra Tina Bru
– Jeg sendte statsråd Tina Bru en epost den 13. juli 2020, som informerte – og meldte fra om et alvorlig lovbrudd fra OED i 2009, i forbindelse med Haram Krafts konsesjon for etablering og drift av vindindustrianlegg på Haramsøya. Jeg har aldri fått svar hverken på denne eller purring den 09.10.2020, sier Landmark videre.
– På tross av dette, ble disse opplysningene holdt tilbake for Stortinget. Tildelingen av konsesjonen ble ikke nevnt med ett eneste ord i OEDs selvgransking. Dermed ble ikke Haramsøykonsesjonen stoppet, slik den skulle blitt, sier Einar Landmark.
Saken tatt opp i Stortinget
Erling Flem, årelang vindkraftmotstander helt fra starten av på Haramsøya, tok saken videre og spurte stortingsrepresentant for SV, Arne Nævra om å reise Landmarks påviste lovbrudd som grunngitt spørsmål til OED- statsråd Tina Bru. Han fikk straks ja fra Nævra.
– Ikke overraskende, men svært gledelig at en som sitter på Stortinget tar denne saken på på alvor. Nævra har jo engasjert seg som en markant og tydelig motstander av vindkraft, og han har også vært på Haramsøya i forbindelse med protestene, sier Erling Flem.
Tåkeleggende svar fra Tina Bru i Stortinget
– Da Arne Nævra, stortingsrepresentant for SV stilte spørsmål om det samme meldte lovbruddet i skriftlig spørsmål sendt den 12.04.2021, svarte statsråden 21.04.2021 på en måte som etterlater et inntrykk av at departementet i stedet for å rette opp feilen, prøver å vri seg unna ansvaret for å sørge for lovmessig saksbehandling. Tina Brus svar på Stortingsrepresentant Arne Nævras grunngitte spørsmål, mener vi er tåkeleggende og en unnamanøver, sier Landmark og Flem videre.
– Det underlige svaret har fått Arne Nævra til å stille Tina Bru et tilleggsspørsmål, om hun virkelig mener at departementet kan gi konsesjon til etablering av et vindkraftverk i et LNF-område, uten at regionale myndigheter og statlige fagetater gis anledning til å komme med innsigelse, sier Flem og Landmark.
Straks dom i rettsaken
Det faller dom i saken som «Nei til vindkraftverk på Haramsøya» har reist mot Staten allerede på fredag 14. mai 2021 klokken 13:00.
– Imidlertid er innsigelsesretten som ble forhindret av OED ikke tatt med i saken, og det gjør at dette poenget er like sterkt uansett utfall av rettsaken, sier Landmark.
Gavepakke til Tina Bru
– Dette er egentlig en gavepakke til Tina Bru, og hun bør nå straks benytte seg av muligheten hun har fått til å trekke tilbake Haramskonsesjonen uten å tape ansikt, slik Stortinget bestemte hvis konsesjonen ikke var lovlig vedtatt, sier Erling Flem.
Her er innholdet av Einar Landmarks epost til statsråd Tina Bru med kopi til Kontroll- og konstitusjonskomiteen:
Einar Landmarks epost til statsråd Tina Bru
Til Statsråd Tina Bru
Kopi til:
Leiar i kontroll- og konstitusjonskomitéen Dag-Terje Andersen
Arne Nævra
Erling FlemEg er så fri å ta statsråden sitt svar på skriftleg spørsmål frå Arne Nævra som delvis svar også på min e-post av 13.07.2020, som eg aldri har fått svar på, trass purring 09.10.2020.
Det er overraskande at statsråden framleis ikkje tek ansvar for å rette opp den feilen som departementet gjorde i 2009. Eg skal freiste å forklare feilen på nytt.
Energilova § 3-1, 4. ledd opna med verknad frå 01.07.2009 for at departementet kunne bestemme at vindkraftanlegg med endeleg konsesjon kunne ha verknad som statleg arealplan. Den 01.07.2009 låg det ikkje føre endeleg konsesjon for Haram Kraft. NVE sitt vedtak i saka var under klagebehandling i departementet. Når formuleringa i § 3-1, 4. ledd er at det skal ligge føre "endelig konsesjon etter denne lov" før statleg arealplan kan nyttast, så betyr sjølvsagt "denne lov" den gjeldande energilova slik den var med verknad frå 01.07.2009, som inkluderte plikt for departementet til å sørge for at motsegnsretten vart ivareteken, ref. § 2-1, 7 ledd, som også trådde i kraft 01.07.2009.
I saker der det ikkje låg føre endeleg konsesjon 01.07.2009 var altså departementet pålagd i § 2-1, 7. ledd å sørge for at reglane om motsegn i plan- og bygningslova skulle gjelde så langt dei høvde ved behandling av søknadar om konsesjon. Klagebehandling er sjølvsagt ein del av behandlinga av søknaden.
Departementet fatta endeleg vedtak om konsesjon den 14.12.2009, utan at § 2-1, 7. ledd var følgt opp. Det var feilen, lovbrotet. Uavhengig av om departementet ville bruke statleg arealplan eller ikkje, var § 2-1, 7 ledd gjeldande for alle konsesjonar som vart endeleg vedtekne etter 01.07.2009.
Når departementet valde å ta i bruk statleg arealplan samtidig med at det vart innvilga endeleg konsesjon 14.12.2009, er det endå meir klart at departementet gjorde ein alvorleg feil med ikkje å rette seg etter § 2-1, 7. ledd. Departementet tok dermed over planmyndigheita frå kommunen, og det er nettopp i plansaker at motsegnsretten har sin viktige plass. At § 3-1, 4. ledd og § 2-1, 7. ledd trådde i kraft frå same dato, var sjølvsagt ikkje tilfeldig. Det var departementet sin heimel i energilova til å bruke statleg arealplan, som kravde at motsegnsretten vart sikra i den same lova, frå den same datoen. Og så har statsråden rett i at motsegnsretten vart knytt til behandlinga av sjølve konsesjonssøknaden, ikkje til bruk av statleg arealplan.
I Haram Kraft si sak kunne departementet i 2009 naturleg nok ikkje følge NVE sin praksis i dag og kreve at motsegn skulle settast fram i høyringsperioden for konsesjonssøknaden i 2005, fire år før motsegnsretten kom inn i energilova. Konsesjonar som ikkje var endeleg vedtekne innan 01.07.2009, kunne kort og godt ikkje vedtakast utan at motsegnsretten var ivareteken. Sjølv om konsesjonen hadde blitt endeleg vedteken før 01.07.2009, kunne ikkje departementet ha brukt statleg arealplan etter 01.07.2009, for endeleg konsesjon måtte ha blitt behandla etter lova slik ho var etter 01.07.2009, altså med motsegnsrett.
Ei motsegn ville sjølvsagt ha vore eit mykje sterkare uttrykk for motstand mot planane om eit vindkraftverk på Haramsfjellet, enn ein høyringsuttale, og kunne ha påverka resultatet i større grad. Ei ny offentleg debattrunde ville også kunne ha påverka resultatet. Om motsegn hadde blitt reist og om det hadde påverka det endelege vedtaket om konsesjon, kan ingen vite med vissheit i dag, men det er svært truleg når les dei sterkt negative høyringsuttalane frå regionale myndigheiter og statlege fagetatar. Men det er likevel ikkje poenget, som er at det lovheimla høvet til å kome med motsegn vart eliminert som ein konsekvens av departementet sin handlingsmåte. Departementet gjorde seg dermed skuldig i eit lovbrot i 2009. Å gi konsesjon til etablering av eit vindkraftverk med statleg arealplan utan at høve til motsegn er ivareteke i konsesjonsbehandlinga må også vere eit svært alvorleg lovbrot. Om ein slik praksis skulle danne presedens, betyr det at forvaltninga kan ignorere motsegnsretten når det passar. Slik kan ein sjølvsagt ikkje ha det i ein rettsstat. I staden burde det vere departementet si klare plikt å gå i spissen for å handheve det syn, at det er i mot lovverket å etablere eit vindkraftverk i eit LNF-område, utan at regionale myndigheiter og statlege fagetatar har fått høve til å kome med motsegn
Den 19. juni i fjor 2020 fatta Stortinget eit samrøystes vedtak som kravde gjennomgang av gitte vindkraftkonsesjonar for å avklare om dei var gitt i samsvar med lovverket. Var ein konsesjon gitt i strid med lovverket, skulle han stoppast, heiter det i Stortinget sitt vedtak. Statsråden sitt svar til Stortinget hausten 2020 nemner i det heile ikkje det lovbrotet ho då kjende til, seinast i min e-post av 13.07.2020. Då Arne Nævra stilte spørsmål om dette lovbrotet i skriftleg spørsmål sendt 12.04.2021, svarte statsråden 22.04.2021 på ein måte som lèt etter seg eit inntrykk av at departementet i staden for å rette opp feilen, freistar å vri seg unna ansvaret for å sørge for lovmessig saksbehandling.
Det er opp til Stortinget å vurdere kor alvorleg det er for ein statsråd å villeie Stortinget på denne måten, mot betre vitande. Statsråden må også ta det fulle og heile ansvar for at konsesjonen til Haram Kraft ikkje vart stoppa før byggearbeida starta sommaren 2020. Men vindkraftverket er enno i ein tidleg oppbyggingsfase, så statsråden kan framleis hindre at eit vindkraftverk vert ferdig utbygd utan at konsesjonen har blitt til på lovleg vis. Men då må beskjed om stans i byggearbeidet kome straks, og departementet må rette opp feilen som er gjort.
Historia som elles kan kome til å bli ståande att, vil vere at departementet ignorerte lovverket for å oppnå sine mål og deretter feiltolka lovverket for å skjule sine feil. Vi må attende til futeveldet i dansketida for å finne verre overgrep mot lokalbefolkninga på Nordøyane. Både demokratiet og rettsstaten er avhengig av at statsforvaltninga respekterer det lovverket som Stortinget vedtek.
Med helsing
Einar Landmark
Om Einar Landmark
Einar Landmark (f. 1945) har vokst opp på Flemsøy og Stadlandet og nå bosatt på Apalset i Ørskog. Han er utdannet siviløkonom fra Norges Handelshøyskole – NHH.
Erfaring og allsidig praksis har vært distriktsutvikling, kommunal forvaltning, offentlig planlegging, næringsutvikling, bankvirksomhet, utviklingshjelp og utenrikstjeneste. Han har også hatt en rekke tillitsverv.
Han er også forfatter av boka «Vendepunktet - Henrik Ibsen på Sunnmøre i 1862», som blant annet skildrer Ibsens liv før samlerferden og forteller om hans opplevelser på Sunnmøre. Landmark argumenterer med at den 6–7 uker lange reisen ble et vendepunkt for den store dikteren.
Om Erling Flem
Erling Flem har vært med i motstanden mot vindkraft på Mørekysten helt fra starten som medlem i Ope Landskap , forløperen til Nei til vindkraftverk på Haramsøya, ledet av Birgit Oline Kjerstad.
Han er aktivt med i debatten om vindkraft i heile landet og har deltatt på flere folkemøter og markeringer i Norge.