Annonse
KSU – Vipps – desktop
Bernt Bøe
Artikkel
Bernt Bøe
21 desember 2024 16:09
Del på Facebook
Ensemblet delte juletonar med ei stor forsamling. Foto: Randi Bøe
Ensemblet delte juletonar med ei stor forsamling. Foto: Randi Bøe

Ei stor forsamling fekk oppleve ein strålande julekonsert i Stangvik kyrkje fredag.

«Tonar i julenatt» 2024 med tre operasolistar, klaver og strykarar vart eit flott bidrag til ein årleg konserttradisjon.

Annonse
Annonse

Pianisten Hedda Hansen Berg, strykargruppa Trio no Treble og songarane Sigrid Vetleseter Bøe, Tonje Eero Hove og Ole Andreas Silseth serverte den eine perla meir glitrande enn den andre.

Frå dei varaste juletonar til operautdrag og «O helga natt» utløyste programmet både varme tårer og dundrande applaus.

Tenoren Ole Silseth steppa inn på kortaste varsel for sjukmelde Torstein Fossmo. Han briljerte stort, både i operaduetten «O soave fanciulla» frå Puccinis La Boheme (saman med Sigrid) og ikkje minst i ekstranummeret «O, helga natt».

Utan detaljert omtale av alt i konserten vil eg framheve noko. Tonje Hove viste lekre nyansar i «Koppången» og «Nordnorsk julesalme». Hennar og Sigrid Bøe sine stemmer smelta lekkert saman i duettar som «Jul, jul» og «Lyssna, min kära». Sigrid fekk stor applaus for «Den hellige stad», men rørte også mange med andre, mjuke soloparti.

Annonse
Annonse

Som alltid lokka Hedda fram det lekraste tonefølget frå flygelet uansett vanskegrad og krav til uttrykk. Hennar «Askepott» skaper ein heilt spesiell julefølelse.

Med delvis eigne arrangement viser Trio no Treble leikande musikalitet i alt dei tek for seg. Det gjeld «Morgon» av R. Strauss (saman med sopransolist Sigrid) så vel som «Santa Claus», «Mitt hjerte alltid vanker» eller «Julverset». Den siste er folketone frå nettopp Stangvik – her arrangert i dansande versjon av Lars Hølås.

Dei 150 besøkande fekk ikkje berre stemning, men også ei kulturoppleving med seg inn i julehøgtida.

Trio no Treble bestod denne kvelden av Ivan Penjin (bratsj, t.v.), Jostein Bolås Brødreskift (bass) og Eivind Rossbach Heier (cello). Foto: Randi BøeTrio no Treble bestod denne kvelden av Ivan Penjin (bratsj, t.v.), Jostein Bolås Brødreskift (bass) og Eivind Rossbach Heier (cello). Foto: Randi Bøe

Utøvarane etter konserten. Frå venstre Ivan Penjn, Eivind Heier, Jostein Brødreskift, Sigrid Bøe, Tonje Eero, Hedda Hansen Berg, Ole Andreas Silseth og Bernt Bøe. Sistnemnte spela orgel til allsongen. Foto: Randi BøeUtøvarane etter konserten. Frå venstre Ivan Penjn, Eivind Heier, Jostein Brødreskift, Sigrid Bøe, Tonje Eero, Hedda Hansen Berg, Ole Andreas Silseth og Bernt Bøe. Sistnemnte spela orgel til allsongen. Foto: Randi Bøe

Annonse
Annonse
KSU – Vipps – mobil
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Geir Ole Sætremyr 12 timer siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEg har fått med meg alt, også at du konstruerer di eiga kuvøse for å dyrke agendaen din.Ja, eg har ...
Terje Sundsbø 13 timer siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrDu har ennå ikke fått med deg at jeg diskuterer KS2-rapporten, og utsagnene fra den? Referansegrunnlaget er like usikkert i KS2-rapporten ...
Geir Ole Sætremyr 1 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøDersom du har følgt med I timen har eg sitert frå dokumentet som SVV presenterte i oppstartsmøtet med skisse til ...
Terje Sundsbø 1 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrHvis det er svært få referanseprosjekt som kan verifisere kostnadskalkylene fra SVV, så gjelder jo det samme også for KS2-rapporten. ...
Geir Ole Sætremyr 2 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøKS2 rapporten uttaler eksplisitt at der er svært få referanseprosjekt som kan verifisere kostnadskalkylene frå SVV som ligg til grunn ...
Terje Sundsbø 2 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrDu tar fullstendig feil. Møreaksen i sin nåværende form er svært meningsfull. Derfor vil Høyre gjeninnføre E39 Vik-Molde i NTP. ...
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse