Annonse
Gjermund Kvernmo Langset, leiar forretningsutvikling og berekraft
Artikkel
Gjermund Kvernmo Langset, leiar forretningsutvikling og berekraft
08 september 2023 10:25
Del på Facebook
Bilete av nytt bygg til Bauta Electro under bygging på Trohaugen i Tomrefjord. Fotograf: Simone Eiken / Bauta Group
Bilete av nytt bygg til Bauta Electro under bygging på Trohaugen i Tomrefjord. Fotograf: Simone Eiken / Bauta Group
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Eg skreiv eit innlegg i avisa den 06.08.23. om viktigheita av å få realisert Møreaksen snarast råd. Innlegget fekk mykje reaksjonar, men det var ingen av motstemmene som adresserte dei faktiske utfordringane eg peika på.

Mange har den siste tida uttalt å få fokusere på lokale saker no i valkampen. Det er sjølvsagt viktig å diskutere både skule og eldreomsorg, men ein skal stikke hovudet ganske djupt ned i jorda for å ikkje forstå at dette heng veldig tett saman.

Annonse
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Ein kan gjerne diskutere både bompengar, trafikktryggleik og miljøpåverknad, men realiteten er at alle desse tinga er det mogleg å løyse på ein god måte. Det destruktive er at det tek fokuset vekk frå det diskusjonen burde handle om.

Møre og Romsdal har to stor utfordringar som held ei klam hand over fylket; demografi og samferdsel. Det nyttar ikkje for ein kommune eller ei bedrift å auke lønningar, tilby bustad og andre godar for å rekruttere dersom det ikkje finns folk til å fylle jobbane. Resultatet vert at ein stel frå naboen og at alle på sikt tapar gjennom auke i kostnadar, utan betring av tilbodet eller meir kompetanse.

Ein må også tenkje på kva signal det sender til dei som allereie bur her; «Her i vår kommune er det så trasig å bu at du fortener litt ekstra pengar for å orke å flytte hit».

Det einaste alternativet vårt er å gjere grep som bidreg til å auke attraktiviteten i regionen vår, slik at fleire vil flytte hit og vere her. Då må vi ha låg reisetid og god tilgjengelegheit til sentrumstenester. I dag betyr opera i Kristiansund lite for dei som bur sør for Romsdalsfjorden, på same måte som byliv og handel i Ålesund truleg betyr lite for dei på nordsida.

Annonse
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Eg trur nok ingen meiner at det i eit så lite fylke, med berre 265 000 innbyggarar, er fornuftig å drifte 21 vidaregåande skular, 18 politistasjonar, 4 sjukehus og 26 ferjeruter og 27 kommunar. Men slik situasjonen er i dag med små nedslagsfelt er det naudsynt, til trass for at det gir oss høge driftskostnadar.

Ein ser også resultatet av det i næringslivet. Det vert stadig vanlegare for bedrifter i distrikta å etablere kontor i byane for å få tilgang på folk. No har også fleire opna distriktskontor i Oslo for å kome i mål med rekruttering, då ein ikkje får nok folk i eige fylke.

Vi i Bauta Group har allereie tilsette som må bu på hybel i Tomrefjord for å sleppe lang reisetid. Vi har også begynt diskusjonar om vi må opne kontor i Ålesund, dersom vi skal klare å halde konkurransekrafta framover. Dette er ikkje fordi vi ynskjer det, vi har nyleg starta utbygginga av eit nytt industribygg i Tomrefjord på 1150 kvm som skal huse om lag 80 arbeidsplassar. Slik satsing vil vi gjerne halde fram, likevel er vi klinkande klare på ein ting; per i dag gir lokasjonen vår oss vanskelege vilkår og det vert ikkje betre utan at vi tek grep.

Om 15 år vil talet personar over 80 år ha auka med 83,2%, i same periode vil aldersgruppa 0-19 år reduserast med 8,7%. Det som er klink sikkert er at dette er eit reknestykke som ikkje går opp. Vi står for over 10% av eksporten (utan olje og gass) og har 5% av innbyggjarane, men på grunn av småleg krangling sit vi igjen med berre 1% av samferdselsmidlane. Vi må samlast om å realisere dei gryteklare prosjekta for å få kraft i utvikling og sysselsetting. Hordaland og Rogaland arbeider saman for å realisere både Hordfast og Rogfast og kjem til å suse hurtig inn i framtida. Medan vi sit igjen på kaia med ei slapp svele pakka i plast, ventande på ei ferje som kanskje går snart.

Av: Gjermund Kvernmo Langset
Leiar forretningsutvikling og berekraft Bauta Group og dagleg leiar Bauta Electro

Annonse
Annonse
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.
  • Denne kommentaren er avpublisert.
    Terje Sundsbø · 1 år siden
    Noen ønsker Møreaksen – andre ønsker veier stengt med fergebom 85% av tiden, til evig tid.

    Flott at KSU.NO har tatt dette innlegget for Møreaksen inn blant «Våre utvalgte».

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Ketil Strand Andersen 3 dager siden Skremmende fremtidsscenario
Bra innlegg. Valg til neste år, da gjelder det.
Terje Sundsbø 4 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
Hvor lenge kan motstanderne av Møreaksen skjule kostnadene med fortsatt ferge? "Når fergene avløses av Møreaksen frigis enorme mengder strøm, ...
Terje Sundsbø 4 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
@Arne AlmaasFakta er bedre enn fabler, spesielt i diskusjoner om samferdsel. Dine metaforer om elefanter kommer vi ingen vei med. Spesielt ...
Arne Almaas 4 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
@Terje SundsbøDet eneste jeg ønsker å kommentere er at det ikke er vits i å kommentere dialogene du og RR har ...
Terje Sundsbø 4 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
@Arne AlmaasKommentarfeltet benyttes til å diskutere momenter til artikkelen, ikke til å presentere nyheter. Hva er det i artikkelen du ønsker å ...
Terje Sundsbø 4 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
Høyre prioriterer Fergefri E39 Møreaksen: https://www.smp.no/meninger/leserinnlegg/i/8qxqed/hoeyres-prioriteringer-i-nasjonal-transportplanEr det noen privatpraktiserende fogderipolitikere i Høyre Møre og Romsdal som våger å tale Erna ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse