Annonse
Bernt Bøe
Artikkel
Bernt Bøe
12 august 2024 09:04
Del på Facebook
Hovudaktørane fekk god applaus etter programmet: Sigfred Gravvold, Oddmund Solem, Runa Kvalsund og Karen Oddny Husby Gravvold. Foto: Randi Bøe
Hovudaktørane fekk god applaus etter programmet: Sigfred Gravvold, Oddmund Solem, Runa Kvalsund og Karen Oddny Husby Gravvold. Foto: Randi Bøe

Folketonekunsten var eit livskall for samlaren Kristian Halse (1858-1939). Perler frå skattkista hans trilla fram på museet i Bøfjorden søndag.

Det kan lyde paradoksalt å skolere seg til «folkesongar». Men slik Runa Kvalsund formidla melodiar frå Halse sine nedskrifter, fekk publikum rotekte oppleving av den edle toneskatten som folkemusikken representerer.

Annonse
Annonse

Tonar i bunadsmønster

Forsiringar som reine bunadsmønster, rytmiske finesser og tonale lag «mellom» notelinjene prega formidlinga hennar av «Eg veit i himmerik ei borg», «Den lyse dag» og «Rallmo» i utbroderte melodiar frå Tustna og Surnadal. Alt sunge med lys-skimrande, smidig stemme. - Slike detaljerte nyansar noterte Kristian Halse betre og meir nøyaktig enn andre folketonesamlarar, sa folketonesongaren. - Det gjer materialet hans særleg verdifullt.

Arv frå oldeforeldra

Eit unikt innslag som avløyste Runa, var «Julverset» med Karen Oddny Husby Gravvold. Ho bevarer framleis dette - utan notar - i nedarva versjon frå oldeforeldra på heimegarden Åsbø.

  • Kvar julekveld syng vi verset i vår melodiform på «gammelmåten», bekrefta ho.
  • Karen Oddny song også andre folketonar: «Nyttårsverset» (nedskrive av John Røen), «Ak, mon min Vei» og «Maria på Grip» (Edvard Bræin).

«Steinutgarden» og populære viser

Med ypperleg bruk av trekkspelets finesser framførte Oddmund Solem slagerar og eigne melodiar. Særleg artig var urframføringa av slåtten «Steinutgarden», som onkelen og spelemannen Erling hadde laga i unge år.

Oddmund og duoen Karen Oddny og Sigfred Gravvold berika programmet med ei populær avdeling viser og slagerar. Ein gjest i salen, operasongar Erik Rosenius, bidrog med den svenske folkevisa «Till Österland vill jag fara».

Kristian Halse - arkivsamling

Ein lysbiletserie presenterte læraren, tonesamlaren og komponisten Kristian Halse. Den viste ein stor idealist som før mange andre såg verdien av å notere folketonar. Samtidig blir også kona Johanna framheva. Hennar støtte gjorde mannens musikkarbeid muleg. Dessutan var Johanna Halse ein pioner innan nordmørsk vev- og tekstilarbeid, ein fin parallell til den tonale folkekunsten.

Annonse
Annonse

Arkivering av materialet som Kristian Halse samla, vart fullført no i sommar. Gjennom 80 år har mange delteke i dette arbeidet: Hampus Huldt-Nystrøm, Ola Kai Ledang, Rannveig Eikrem, Ivar Mogstad, Marianne Elea Haugen og ikkje minst etterkomarar av Kristian Halse sjøl.

Folketonesamlar og kulturkjempe: Kristian Halse (1858-1939) i unge år. Foto: RanheimsætherFolketonesamlar og kulturkjempe: Kristian Halse (1858-1939) i unge år. Foto: Ranheimsæther

Runa Kvalsund – strålande servitør av folkemusikalsk delikatesse. Foto: Bernt BøeRuna Kvalsund – strålande servitør av folkemusikalsk delikatesse. Foto: Bernt Bøe

Oddmund Solem viste igjen eminent bruk av trekkspelet – her med «Steinutgarden», ein festleg slått av onkel Erling. Foto: Bernt BøeOddmund Solem viste igjen eminent bruk av trekkspelet – her med «Steinutgarden», ein festleg slått av onkel Erling. Foto: Bernt Bøe

Opera- og folkevisesongar Erik Rosenius akkompagnerte seg sjøl i «Till Österland vill jag fara». Foto: Randi BøeOpera- og folkevisesongar Erik Rosenius akkompagnerte seg sjøl i «Till Österland vill jag fara». Foto: Randi Bøe

Somme kom lange vegar. Kolbjørn Halse (t.h.), informant og barnebarn av Kristian Halse, hadde teke turen frå Averøya. T.v. tidlegare «Hørkelgadd» Rolf Holte, som held til på Røros og fortel at han spelar meir folkemusikk enn nokon gong. Foto: Bernt BøeSomme kom lange vegar. Kolbjørn Halse (t.h.), informant og barnebarn av Kristian Halse, hadde teke turen frå Averøya. T.v. tidlegare «Hørkelgadd» Rolf Holte, som held til på Røros og fortel at han spelar meir folkemusikk enn nokon gong. Foto: Bernt Bøe

Annonse
Annonse
KSU – Vipps – mobil
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse

Innlogging

Siste kommentarer

Ketil Strand Andersen 1 dager siden Skremmende fremtidsscenario
Bra innlegg. Valg til neste år, da gjelder det.
Terje Sundsbø 2 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
Hvor lenge kan motstanderne av Møreaksen skjule kostnadene med fortsatt ferge? "Når fergene avløses av Møreaksen frigis enorme mengder strøm, ...
Terje Sundsbø 2 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
@Arne AlmaasFakta er bedre enn fabler, spesielt i diskusjoner om samferdsel. Dine metaforer om elefanter kommer vi ingen vei med. Spesielt ...
Arne Almaas 3 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
@Terje SundsbøDet eneste jeg ønsker å kommentere er at det ikke er vits i å kommentere dialogene du og RR har ...
Terje Sundsbø 3 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
@Arne AlmaasKommentarfeltet benyttes til å diskutere momenter til artikkelen, ikke til å presentere nyheter. Hva er det i artikkelen du ønsker å ...
Terje Sundsbø 3 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
Høyre prioriterer Fergefri E39 Møreaksen: https://www.smp.no/meninger/leserinnlegg/i/8qxqed/hoeyres-prioriteringer-i-nasjonal-transportplanEr det noen privatpraktiserende fogderipolitikere i Høyre Møre og Romsdal som våger å tale Erna ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse