Annonse
Bernt Bøe
Artikkel
Bernt Bøe
14 august 2024 13:18
Del på Facebook
Bølia er ikkje høg, men gir flott utsikt: Havet og Kristiansund i vest, vidare Blåfjellet og Skreå med Tustnastabbane bak «og fagraste fjorden i fanget». Foto: Maria Vetleseter Bøe
Bølia er ikkje høg, men gir flott utsikt: Havet og Kristiansund i vest, vidare Blåfjellet og Skreå med Tustnastabbane bak «og fagraste fjorden i fanget». Foto: Maria Vetleseter Bøe

Naturoppleving, åstader og terrengnamn står på søndagens museumsplakat i Bøfjorden. Mest fjell, men også litt fjord.

Flotte bilete frå storslått landskap fyller lerretet. Her vil trimopplegget «Turar i Bøfjorden» utfalde seg på mange vis: Stimulans til å koma seg ut. Gjensyn med «åstader» for liv og drama. Terrengnamn som fortel mangt.

Annonse
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Ønskjer innspel

Også for den som av ymse grunnar ikkje kjem seg til sjøs eller til fjells, vil sikkert bileta gi gjensynsglede rundt kaffebordet.

Arrangøren ønskjer kommentarar til namn og stader i terrenget. Kvifor «Åbitshaugen» og «Håkkåsteinen»? Kva drift var det på Hjelmkona? Kvar finn du «Kobben»? Og: Står den grøne fyrlykta eigentleg på Tangneset, slik Kartverket påstår?

Naturoppleving til kaffen

Opplevingar av ymse slag vil krydre biletkåseriet «Frå fjell til fjord». Du får sikkert lyst til å bli kjent i nordmørsk landskap – anten ved eiga vandring eller som her, frå kaffebordet.

Og kaffen, pølsene og tilbehøret er det Mayse og Gunhild som serverer denne søndagen på Bøfjorden Sjøbruksmuseum.

Kort og lett tur til trimposten ved Svarttjønna. Foto: Bernt BøeKort og lett tur til trimposten ved Svarttjønna. Foto: Bernt Bøe

Ved tuftene av Utistusetra på Heggem står ein merkeleg steinfigur. Kva fortel den? Foto: Bernt BøeVed tuftene av Utistusetra på Heggem står ein merkeleg steinfigur. Kva fortel den? Foto: Bernt Bøe

Høgbrua ved Leikarvollen. Her startar Gammelvegen til Settemsdalen. Foto: Bernt BøeHøgbrua ved Leikarvollen. Her startar Gammelvegen til Settemsdalen. Foto: Bernt Bøe

Kva med ein tur på idylliske Åsskardfjorden? Foto: Eva Jorid SvendsenKva med ein tur på idylliske Åsskardfjorden? Foto: Eva Jorid Svendsen

Anders Melling har forsert Gauphammaren attmed Bøseterdalen. Foto: Gunnhild Vetleseter BøeAnders Melling har forsert Gauphammaren attmed Bøseterdalen. Foto: Gunnhild Vetleseter Bøe

Kva kongenamn ligg i steinskrift oppe på Hjelmen? Foto: Bøfjorden HistorielagKva kongenamn ligg i steinskrift oppe på Hjelmen? Foto: Bøfjorden Historielag

Langs Håkkåsteinsvatnet mot steinen som markerer både fylkesgrensa mot Trøndelag og bytet mellom fleire gardar i Bøfjorden og Halsa. Foto: Bernt BøeLangs Håkkåsteinsvatnet mot steinen som markerer både fylkesgrensa mot Trøndelag og bytet mellom fleire gardar i Bøfjorden og Halsa. Foto: Bernt Bøe

Fjell og fjord

Annonse
Annonse
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Terje Sundsbø 3 timer siden Demokratiets veivalg
@Geir Ole SætremyrMener du for alvor at en KS2-analyse må kvalitetssikres på nytt bare på grunn av prisstigning?
Geir Ole Sætremyr 5 timer siden Demokratiets veivalg
@Terje SundsbøDersom du er så enfoldig at du trur at der ikkje har vore prisstigning etter 2022 og fram til ein ...
Terje Sundsbø 5 timer siden Demokratiets veivalg
@Geir Ole SætremyrHvor lang tid går det før en må oppdatere KS2-analysen datert mars 2023 fordi den er utgått på dato og ...
Geir Ole Sætremyr 17 timer siden Demokratiets veivalg
@Terje SundsbøPkt 8.4 første avsnitt. Må i det minste oppdaterast for ikkje å villeie Finansdepartementet og Stortinget 
Terje Sundsbø 22 timer siden Demokratiets veivalg
@Geir Ole SætremyrNår går holdbarhetsdatoen for KS2-analysen ut?
Geir Ole Sætremyr 1 dager siden Demokratiets veivalg
@Terje SundsbøKva blir totalkostnaden for å bygge strekninga Vik til Molde?
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse