Annonse
Møre og Romsdal fylkeskommune, Anders Riise, fylkesordfører
Artikkel
Møre og Romsdal fylkeskommune, Anders Riise, fylkesordfører
06 november 2024 09:02
Del på Facebook
Mellvin Arvid Steinsvoll. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune
Mellvin Arvid Steinsvoll. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune

Det er med sorg at vi har motteke meldinga om at Mellvin Arvid Steinsvoll gjekk bort 1.11.24, 81 år gamal. Steinsvoll var ein engasjert politikar som gjennom fleire tiår har lagt ned eit imponerande arbeid for fellesskapet og for fylket vårt, både som lokal- og fylkespolitikar.

Lista over Mellvin Steinsvoll sine fylkeskommunale verv er lang. Han jobba mykje for dei eldre sine rettar, og var medlem av eldrerådet frå 2007 til 2011 og igjen frå 2015 til 2023. Etter sist fylkestingsval vart han på nytt valt inn som medlem i eldrerådet, då for perioden 2023-2027.

Annonse
Annonse

Steinsvoll starta i fylkestinget i 1984. Han var medlem av fylkestinget frå 1984 til 1991 og igjen frå 2015 til 2023, og varamedlem frå 2011 til 2015. Han var også aktiv i kontrollutvalet, der han var medlem frå 2015 til 2022 og varamedlem frå 2011 til 2015.

Han var óg opptatt av utdanning og yrkesopplæring, og leia yrkesopplæringsnemnda frå 2003 til 2007.

Annonse
Annonse

I år er det 40 år sidan Mellvin Steinsvoll gjekk inn i fylkespolitikken. Han vil bli hugsa som ein politikar som alltid sette dei eldre sine rettar høgt, og som arbeidde for å betre deira vilkår.

Eg vil uttrykke djup anerkjenning og respekt for det store arbeidet han har lagt ned som folkevalt i Møre og Romsdal.

Våre tankar går til familien og dei næraste i denne tunge tida. Fred over hans minne.

Annonse
Annonse
KSU – Vipps – mobil
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Geir Ole Sætremyr 7 timer siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEg har bedt om innsyn i Effekt-rapporten som SVV sende til TØI som utfyllende utrekningar som TØI/Dovre skulke kvalitetssikre.Det som ...
Terje Sundsbø 9 timer siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrKS2-analysen viser at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bomsatser, er større enn med ferge. Jeg gjentar - dette er fra ...
Geir Ole Sætremyr 14 timer siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEr klar over at SVV brukar standard programvare for beregningene.  Men, blir det meir riktig?Der er vel ei smertegrense for ...
Terje Sundsbø 15 timer siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrKS2-analysen viser at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bomsatser, er større enn med ferge.
Geir Ole Sætremyr 1 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøDette er di tolking Fram til 2022 tall er bompengesatsane det samme som det svv har brukt I grunnlagsmaterialet.  Det kan ...
Terje Sundsbø 1 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrSom jeg allerede har påpekt, KS2-rapporten angir alle kostnadsøkninger som bompengefinansiering. Dette vil de fleste mene ikke er rimelig. KS2-analysen skal ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse