Frank Sve, gruppeleder for Fremskrittspartiet i Møre og Romsdal, har sendt en e-post til fylkesordfører Tove-Lise Torve,med krav om ekstraordinært fylkesutvalgsmøte, for å kunne utsette søknadsfristen for videregående skoler i Møre og Romsdal.
Sve viser til situasjonen hvor Møre og Romsdal Fylke kan vise til et gedigent driftsoverskudd i 2019 på 313,5 millioner kroner, og de omfattende kuttene som ble gjort i de videregående skolene med omfattende negative konsekvenser for elever i hele fylket. Hadde fylkespolitikerene kjent til denne økonomiske situasjonen, ville trolig ikke kuttene blitt gjennomført, skriver Sve.
Frank Sves e-post til fylkesordføreren.
Til Fylkesordførar.
Krav om ekstraordinært fylkesutvalgsmøte, for utsetting av søknadsfristen for vidaregåande skular
Viser til situasjonen der Møre og Romsdal Fylkeskommune går med eit gedigent overskot i drifta i 2019, med heile 313,5 mill kr.
Med bakgrunn i at fylkeskommunen i 2019 gjennomførte omfattande kutt innan dei vidaregåande skulane, som har påført omfattande negative konsekvenser for elevane i heile fylket.
Hadde fylkespolitikarane vist om den reelle økonomiske situasjonen i fylkeskommunen, hadde dei omfattande kutta innan dei vidaregåande skulane mest truleg ikkje blitt gjennomført.
Viser også til krava frå mange organisasjonar derav lektorlaget, som krev reversering av dei omfattande kutta innan dei vidaregåande skulane her i fylket.
For at fylkestinget/fylkesutvalget kan behandle dette spørsmålet på ein god og reell måte, må søknadsfristen for elevane her i fylket utsetjast.
Fylkesutvalget kan gjere vedtak ang dette, gjennom å nytte hasteparagrafen for dette.
Dette hastar svært mykje, og det bør kunne gjennomførast som eit tlf møte og då omgående.
Eg ber på vegner av FrP gruppa i fylkesutvalget, om at fylkesordførar kallar inn til eit slikt tlf møte i fylkesutvalget, slik at søknadsfristen kan utsetjast og at fylkestinget kan behandle spørsmålet om reversering av kutta innan vidaregåande skular her i fylket, i sitt fylkestingsmøte i April, eventuelt gjennom det ordinære fylkesutvalgsmøte i mars.