Annonse
KSU – Vipps – desktop
Johann Roppen, professor ved Høgskolen i Volda
Ytring
Johann Roppen, professor ved Høgskolen i Volda
19 april 2024 10:23
Del på Facebook
Skjermdump fra Sunnmørsposten med kronikkforfatter Johann Roppen, professor ved Institutt for journalistikk, Høgskulen i Volda. Innfelt til venstre er Jan Emblemsvåg, professor ved NTNU, som hadde et tilsvar til Johann Roppens opprinnelige kronikk. Dette innlegget er et svar på Jan Emblemsvågs innlegg i tråden fra den 7. april 2024.
Skjermdump fra Sunnmørsposten med kronikkforfatter Johann Roppen, professor ved Institutt for journalistikk, Høgskulen i Volda. Innfelt til venstre er Jan Emblemsvåg, professor ved NTNU, som hadde et tilsvar til Johann Roppens opprinnelige kronikk. Dette innlegget er et svar på Jan Emblemsvågs innlegg i tråden fra den 7. april 2024.
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.

I ein kronikk i Sunnmørsposten 21. mars undra eg meg over kvifor det har vorte så voldsomt fokus på atomkraft dei siste åra. Eg meiner forklaringa er at det har vorte etablert ein atomlobby, som eg valde å kalle atomkremmarar. Dei propaganderer atomkraftas velsigningar, utan å fortelje om dei enorme problema som atomkraft skaper.

Her er min opphavlege kronikk.

Kronikken har vekt reakasjonar frå fleire. Jan Emblemsvåg har skrive eit par svar på min kronikk:

Emblemsvåg meiner eg tek feil i fakta om atomkraft og elles meiner han eg tyr til uheldige personkarakteristikkar. Eg må først beklage om Emblemsvåg eller andre kjenner seg såra på det personlege planet. Det er jo ikkje meininga. Det er jo den einsidige debatten han og andre fører eg har problem med.

Tre ordførarar som er medlemmer av atomklubben Norske kjernekraftkommunar har også følt behov for å svare:

Og her er mitt svar til dei tre ordførarane:

Styreleiar Jonny Hesthammer i Norsk Kjernekraft AS har skrive ein annan kommentar der det ser ut til at han meiner eg tek feil i fakta og fornæmar folk, rett nok utan han nemnar eventuelle faktafeil:

Ut frå debatten så langt blir eg overraska om Emblemsvåg og andre som har sett atomlyset vil moderere seg eller i det heile tatt innrømme at det er problem med atomkraft, eller å akseptere at det finst kunnskap og synspunkt som kan rokke ved deira tru på atomkraft. Eg reknar med dei vil halde fram med den einsidige kampanjen der atomkraft blir snakka opp – og sol-vind-vatn blir snakka ned. Kvar får vere salig i si tru. Eg reknar også med at dei vil halde fram med å overlesse politikarar med sine einsidige fakta. Om dei faktisk klarer å stilne debatten er det fare for at staten går i gang med eit dyrt og risikabelt atomeventyr, og då er vi verkeleg på ville vegar.

Emblemsvågs bortsnakking

Emblemsvåg ser ut til å meine at eg har framført 18 feilaktige «påstandar». I eit kjempelangt og detaljert svar prøver han å skape inntrykk av at alt eg skreiv i kronikken var feil. I svaret sitt presenterer han i staden «realitetar» og hevdar at alle mine påstandar er tilbakevist gjennom hans innlegg.

Hadde Emblemsvåg halde seg til realitetar, så hadde det naturlegvis vore rett. Men det gjer han dessverre ikkje. På fleire av punkta seier han faktisk indirekte at eg har rett, men bortforklarer det med argumentasjon av typen «vindkraft er verre». Dette er såkalla «whataboutism» - å snakke om noko anna enn det som var spørsmålet.

Usjarmerande faktasjonglering

Til saman leverer Emblemsvåg ei usjarmerande faktasjonglering og ikkje ein reell diskusjon av det som er viktig og vanskeleg med atomkraft. Rett nok innrømmer Emblemsvåg også i eitt av sine svar at det ikkje er noko som er enkelt med atomkraft, men heilskapsinntrykket han ønskar å formidle er at atomkraft er gode greier. Om ein ikkje vil akseptere at det ikkje finst noko vanskeleg eller farleg med atomkraft så er det vanskeleg å bli tatt på alvor i ein seriøs debatt.

Det finst fakta

Kva kjelder skal ein ty til og stole på når det gjeld noko såpass innfløkt og viktig som atomkraft? Kvar finst fakta? Ei kjelde som ikkje er mykje brukt i Noreg men som er mykje sitert i andre land kjem frå konsulentselskapet Mycle Schneider Consulting. Konsulentselskapet har i 20 år gitt ut årlege rapportar om status i atomindustrien – og også status for andre energikjelder. Her er lenke til den nyaste rapporten:

Rapporten er gratis, på 549 sider inneheld tusenvis av kjelder til informasjon om utviklinga i atomindustrien. Har du satsa pengane dine på atomkraft har du grunn til å bli deprimert. Det ser ikkje bra ut.

Er Noreg nemnt i rapporten? Berre så vidt: Der står litt om Equinors svært effektive havvind-anlegg utanfor Skottland – som leverte straum fleire timar enn atomkraftverka i Frankrike i 2022. Litt om ein av utanlandskablane og om restriksjonar på sjømat frå Japan etter at dei starta å pumpe radioaktivt vatn frå Fukushima-kraftverket ut i havet.

Noreg er berre ein parentes i det store verdsbildet når det gjeld atomkraft. Eg håper det held fram.

Vi klarar oss utan atomkraft

Somme trur visst at atomkraft er heilt nødvendig for å gis og lys og varme i framtida. Her bør ein lytte til fagfolka som faktisk studerer energiforsyning. Til dømes kan ein lese ein av NTNU-professor Ole-Morten Midtgårds nøkterne kommentarar. Han skriv kort og godt at vi kan klare oss bra med sol, vind og vatn, også i framtida.

Gjennomgang av Emblemsvågs «realitetar»

Så nedanfor kjem så mine «påstandar», Emblemsvågs «realitet» og mine kommentarar og konklusjon på om Emblemsvåg har presentert realitetar.

For dei som ikkje orkar å lese lenger enn til hit: Eg skal gi Emblemsvåg rett på eitt punkt, og på eit par punkt er det ingen som eigentleg kan vite kva som er det rette svaret før kanskje ein gong i framtida. Men på nesten alle dei 18 punkta har Emblemsvåg rett og slett ikkje klart å finne feil og tyr i staden til bortforklaringar av typen: «Men tenk på vindkraft».

Påstand 01 (Roppen): «Atomkraft passar over alt»
Norsk kjernekraft AS reiser land og strand rundt med atomkraft i skreppa og alle som spør får høyre at deira kommune passar godt for plassering av eit «snilt» lite atomkraftverk.

Kort forklart realitet 01 (Emblemsvåg)
Ja, Norsk Kjernekraft reiser mye rundt noe enhver kan gjøre og som vindkraftindustrien har gjort, og med mindre kommunen ikke har tilgang til vann og plass til et fotballstadion så egner de seg. Hittil har vindkraften beslaglagt 550 km2. Isar II anlegget i Tyskland produserte nesten like mye som de 6100 vindturbinene i Danmark.

Kommentar II (Roppen)
Emblemsvåg ser ut til å vere samd i at Norsk Kjernekraft (og han sjølv?) meiner at atomkraftverk kan passe i alle kommunar. Så kva er det Emblemsvåg prøver å rette? Og så held han fram med å seie kor fantastisk atomkraft er. Dette er ikkje å «rette» ein feilaktig påstand – det er ein måte å argumentere på som gir seg ut for å vere sakleg, men som ikkje er det.

Konklusjon: Emblemsvåg meiner det kan byggast atomkraftverk i alle norske kommunar, så han har gitt meg rett i at dette er noko atomkremmarane meiner. Vindkraft har eg ikkje skrive noko om, så kvifor han dreg det inn i tilbakevising av mine påstandar er rart.


Påstand 02 (Roppen): «Den rike atomlobbyen lovar gull og grøne skogar»

…vi har fått ein pengesterk atomkraftlobby som framstiller atomkraft som noko som kjem uansett, som er heilt ufarleg, seier at atomkraft vil gi oss nesten gratis straum, og at vi må vere raske for å få ein plass langt framme i køen.

Kort forklart realitet 02 (Emblemsvåg)
Et søk på lobbyfact.eu gir at det er 145 lobbyister i EU som har noe med ‘nuclear’ å gjøre – alt fra kjernekraft til nukleær medisin – mens hele 1308 har noe med ‘renewable’ å gjøre. I Norge er vindkraftlobbyen stor og voksende. Kun Norsk Kjernekraft har kommersielle interesser i Norge.

Når det gjelder farenivået er det svært godt dokumentert – kjernekraft er en av de tryggeste formene for kraft med færrest antall døde, mens vannkraft er verst av de ikke-fossile. Kostnaden per kWh for kjernekraft er svært lav ser man bort fra 3-4 anlegg bygget i Vesten, men selv de er billigere enn havvind. Interessen for kjernekraft er stor som illustrert av de nylig avholdte Nuclear Energy Summit og COP28 der 22 land skal triple kapasiteten av kjernekraft. ER man utenfor her, er det åpenbart at køen vil være betydelig.

Kommentar II (Roppen)
Emblemsvåg vel å skifte fokus til EU. Det er tilslørande all den tid eg skriv om Noreg.

Det er vel kjent at Trond Mohn som er ein av dei rikaste menn i Noreg har gått inn som aksjonær i lobbyorganisasjonen Norsk Kjernekraft AS, så ja: Definitivt pengesterk.

Når det gjeld farenivå ved atomkraftverk så vel Emblemsvåg å dra fram berre tal på døde som følgje av utbygging (?) av atomkraft. Men det er jo det enorme skadepotensialet som er spesielt med atomkraft, som blant anna tabbar, terrorisme og krig. Då er det lite relevant å sjå bakover i tid. Ein må sjå framover.

Emblemsvåg påstår så at atomkraft er svært billeg og vel å fokusere på at havvind er dyrt. Kva med landvind og solceller? Der taper atomkrafta stort på alle måtar i verdssamanhengen. Atomkraft er svært dyrt og bygging av atomkraft er av den danske forskaren Bent Flyvbjerg rekna som prosjekta som det statistisk sett er størst sjanse for å sprenge budsjetta. Høgst menneskelege eigenskapar som overoptimisme, naivitet men også svindel og løgn er dei viktigaste forklaringane på at milliardprosjekt sprenger budsjetta. Og særleg atomprosjekt. Sol- og vindkraft er motsett ende av skalaen ved at dei ofte blir gjennomført til ein lågare pris enn budsjettert.

Det neste punktet er meldingar om at 22 land skal tredoble sin atomkraftproduksjon. Dette er altså planar, og er det ein ting som er sikkert med atomkraft så er det at planane og budsjetta bommar og at det trengst enorme statlege subsidiar. Kina og Russland er landa som bygger flest nye atomkraftverk. Er sentralstyrte diktatur med liten omtanke for miljø, tryggleik og menneskelege verdiar land Emblemsvåg meiner vi bør samanlikne oss med? Med mange nye atomkraftverk i Kina betyr vel det at det blir meir truleg at den neste atomulukka vil skje der. Historikken dei siste åra viser at det samla talet på atomkraftverk i vesten har gått nedover. I vesten har nye kraftverk stort sett erstatta gamle atomkraftverk.

Konklusjon: Emblemsvåg har ikkje lagt fram fakta som tilbakeviser min «påstand».


Påstand 03 (Roppen): «Atomlobbyen har fått breie seg i media»

Eg opplever debatten dei siste åra som at atomkremmarane i veldig stor grad har fått breie seg uimotsagt i media og på andre arenaer med urealistiske lovnader om billeg og sikker straum, små, snille og nærast usynlege kraftverk med mange lokale arbeidsplassar. Og alt dette i staden for store vindmølleparkar.

Kort forklart realitet 03 (Emblemsvåg)

Realiteten er at media har siden 3-mile island ulykken svartmalt kjernekraft. Det er derfor mer riktig å si at kjernekraft har endelig fått plass i media uten å bli svartmalt.

Alle kraftverk som kan legges inn i fjell kan være usynlige, også kjernekraftverk.

Ingen ikke-fossile kraftverk gir mer sysselsetting enn kjernekraft. Hvis man legger til grunn at Norge skal nå alle sine klimamål og vi bygger opp en kjernekraftindustri for å nå dette vil dette tilsi en verdiskapning på 34 mrd. dollar fordelt på 122.000 arbeidsplasser, som vil gi en gjennomsnittlig inntekt per arbeidstaker på i underkant av 900.000 kroner per år. At dette skiller seg fra vindkraft er åpenbart for de fleste.

Kommentar II (Roppen)
Her er vi rett og slett usamde om medieframstillinga. Som eg skreiv er det mitt inntrykk «dei siste åra», at atomlobbyistane har fått breie seg. Det går an å måle om dette stemmer, om nokon vil ta ei oppteljing. Emblemsvåg har ikkje gjort noko oppteljing, så før han gjer det kan han vere usamd i påstanden, og gitt våre utgangspunkt er nok inntrykket ulikt. Men å seie at han forvaltar realiteten i dette spørsmålet blir feil.

Kvar Emblemsvåg hentar sine tal frå når det gjeld arbeidsplassar og verdiskaping er vanskeleg å vite. Det verkar som noko han har tenkt ut ved kjøkkenbordet. Ei slik utrekning vil ha så mange viss og om ved seg at det ikkje er seriøst. Så her må bevisbyrda snus: Kva er føresetnadene og parameter du har lagt inn i utrekninga di, Emblemsvåg?

Ein som faktisk arbeider i kraftbransjen i dag er direktøren i Tafjord Kraft AS. Han har i eit par innlegg stilt spørsmål ved dei grunnleggande føresetnadene for atomkraft i Noreg. Blant anna meiner han at det ikkje kjem til å bli bygd kraftverk nord for Sognefjorden. I så fall kan meir enn halvparten av landets kommunar sjå langt etter nokon av dei over 100.000 arbeidsplassane som Jan Emblemsvåg lovar.

Erik Espeset, Tafjord Kraft AS: «Råd til norske «kjernekraftkommuner»», Nationen 16.12.2023

Konklusjon: Emblemsvåg har eit anna syn på mediedekninga, men ei anna vurdering er noko anna enn at ein påstand er feil. Emblemsvågs lovnad om over 100.000 arbeidsplassar er ikkje dokumentert og truleg svært tvilsam.


Påstand 04 (Roppen): «Atomkremmarane driv skremselspropaganda»

Atomkremmarane har nøra opp under uvissa eller fått draghjelp frå høgare straumrekningar, krig i Ukraina og høgare renter.

Kort forklart realitet 04 (Emblemsvåg)

Dette begynte lenge før de forholdene som det her henvises til. Krigen i Ukraina bidrog, men hovedårsaken er at folk ser at vindkraften ikke gir som lovet. Det er bare å se til Tyskland der kraftprisene har steget i 20 år og industrien sliter.

Kommentar II (Roppen)

Utgangspunktet for artikkelen min var ei undring over kvifor det har kome så sterkt fokus på atomkraft dei siste åra og eg synte det med ein sterk vekst i talet på omtalar av «kjernekraft». Auken i medieomtalar saman med krigen i Ukraina og uvissa – og etablering av Norsk kjernekraft AS. Auka motstand mot vindkraft har nok også spela inn.

Men gjennom svaret sitt gir jo Emblemsvåg meg rett: Generell uvisse og høge straumprisar vert nytta som argument for atomkraft er bra – det skal kunne løyse problema.

Konklusjon: Påstanden er ikkje tilbakevist, og har tvert i mot vorte bekrefta av Emblemsvågs sitt svar.


Påstand 05 (Roppen): «Atomkremmarane forenklar og lover for mykje»

Når ein framfører ein klar og tydeleg bodskap, og byr på enkle løysingar på store og kompliserte spørsmål, kan ein lett få folk med seg

Kort forklart realitet 05 (Emblemsvåg)

Det er ingenting enkelt med kjernekraft, men den fungerer og gir store mengder energi. De virkelig enkle budskapene er at vi kan skape en bærekraftig fremtid med ustabile kraftkilder. Dette hadde stor folkelig støtte inntil de så hva det betydde – økte strømpriser og minimale forbedringer i klimagassutslipp.

Kommentar II (Roppen)

Det er jo bra at vi er samde om at «ingenting er enkelt med kjernekraft».

Når det gjeld kommentaren om at «ustabile kraftkilder» har mista folkeleg støtte, så er eg usikker på kva land Emblemsvåg refererer til. Han har kanskje rett når det gjeld Noreg? I verda samla sett er det ein enorm vekst i investeringane i sol- og vindkraft. Det er fleire år sidan sol og vind til saman passerte atomkraft i samla straumproduksjon og det ser ut til å vere kraftig, eksponentiell, vekst i investeringane i åra som kjem. Prisane har også blir lågare og lågare – og effektiviteten stadig høgare for sol og vind.

Emblemsvåg seier atomkraft «fungerer og gir store mengder energi». Det er nok ikkje alltid rett. Atomreaktorar må vedlikehaldast og reparerast. Frankrike er dopa på atomstraum og dermed svært sårbar når det oppstår systemfeil. Dei siste åra har kraftforsyninga i Frankrike hatt store problem. Til tider har halvparten av atomkraftverka vore ute av drift i lange tider på grunn av rustne rør. I 2022 produserte reaktorane i gjennomsnitt straum berre 152 dagar i året. Det har blant anna ført til at eigarselskapet EDF måtte overtakast av staten etter at dei måtte kjøpe enorme mengder straum til svinedyre prisar.

Så det er ikkje rett når Emblemsvåg gir inntrykk av at atomkraftverk er oppe og lagar straum absolutt heile tida.

Amerikanske atomkraftverk vart i si tid også brukt i det berykta selskapet Enrons manipulasjonar av kraftmarknaden. Nedetid på grunn av vedlikehald vart tima for å maksimere straumprisen. Det var svindel, naturlegvis.

Konklusjon: Emblemsvåg framfører tvilsame og fragmenterte faktapåstandar som svar på ein generell observasjon. Emblems realitet handlar altså om noko anna enn påstanden og påstanden er ikkje tilbakevist. Og dei andre argumenta Emblemsvåg i staden framfører er dårleg underbygd eller direkte feil.


Påstand 06 (Roppen): «Kommunar brukar atompropaganda i saksbehandlinga»

Vi har sett at kommunar brukar reklamen frå atomkraftlobbyen ukritisk i saksbehandlinga si.

Kort forklart realitet 06 (Emblemsvåg)

I motsetning til balansert og grundig informasjon fra vindkraft? Vindkraft har søkt om en ting og bygget noe annet med politisk støtte. Det har aldri skjedd med kjernekraft.

Kommentar II (Roppen):

Eg har ikkje påstått kva vindkraftforkjemparar eventuelt har gjort i sine kommunale søknader, så det er irrelevant her.

Emblemsvåg vert spåmann når han påstår at atomkraft aldri kjem til å «søke om ein ting og bygge noko anna». Dette kan han eller nokon andre vite noko om.

Konklusjon: Igjen svarar Emblemsvåg på noko anna enn det som faktisk står, og han tilbakeviser ikkje det eg skriv – så Emblemsvåg driv ikkje realitetssjekk på dette punktet.


Påstand 07 (Roppen): «Staten må betale både for utbygging og opprydding av atomkrafta»

Rike onklar har finansiert atomkraftlobbyen, og oppgåva til atomkremmarane er å snu opinionen og dermed politikarane. Og i neste omgang skal så politikarane bruke pengar på å lage reglar for trygg bygging, drift og ikkje minst betale for opprydding av atomsøppel.

Kort forklart realitet 07 (Emblemsvåg)

Rike onkler har vært tungt involvert i vindkraft også. Warren Buffet, en av verdens rikeste, er tungt inne i vindkraft via Berkshire Hathaway. Store kinesiske firmaer er tungt inne i vindkraft, som gir en spesiell sikkerhetspolitisk dimensjon.

Regelverk og rutiner for sikker drift er utviklet gjennom 70 år med kommersiell drift i mange land. Dette er ikke noe norske politikere trenger å tenke på.

Atomsøppel er restbrensel med stor verdi. Bare restmaterialet i USA kan drive USA i 100 år – hva er verdien av det? Oppryddingen er allerede betalt for gjennom leasing av brenselet og gjennomføres uten større problemer som illustrert av Pilgrim dekommisjoneringen. Roppen tenker kanskje på noen gamle anlegg brukt til militære formål, men det har ingenting med kommersiell kjernekraft å gjøre.

Kommentar II (Roppen)

Igjen kjem Emblemsvåg dragande med vindkrafta. Og Kina er også kjempestore på atomkraft, og kvifor kinesiske vindturbinar er farlegare enn kinesiske atomkraftverk er litt vanskeleg å forstå.

Atomkraft er farlege saker, så det er nødvendig med kunnskapsbasert og streng regulering. Og det regimet er vi svært langt frå å ha i Noreg.

Den siste sjefen som faktisk dreiv reaktorane, Ole Reistad, har i eit lengre intervju i Teknisk Ukeblad i 2022 sagt at atomkraft er urealistisk i Noreg, fordi vi stort sett manglar alt, særleg kunnskap.

Annonse
Annonse

«Norges siste reaktorsjef: – Urealistisk med kjernekraft i Norge», Teknisk Ukeblad, 18.4.2022

Reistad fortel blant anna at Noreg har fått mykje kritikk frå det internasjonale atomenergibyrået fordi vi ikkje hadde på plass eit regelverk, så det var nok rett å stenge ned våre atomkraftverk i Halden og på Kjeller. I motsetning til Emblemsvåg har Reistad faktisk drifta eit atomkraftverk og forholdt seg til eit regelverk. Så dette MÅ norske politikarar tenkje svært mykje på!

Emblemsvåg har i ein del samanhengar kalla atomsøppelet for «restbrensel». Blant anna er dette plutonium, eit av dei både giftigaste stoffa som finst, og samtidig også materiale til atomvåpen. Ingen veit kva slags teknologi som eventuelt vil bli lagt til grunn for å bygge dei nye SMR-kraftverka, men produksjonen av plutonium og anna giftig søppel kan bli mangedobla. Med enorme kostnader.

Er det enkelt å bruke atomsøppelet («restbrenselet») på nytt? Nei. Førebels blir det giftige søppelet lagra inntil teknologien eventuelt kjem på plass.

Konklusjon: Emblemsvåg prøver ikkje å avvise påstanden om at det er rike onklar som planlegg utbygging av atomkraft og at staten må inn og betale. Hans påstand om at Noreg kan ta i bruk utanlandsk regelverk er det ei betre informert kjelde som er heilt usamd i. Emblemsvåg er svært optimistiske når han trur at atomsøppelet kan bli brukt på nytt.


Påstand 08 (Roppen): «Det trengst mykje forsking og utdanning av atomteknikarar»

Og så må det brukast pengar på forsking og utdanning av dei mange atomteknikarane som skal kvalitetssikre, bygge og drifte eit atomkraftverk. Dette vil koste pengar, også over skattesetelen, som det heiter.

Kort forklart realitet 08 (Emblemsvåg):

Norge har brukt store mengder av ressurser for å få på plass olje- og gassindustrien. Industrialisering betyr selvsagt at man må bruke penger, men poenget er at det gir mer enn man betaler. Det offentlige er ofte involvert i alle energiprosjekter. Siden 1950 har fornybarenergien mottatt dobbelt så mye offentlig støtte til utvikling enn kjernekraft.

Kommentar II (Roppen)

Emblemsvåg ser ut til å vere samd i påstanden, men meiner at det er nødvendig – og lønsamt. Men er atomindustrien lønsam etter kommersielle kriterier? Kvifor har statane måtte gå inn med enorme subsidiar til atomindustrien i Storbritannia og Frankrike? Kvifor gjekk det amerikanske atomselskapet Westinghouse konkurs? Kva må den svenske staten bidra med for å eventuelt fornye dei svenske atomkraftverka? Er det nokon som helst grunn til å tru at Noreg skal kunne få til ein lønsam atomindustri ved å kjøpe kraftverk frå andre land – som ikkje sjølve har klart å skape ein lønsam atomindustri?

Konklusjon: Emblemsvåg har ikkje argumentert mot påstanden men framfører i staden andre argument som han ikkje har belegg for.


Påstand 09 (Roppen): «Atomkraft er kjempedyrt»

Atomkraft er ikkje gratis. Det er faktisk kjempedyrt.

Kort forklart realitet 09 (Emblemsvåg)

Kjernekraft har et høyt investeringsbeløp, men lave driftskostnader og lang levetid. Det gir mange positive effekter inkludert lave elektrisitetspriser. Amerikanske kjernekraftverk leverer til ca. 30 øre/kWh.

Kommentar II (Roppen)

Vi er samde om at det er dyrt å bygge atomkraftverk. Emblemsvåg meiner så at atomkraftverk har billeg å drive og gir lågare straumprisar. Det varierer veldig i ulike land.
Det første SMR-kraftverket var planlagt i Idaho, men vart skrinlagt før jul 2023, blant anna etter ein prisauke på 50 prosent for investeringa. Den låge kraftprisen i USA heng også saman med prisnivået på kraft elles i USA, ein må jo konkurrere. Men talet på atomkraftverk i USA har gått ned dei siste åra. Kanskje krafta er for billeg?

Konklusjon: Emblemsvåg er samd i at det atomkraft er dyrt å bygge, men er også kategorisk på dei økonomiske fordelane med atomkraft. Erfaringane frå USA syner at investorane ikkje er frista til å bygge nye atomkraftverk, så dei har nok ei anna vurdering enn Emblemsvåg.


Påstand 10 (Roppen): «Vi har ikkje kunnskapsmiljø eller naturlege føresetnader»

Ikkje har vi kunnskapsmiljø eller andre naturlege føresetnader for å bygge ut atomkraftverk.

Kort forklart realitet 10 (Emblemsvåg)

Dette fullstendig feil. Vi har opparbeidet mye kompetanse som er direkte relevant innen olje- og gassindustrien, maritim industri og energiintensiv industri.

Kommentar II (Roppen)

Om Emblemsvåg har rett i dette, så bør dei aktuelle miljøa alt i dag vere aktuelle leverandørar til atomindustrien. For slike kontraktar blir vel lagt ut på den opne marknaden? Men igjen vil eg vise til reaktorsjef Ole Reistad som seier det motsett av Emblemsvåg. Noreg har ikkje kompetansemiljø på atomkraft. Norsk kjernekraft har 5 tilsette. Fem. Og Emblemsvåg snakkar om ein industri som skal gi over 100.000 arbeidsplassar. Dette heng ikkje på greip.

Når det gjeld olje og gass hadde Noreg ein fordel ved at vi faktisk eigde havbotnen der ressursane låg, og difor kunne stille vilkår for utvinning. På atomområdet er det vanskelegare å sjå at vi har fordelar – men vi kan naturlegvis stille krav om kompetansebygging og gjenkjøp. Men påstanden gjaldt altså kunnskapsmiljøa i dag.

Konklusjon: Emblemsvåg har ikkje fortalt noko om kva for norske miljø som leverer produkt og tenester til atomindustrien, så han har ikkje tilbakevist påstanden.


Påstand 11 (Roppen): «Atomindustrien slit»

…atomindustrien er i pengenød. Det har knapt nok vorte bygd nye atomkraftverk i vestlege land dei siste åra.

Kort forklart realitet 11 (Emblemsvåg)

Dette er utelukkende pga. vestlig politikk og har ingenting med teknologien å gjøre. Dette er nå i full endring, som COP28 viser og Nuclear Energy Summit.

Kommentar II (Roppen)

Emblemsvåg prøver ikkje å tilbakevise påstanden, men forklarer industriens problemer med «feil» politikk. Han skriv så vidare at politikken er i endring, og meiner vel då at det vil bli bygd mange nye kraftverk i vesten. Det vil jo vise seg. Dei siste åra har talet på atomkraftverk og kraftproduksjonen deira gått ned i vesten, samtidig som solkraft og vindkraft har fått ein enorm vekst i anlegg og samla produksjon. Dei som skal investere ser og veit sjølvsagt dette.

Konklusjon: Påstanden er ikkje tilbakevist.


Påstand 12: «Sol og vind konkurrerer ut atomkrafta»

Nye og fornybare energikjelder som sol og vind har fått kraftig vekst. Atomkraft er altså i ferd med å bli utkonkurrert i vestlege land.

Kort forklart realitet 12 (Emblemsvåg)

Dette er en merkelig påstand når 22 land nå har vedtatt at de skal triple kjernekraftkapasiteten.

Kommentar II (Roppen)

Det er langt frå ein intensjonsavtale til at det faktisk skjer noko, og særleg med atomkraft som er så enormt dyre, risikabelt og tek så lang tid å bygge. Sol og vind har enorm vekst og . Atomkraft har dei siste åra ikkje hatt vekst i talet på kraftverk og del av samla energiproduksjon, bortsett frå i Kina. Atomkrafta produserer alti dag mindre straum enn sol og vind til saman. Også i Kina.

Konklusjon: Eg skal moderere påstanden min. Det ser ut til at landa som alt har ein stor atomindustri har store vanskar med å klare seg utan atomkraft dei komande åra, så atomkraft vil truleg vere ei vesentleg energikjelde i mange år framover. Men vesentleg vekst gjennom bygging av nye atomkraftverk er vanskeleg å tru på.


Påstand 13 (Roppen): «SMR-kraftverka er langt frå leveringsklare»

Problemet er at produksjonsseriane til dei små og snille atomkraftverka berre finst i salsbudsjett, brosjyrar og på powerpoint. Marknaden har førebels ikkje hatt tru på dei. I beste fall kan ein seie at det finst nokre få slike kraftverk på eksperimentstadiet. SMR-ane er nye, uprøvde og svært langt frå å vere leveringsklare i store seriar.

Kort forklart realitet 13 (Emblemsvåg)

Polen har signert og godkjent avtale på 24 anlegg, og mange andre er under oppbygging. Polen ser faktisk for seg å bygge totalt sett mer enn 100 SMR. I UK har man etablert et privat fond på over 8 mrd. pund for å bygge 4 stk. AP300 reaktorer.

Kommentar II (Roppen)

Den polske kontrakten vart inngått av eit forretningsministerium som berre fungerte i 14 dagar før dei måtte gå av etter å tapt valet. Den nye regjeringa leia av Donald Tusk varsla at denne SMR-kontrakten var ei av dei mange tvilsame hastevedtak den førre regjeringa gjorde og som dei ville sjå nærare på. Tusk har sagt at han heller vil bygge eit gigantkraftverk ved Østersjøen enn mange små. Blant anna hadde ikkje tryggleiksperspektiva vorte vurdert i det heile knytt til å bygge mange kraftverk spreidd rundt om i landet. Så Emblemsvågs optimisme er noko i overkant.

Konkusjon: Den første serien av SMR-kraftverk har framleis ikkje kome i gang med bygginga, så inntil vidare er dei berre å finne i budsjett og brosjyrer.


Påstand 14 (Roppen): «Må Noreg stille seg i kø for å få SMR?»

Atomkraftlobbyen gir tvert i mot inntrykk av at Noreg må stille seg i kø så snart som råd for ikkje å kome i bakleksa når SMR-ane skal rullast ut.

Kort forklart realitet 14 (Emblemsvåg)

Pga begrenset produksjonskapasitet vil allerede de ordrene som er inngått lede til lengre leveringstider. Når de 22 land kommer i gang med å triple kjernekraftkapasiteten vil resultatet bli at Norge vil havne i bakleksa.

Kommentar II (Roppen)

Dette kan nok Emblemsvåg få rett i, eventuelt ein gong i framtida. Det kjem heilt an på om SMR-kraftverka faktisk fungerer som tenkt, og lar seg bygge i serie. Det er det ingen som veit sikkert i dag. Og i mellomtida skin sola og bles vinden, og gir kraft til stadig lågare pris. Så det kan hende Emblemsvåg aldri får rett.

Konklusjon: Dette kan ingen eigentleg vite sikkert før om mange år.


Påstand 15 (Roppen): «Naturvernorganisasjonane er splitta i synet på atomkraft»

Men organisasjonar som Naturvernforbundet, og ikkje minst Bellona, har arbeidd med atomsøppel i mange tiår. Kunnskapen finst, og det er store problem med atomkraft.

Kort forklart realitet 15 (Emblemsvåg)

Dette er direkte feil. Jeg har holdt innlegg for Naturvernforbundet mange ganger og realitetene er at sentralledelsen er mot mens resten av landet er stort sett for kjernekraft. Bellona er også splittet internt. Miljøbevegelsen i Norge trenger et paradigmeskifte og innse at vi må ikke bare adressere klima, men også natur.

Kommentar II (Roppen)

Det er mogleg Emblemsvåg har snakka med einskildmedlemmer eller til og med lokallag av Naturvernforbundet. Men realiteten er at dei to organisasjonane i sine offisielle organ som på årsmøte er klare på at atomkraft ikkje er løysinga på miljøproblema i Noreg. Eg trur leiinga i organisasjonane har best greie på kva som rører seg i organisasjonane og at dei følger demokratiske prinsipp. Ein gjestetalar er ikkje på innsida av ein organisasjon.

Konklusjon: Emblemsvåg tilbakeviser ikkje at dei to organisasjonane har kunnskapar om atomkraft eller at dei har gjort vedtak om å seie nei til atomkraft. I staden spreier han ein udokumentert påstand om at organisasjonane er splitta i dette spørsmålet.


Påstand 16 (Roppen): «Uran er ein ikkje-fornybar ressurs»

Jorda er snart tom for uran, spreiing av atomteknologi kan vere kjempefarleg, og etter 80 år med atomenergi er vi framleis ikkje sikre på kva vi skal gjere med avfallet.

Kort forklart realitet 16 (Emblemsvåg)

Dette er ekstremt feil. Her er nok uran på jorda til å drive hele menneskeheten i 4 mrd. år.

Kjernekraftteknologi er svært godt overvåket i motsetning til mye annet. Fordi restmaterialet har så stor restenergi (over 90%) er det ingen som vil kvitte seg med det. De nye rektorene vil hente ut dette.

Kommentar II (Roppen)

Eg skal moderere meg, litt. Emblemsvåg har rett i at det er massevis av uran i vatn. Men om vi ser på uran som blir utvinne på landjorda blir det mindre og mindre igjen av det, og det blir dyrare og dyarare å utvinne. Men det Emblemsvåg truleg tenkjer på er at eksperiment med å hente uran ut av havvatn ein gong i framtida kan bli lønsamt. Per i dag er det på eksperimentstadiet og mykje dyrare enn å grave uran ut av jorda. Og i mellomtida bles vinden og sola skin. Så ingen veit om det blir lønsamt.

Vidare seier han at atomteknologien er betre overvåka enn mykje anna her i verda. Eg håper han har rett. Og så gjentek han påstanden om at atomsøppelet vil bli verdifullt ein gong i framtida.

Konklusjon: Emblemsvåg har rett i at det er mykje uran igjen på jorda. Men det er svært usikkert om det blir lønsamt å utvinne den.


Påstand 17 (Roppen): «Atomkremmarane seier atomkraft vil løyse energikrisa for alltid»

Ut frå avisreferat land og strand rundt ser vi at atomkremmarane har fått marknadsføre atomkraft som eit ufeilbarleg vedunderprodukt som skal løyse alle energikriser for alltid.

Kort forklart realitet 17 (Emblemsvåg)

Med 4 mrd års horisont er det klart at ingen andre kraftkilder har et slikt perspektiv. Det er selvsagt ikke ufeilbarlig eller noe vidunderprodukt. Som alt annet krever det sitt.

Kommentar II (Roppen)

Eg trur dei siste prognosane går ut på at sola skal skine ei god stund til. Om det blir kortare eller lenger enn 4 milliardar år veit ingen. Men vi er samde om at atomkraft ikkje er ufeilbarleg eller eit vedunderprodukt.

Konklusjon: Vi er nok stor sett samde her, så det er vanskeleg å sjå at påstanden vart tilbakevist.


Påstand 18 (Roppen) «Atomkraft er for godt til å vere sant»
Atomkraft skil seg dermed ikkje frå andre vedunderprodukt, og kjernen er vel: Det er for godt til å vere sant.

Kort forklart realitet 18 (Emblemsvåg)

Historien innen innovasjon inneholder mange slike produkter. I 1990 var det umulig å se hverandre på telefon – nå er det vanlig fordi man har løst tekniske utfordringer til svært lav kostnad.

Kommentar II (Roppen)

Her er vi vel på det punktet at vi snakkar forbi kvarandre. Emblemsvåg er sikkert ein teknologioptimist som reknar med at teknologien kan løyse dei fleste problem, berre ein får tid og pengar nok. Men atomindustrien har hatt enorme tekniske utfordingar på mange plan, så det krev sterk tru å vere optimist. Ikkje minst fordi sol- og vindkraft også tek i bruk ny teknologi med løysingar som viser seg å fungere med mykje mindre investeringar enn for atomindustrien.

Konklusjon: Emblemsvåg snakkar om noko anna – om mobiltelefonen. Påstanden er ikkje prøvd tilbakevist.

PS: Sluttord – Emblemsvåg

I siste del av artikkelen tilrår Emblemsvåg to artiklar som han meiner er glimrande døme på atomjournalistikk.

“Liebreich: We need to talk about nuclear power”, Bloomberg 3.7.2019
Reuters: “The Nuclear Aged”, 22.8.2023

Dei to døma er pussige på fleire måtar.

Den første artikkelen på Bloomberg er ikkje skriven av ein uavhengig journalist men er plassert under overskrifta «blog», som alle veit kva betyr. Skribenten Liebreich er blant anna også investor. Det er vanleg å skilje mellom journalistikk utført av uavhengige journalistar utan bindingar til temaet dei skriv om. Så å forveksle ein bloggande investor er ein uavhengig journalist syner vel helst at Emblemsvåg har gjort dårleg grunnarbeid eller ikkje kan elementær kjeldekritikk. Elles er artikkelen snart 5 år gammal, men vurderinga av SMR-kraftverka er kanskje framleis gyldig: Ingen veit om dei vil fungere før det har vorte investert milliardar av dollar i å prøve ut dei første.

Den andre artikkelen av Reuters viser mange av dei same poenga og fakta som eg har drøfta ovanfor. Som at dei franske atomkraftverka har hatt store tekniske problem og har vore ute av drift lenge. Men også at det er kjempedyrt å bygge nye atomkraftverk – så det er i praksis truleg berre å vedlikehalde dei gamle atomkraftverka som gir meining. Det er difor kanskje ikkje overraskande at Reuters-artikkelen ikkje nemner eit ord om nybygging av SMR-kraftverk.

Debatt-tråd

Atomkremmeriet: Atomkraftverk på kvart nes? - Johann Roppen, Sunnmørsposten – 21. mars 2024
Tilsvar fra professor Jan Emblemsvåg – KSU.NO – 26.mars 2024

Tilsvar fra professor Johann Roppen – KSU.NO – 05. april 2024

Tilsvar fra professor Jan Emblemsvåg – KSU.NO – 07. april 2024

Tilsvar fra professor Johann Roppen – KSU.NO – 19. april 2024

Tilsvar fra professor Jan Emblemsvåg – KSU.NO – 23. april 2024

Annonse
Annonse
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Geir Ole Sætremyr 19 timer siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEg har fått med meg alt, også at du konstruerer di eiga kuvøse for å dyrke agendaen din.Ja, eg har ...
Terje Sundsbø 20 timer siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrDu har ennå ikke fått med deg at jeg diskuterer KS2-rapporten, og utsagnene fra den? Referansegrunnlaget er like usikkert i KS2-rapporten ...
Geir Ole Sætremyr 1 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøDersom du har følgt med I timen har eg sitert frå dokumentet som SVV presenterte i oppstartsmøtet med skisse til ...
Terje Sundsbø 1 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrHvis det er svært få referanseprosjekt som kan verifisere kostnadskalkylene fra SVV, så gjelder jo det samme også for KS2-rapporten. ...
Geir Ole Sætremyr 2 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøKS2 rapporten uttaler eksplisitt at der er svært få referanseprosjekt som kan verifisere kostnadskalkylene frå SVV som ligg til grunn ...
Terje Sundsbø 2 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrDu tar fullstendig feil. Møreaksen i sin nåværende form er svært meningsfull. Derfor vil Høyre gjeninnføre E39 Vik-Molde i NTP. ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse